Folkemusikk logo
Logo

Unge krefter styrer Vinterkappleiken i Rauland

Magnhild Moen Helland og Syver Rolandsgard Hauge er årets kappleiksgeneralar for Vinterkappleiken på Rauland. Midt i Vinterfestivalen i februar er det folkemusikkstudentane ved USN som står for både planlegging og gjennomføring av den etter kvart tradisjonsrike kappleiken.

Magnhild Moen Helland og Syver Rolandsgard Hauge er sjølve røynde kappleiksutøvarar, og har i år ansvaret for å arrangere Vinterkappleiken i lag med førsteårsstudentane i Rauland. Foto: Privat.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Vinterkappleiken som går av stabelen på Raulandsakademiet, har ikkje berre eit ungdommeleg preg på utøvarsida. Også arrangørstaben består i hovudsak av studentar. Folkemusikkstudentane ved USN campus Rauland har nemleg kappleiken som arbeidskrav i studiet, og det gjev arrangementet eit særpreg, både fagleg og sosialt.

Årets kappleiksgeneralar, Magnhild Moen Helland og Syver Rolandsgard Hauge, har hovudansvaret for oversikta. Dei forklarer at rolla handlar om å ha kontroll på alt som må gjerast før og under sjølve tevlinga – frå planlegging til gjennomføring. Mykje av arbeidet blir delegert vidare til klassekameratar, medan generalane fungerer som eit slags overoppsyn.

– Vi må vite kva oppgåver som skal gjerast, og kven som gjer dei, både i forkant og undervegs, forklarer dei. At ansvaret er delt på to, gjer arbeidet meir overkomeleg, og oppgåvene er fordelte etter både interesse og erfaring.

Vinterkappleiken går av i stabelen i februar, men ein kan allereie no melde seg på. Foto: Privat.

Låg snittalder på arrangørsida

Det som kanskje skil Vinterkappleiken mest frå andre kappleikar i landet, er nettopp kven som står bak. Ifølgje generalane er dette truleg kappleiken med lågaste snittalder blant arrangørane i Noreg.

Det set preg på både gjennomføringa og det sosiale rundt tevlinga. Mange av studentane har ikkje vore på kappleik før, korkje som deltakarar eller publikum. Difor blir ei viktig oppgåve for dei meir erfarne å forklare heile systemet – frå A til Å – slik at alle forstår korleis ein kappleik fungerer i praksis.

– Då flyt det betre på sjølve kappleiksdagen, særleg om det oppstår problem undervegs, seier Helland og Hauge.

For årets utgåve har generalane ikkje lagt opp til store endringar, men heller prioritert trygg og smidig gjennomføring. Målet er å unngå stopp i tevlinga.

Eit konkret grep er å alltid ha ein «backup»-deltakar klar bak scena, slik at ein kan sende nokon ut om det stoppar opp i kulissane. På den måten kan konkurransen halde jamn rytme, sjølv om det skjer ting som publikum ikkje merkar.

– Det skal sjå ut som tevlinga flyt, sjølv om det kanskje er litt kaos bak scena, smiler dei.

Breitt klassespekter

I år kan deltakarane konkurrere i ei rekkje klassar: durspel, eldre folkemusikkinstrument, fele, hardingfele, halling, pardans, lagdans, lagspel, open klasse (solo og samspel) og vokal. Det er sett opp junior- og seniorklassar.

Påmeldingsfristen er i utgangspunktet 7. februar, men arrangørane opnar for at ho kan bli stengd tidlegare dersom det kjem mange påmeldingar. Vinjesalen skal nemleg brukast til dans og konsertar seinare på kvelden, mellom anna med Pumpegris, og kappleiken må vere ferdig innan rimeleg tid.

Allereie no har det begynt å renne inn påmeldingar, noko generalane tolkar som eit godt teikn.

Av premiar trekkjer dei fram to tradisjonsrike vandrepremiar. Den eine er ein trefigur – ein bjørn – som går til beste junior uansett klasse. Kven som har laga figuren, er ukjent, og generalane meiner det nesten er ei lita nøtt for lesarane av folkemusikk.no.

Den andre er ein tinnpokal som går til beste Gibøspel. I fjor var det ingen som fekk napp i pokalen, noko som gjer årets tevling ekstra open.

– Her er det berre å trø til, seier generalane.

Les meir om Håvard Gibøen i denne teksten av Per Anders Buen Garnås. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Ulovleg med sjokoladekappleik(!)

Å arrangere kappleik gir studentane mykje praktisk røynsle. Alle får innsikt i heile prosessen, frå planlegging til gjennomføring. Det gjer arrangementet meir robust dersom noko går gale på kappleiksdagen.

Samtidig dukkar det opp uventa utfordringar. I år har studentane mellom anna støytt på problem rundt den tradisjonelle «sjokoladekappleiken», som skal gå føre seg før hovudkappleiken. Nye reglar frå 2025 gjer det nemleg ulovleg å marknadsføre usunn mat og drikke til barn og unge.

Dermed må arrangørane finne eit nytt namn på arrangementet.

– Er det ikkje det eine, så er det det andre, ler dei, og konstaterer at utfordringane er både varierte og lærerike.

Vinterfestivalen går av stabelen i flotte fasilitetar på Raulandsakademiet. Foto: Privat.

Del av Vinterfestivalen

Vinterkappleiken er ein del av Rauland Vinterfestival, som går føre seg same veka. Festivalen byr på kurs, konsertar og dansespel, og generalane meiner publikum kan sjå fram til fulle dagar på Raulandsakademiet.

– Det blir eit variert program både på kappleiken og elles i festivalen. Dette er noko ein ikkje vil gå glipp av, meiner Helland og Hauge.

Sjølv håpar dei å få med seg litt av programmet, trass i mykje ansvar. Syver Rolandsgard Hauge har særleg peika på platesleppet Patina og konsert og kåseri med Knut Buen og Johan Vaa som høgdepunkt.

Til dei som aldri har vore på Vinterkappleiken før, har generalane ei klar oppmoding:

– Ikkje ver i tvil. Sjekk ut festivalprogrammet og ta turen. Du kjem ikkje til å angre.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024