
Den 6. januar, dagen Olav Åsteson vaknar etter å ha sovna julaftan, markerer NRK Folkemusikk Draumkveddagen med ei lang sending vigd visjonsdiktet Draumkvedet. Gjennom 13 timar blir det sendt ei rekkje ulike framføringar og tolkningar, med ny start kvar heile time.

John Ole Morken og NRK Folkemusikk har Draumkved-dag. Foto: Robert Hansen/NRK.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
I Draumkvedet rir Olav Åsteson til kyrkja for å fortelje om «draumane mange» – ei ferd gjennom dødsriket, over brua som skil dei levande frå dei døde, og vidare til både himmel og helvete. Diktet har røter i mellomalderleg europeisk visjonsdikting, men dei mest kjende norske variantane er knytte til Telemark.
Dei eldste oppskriftene er frå 1840-talet, og det finst i dag over 100 nedteikningar av Draumkvedet, dei fleste som bruddstykke. Mange kjenner diktet gjennom Molke Moe si rekonstruksjon, der han freista å samle stoffet til ei meir heilskapleg form.
NRK Folkemusikk presenterer denne dagen eit breitt spenn av både tradisjonsnære og komponerte versjonar av Draumkvedet – frå solosong til større ensemble og orkesterverk. Alle framføringane startar kvar heile time.
| Tid | Utøvarar / verk | År |
|---|---|---|
| 09.00 | Aslak Høgetveit | 1966 |
| 10.00 | Bjørn Sigurd Glorvigen, Rasmus Kjorstad & Ådne Svalastog | 2025 |
| 11.00 | Kim Rysstad & Kringkastingsorkestret (KORK) | – |
| 12.00 | Ellen Nordstoga, Halvor Håkanes, Kåre Nordstoga, Alf Tveit & Per Egil Hovland | 1995 |
| 13.00 | Agnes Buen Garnås, Kåre Nordstoga, Knut Buen, Warren Carlstrøm & Harald Grundhus | 1984 |
| 15.00 | Ole Nilssen & Malin Alander | – |
| 16.00 | Arne Nordheim – komponert versjon | – |
| 17.00 | Arne Nordheim – komponert versjon | – |
| 18.00 | Petter Udland Johansen m.fl. | 2023 |
| 19.00 | Eivind Groven – komponert versjon | 1963 |
| 20.00 | Berit Opheim & Karl Seglem | 2009 |
| 21.00 | Johan Kvandal (1955) · Carl Gustav Sparre Olsen (1936) · David Monrad Johansen (1922) | – |
Utvalde program og sendingar er tilgjengelege i NRK TV:
Sist oppdatert
