
Gry Hoel gjer seg saman med mange andre oppdalingar klar til å starte året med festival denne helga. Ho starta sjølv å spele fele i vaksen alder, og håper miljøet stadig får nye rekruttar – også dei på hennar eigen alder. Gry er årets første gjest i fredagspraten.
Gry Hoel var festivalsjef for Landsfestivalen 2025. I helga er ho med og arrangerer Fjellfolk folkemusikkfestival på Oppdal. Foto: Kjellbjørn Karsrud
Tekst: Johanne Flottorp
I helga er det klart for den fjerde utgåva av Fjellfolk folkemusikkfestival på Oppdal. Gry Hoel er ein av eldsjelene bak festivalen, og styrer den saman med Annebjørg Smeby Sæther og Nina Hoel.
– Det starta opp som ei lita dansehelg for å få igang litt meir dans her, og for å få noko til å skje. Så blei det såpass populært og vellukka at me ville prøve å utvikle det. Me blei einige om å sette av andre helga i januar til akkurat dette, fortel Gry.
Januar er ein månad der det ikkje blir arrangert så mange festivalar i, men på Oppdal opplever dei at dette er ei gunstig tid for å samlast.
– Me har treft innmari godt på tidspunktet. Eg trur folk set pris på å komme igang med det nye året. Dei er ferdige med stress og kav før jul, og ferdige med julefri. Sola har snudd og folk vakner til liv igjen, seier Gry.
Festivalen blir arrangert på Oppdal turisthotell.
– Det er veldig enkelt å reise hit. Turisthotellet ligg der toget stoppar, så folk kan bare gå rett inn og så er dei på Fjellfolk. Det kjem mange musikarar og dansarar frå miljøet, men det er også andre interesserte som vil ut ein fredagskveld og få med seg litt dans. Eg er veldig glad for at det også kjem andre enn berre dei som tilhøyrer meinigheita, seier Gry og legg til at ho ventar folk både frå sør og nord, og frå Sverige.
Festivalen startar med krasjkurs i dans, før det er konsert med Ein heile halve maone, som er årets hovudattraksjon. Der skal folk sitje og berre bruke øyrene, og spare kreftene i beina – for etterpå er det dansespel frå to scener, og det held på til langt på natt.
På lurdagen er det nye kurs får både barn og vaksne, før det er noko som heiter dugurddans. Etter det blir det nonskonsert, med felestafett frå tre spelemenn. Det er også sjokoladekappleik for barna, og festmiddag, før det igjen er dans på to golv.
– Når me har vore på andre arrangement er det fleire av oss som har tenkt at alt er så fort over når me vakner på søndagen. Så derfor har me ein avslutningskonsert som er litt nedtona og litt dempa, fortel Gry.

Gry Hoel på Landsfestivalen i sommar. Foto: Privat
Namn: Gry Hoel
Fødd: 1975
Kjem frå: Oppdal
Bur på: Oppdal
Yrke: Avdelingsleiar i barnehage
Kvifor spelar du?
Eg byrja å spele i vaksen alder. Ungane mine spelte, så det er dei som har motivert meg. Det var då eg tok ei masterutanning for ein del år tilbake at eg byrja, eg måtte ha noko anna å gjere attåt, litt avveksling frå den. Nå har eg spelt i ni år.
Kva var den siste konserten du var på som publikummar?
Eg var på kyrkjekonsert i desember, med ulike aktørar frå Oppdal. Der var det litt forskjellige sjangarar, både litt gammaldans, klassisk og kor.
Viss du bare kunne høyrd på ei plate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
Akkurat nå trur eg at det må vere den nye plata til Geir Marius Thorud og Øystein Rudi, den har eg så under huda nå. Men elles kan eg nemne Bohemian Rhapsody av Queen og Greetings from Asbury Park av Bruce Springsteen. Eg er litt Springsteen-fan!
Nemn ei av dei største folkemusikkopplevingane du har hatt.
Det er mange, veit du. Men ei av dei er då Øyvind Sandum spelte «Hundreåringen» for første gong. Det var ein augneblink som trefte på heile registeret. Den er sørgmodig, vakker, alt på ein gong.
Kva ønsker du deg for folkemusikken og folkedansen i 2026?
Eg håper å treffe mange hyggelege folk, ikkje berre nå i helga, men elles i året også. Me blinker oss alltid ut nokre helger der me får møte gamle og nye kjente. Eit ønske er at me skal bli fleire, og kanskje også at det kjem fleire nye på min eigen alder. Litt rekruttering mot den aldersgruppa, hadde vore fint. Eg ønsker meg også meir folkemusikk og folkedans i barnehage og skule.
Sist oppdatert
