Folkemusikk logo
Logo

Nettbutikk, arkiv og opne dører på Folkemusikksenteret i Buskerud

Folkemusikksenteret i Buskerud har dei siste åra styrkt tilbodet sitt som møteplass for musikkfeltet. Frå i fjor fekk senteret eigen nettbutikk, samstundes som ein gjer eit tydeleg framstøyt for å invitere fleire musikkmiljø inn i huset på Prestfoss.

Folkemusikksenteret på Prestfoss kan reklamere med flotte omgjevnadar. Foto: Åshild Wetterhus.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Nettbutikken gjer det mogleg å sjå kva som er på lager og bestille varer raskt og enkelt. Her finn ein mellom anna bøker – særleg knytte til song, dans og spel i Buskerud – samt hardingfelestrenger, strenger til kraviklyre, harpiks, snert til langeleik og stemmeapparat. Folkemusikksenteret har gjennom mange år hatt sal av strenger og tilbehør, og nettbutikken er ei vidareføring av dette arbeidet i digital form.

– Vi ønskjer å auke den kulturelle aktiviteten her på huset, og invitere alle typar musikkmiljø velkomne til å bruke Folkemusikksenteret som arena, seier folkemusikkonsulent i Buskerud, Åshild Wetterhus.

Ho peikar på at behovet for musikkarenaer vart tydeleg løfta fram i den første NOU-en om musikkfeltet, som vart offentleggjord sommaren 2025.

– I tråd med dette vil vi minne om at Folkemusikksenteret kan vere eit eigna møtestad – enten det handlar om øvingshelger, kunstnaropphald, kurs, møteverksemd eller preproduksjon.

Sidan 2019 har Folkemusikksenteret vore etablert som Artist in Residence, og har hatt ei rekkje arbeidsopphald for musikarar i ulike sjangrar. Her har både folkemusikarar, jazzutøvarar, klassiske musikarar og elektroniske artistar arbeidd, mellom anna i samband med bestillingsverk for Monument-festivalen.

– Utøvarane trekkjer særleg fram fordelane ved at alt ligg under same tak: overnatting for opptil 20 personar, kjøkken, øvingsrom, studiofasilitetar og eit rikt folkemusikkarkiv. Mange legg også vekt på dei uforstyrra omgjevnadene og romslege lokala, som gjer det mogleg å jobbe intensivt og «vere i bobla».

Folkemusikksenteret rommar også eit omfattande folkemusikkarkiv med kring 25 000 lydopptak, i tillegg til store samlingar av bilete, film, avisartiklar, notar og gjenstandar. Biblioteket tel nær 500 titlar innan folkekultur og lokalhistorie, og arkivet har ei av dei største samlingane av publiserte folkemusikk-CD-ar i landet. I eige lyttarom kan ein arbeide uforstyrra med materialet, sjølv om nettbasert søk enno ikkje er på plass.

Senteret har dessutan lydstudio med lydisolert innspelingsrom på 14 m² og linjer til storsal på 80 m². Studioet er utstyrt med mikrofonar frå mellom andre Neumann, Audio-Technica, Shure og Sennheiser, og ligg i ei stor treetasjes bygning med kjøkken, øvingsrom og overnatting for opptil 30 personar. Dette gjer huset godt eigna for lengre innspelingsprosjekt, arbeidsopphald og førebuing til turnear.

– Kanskje kjenner lesarane av folkemusikk.no musikarar som treng kurslokale med overnatting, møteplass eller øvingsrom? Då er dei hjarteleg velkomne til å ta kontakt. Vi kan tilby svært rimelege leigeprisar, mykje plass, eit hus med sjel – og gratis parkering. Samstundes er det berre ein time frå Drammen og knappe to timar frå Oslo, seier Wetterhus.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024