
I januar 2026 kjem ei etterlengta utgiving med ein av dei store skikkelsane i norsk folkemusikk: Per Bolstad (1875–1967). Plateselskapet Aksent gir då ut eit dobbeltalbum med unike originalopptak frå perioden 1939–1958, i samarbeid med NRK og Spelemannslaget Fjelljom i Stryn.

Per Bolstad er ein legendarisk skikkelse i norsk runddansmusikk - no kjem han endeleg på plate.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Bolstad er mest kjend som komponist, med kring 600 danser i gammal stil, men han var òg ein sentral tradisjonsberar for eldre felespel frå Sunnmøre og Nordfjord. Med denne utgivinga får publikum for første gong høyre «originalen» i større omfang.
– Sjølv om Bolstad er eit viktig omgrep for både utøvarar og publikum, er det i dag dei færraste som har høyrt han sjølv spele, seier Håvard Svendsrud i plateselskapet Aksent.
– Eg er svært glad for å kunne presentere denne buketten av unike opptak med Bolstad sjølv. Ensemblet hans har eit lydbilete innan gammaldansen som dei færraste kjenner til i dag. Berre det i seg sjølv er verdifull kulturhistorie.

Håvard Svendsrud er utgjevar. Foto Ragnhild Elnæs.
Dobbel-CD-en viser fram både tradisjonsberaren og komponisten.
CD 1 inneheld soloopptak med eldre tradisjonsstoff, særleg slåttar Bolstad hadde etter faren, Per Mathiassen Bolstad (1833–1910), og andre spelemenn. Her kjem den historiske spelestilen frå Nordvestlandet tett på lyttaren.
CD 2 løftar fram Per Bolstads eigne komposisjonar, både solo og saman med det legendariske ensemblet hans. Mellom anna får ein høyre originalinnspelingar av «Fagre Stryn», «Meistervalsen» og «Det glade Ålesund».
Opptaka er henta frå NRK-arkivet og private innspelingar gjort av Alfred Bismo og Egil Røssaak på 1950-talet. Musikalsk utval er gjort av Arne M. Sølvberg og Håvard Svendsrud.
Arne M. Sølvberg peikar på at Bolstad si rolle som tradisjonsformidlar ofte har kome i skuggen av komponistgjerninga.
– Dei fleste i dag tenkjer på Per Bolstad som komponist, men få er klar over at han er ein av spelemennene på Nordvestlandet som har spelt inn flest gamle springarar og tradisjonsslåttar til NRK sitt arkiv, seier Sølvberg.
– Dermed hindra han at mykje stoff gjekk i grava. No kan vi få nyte desse slåttane frå Per Bolstad sitt gneistrande felespel, og namnet hans får endå friskare gullglans for ettertida.
Sølvberg trekkjer òg fram verdien av å høyre korleis meistrane sjølve spela.
– Som spelemann har eg hatt aukande interesse for å høyre korleis dei gamle meistrane trakterte instrumenta. Denne gongen får vi eit ekstra fokus på Bolstad som formidlar av slåttar i tradisjon etter faren og andre spelemenn.

Bolstad hindra at mange slåttar forsvann ut av tradisjonen, fortel Arne Sølvberg. Foto: Phil Keen.
Utgivinga blir markert med lanseringskonsertar både i Stryn og Ålesund.
I Stryn laurdag 24. januar spelar Spelemannslaget Fjelljom tre konsertar:
– Stryn kulturhus kl. 11.00
– Olden bygdetun kl. 14.00
– Vikane omsorgssenter kl. 17.00
Sundag 25. januar blir det plateslepp med konsert og dans på Fabrikken Kulturscene i Ålesund, arrangert av den nye konsertserien Folk i Ålesund.
Kristina Farstad Bjørdal ser Bolstad-kvelden som ei sterk opning.
– Å opne Folk i Ålesund 2026 med ein Bolstad-kveld er både eit fagleg og kjenslemessig sterkt val, seier ho.
– Bolstad representerer ei heilt grunnleggjande rot i tradisjonsmusikken på Nordvestlandet. Samstundes er han for mange eit namn ein har høyrt om, men aldri eigentleg høyrt.

Kristina Farstad Bjørdal og konsertserien Folk i Ålesund startar året med Bolstad-lansering. Foto: Aalesund Folk Festival
Ho meiner originalopptaka gir publikum ein sjeldan inngang til sjølve kjelda.
– Når vi kan løfte fram lydmateriale frå ein felespelar som spelte til dans alt på 1880-talet, får publikum kome tett på tradisjonen. Det gir både historisk djupn og kunstnarleg tyngd, og set tonen for kva Folk i Ålesund ønskjer å vere: ei bru mellom fortid, notid og framtid i folkemusikken.
På konserten i Ålesund medverkar Arne M. Sølvberg og Håvard Svendsrud, saman med Marius Berglund (durspel), Spelemannslaget Fjelljom og gammaldansorkesteret TA.
Med dobbelutgivinga av Per Bolstad får både utøvarar og publikum eit nytt høve til å lytte seg heilt inn til ei av dei viktigaste kjeldene i folkemusikken på Nordvestlandet.
Sist oppdatert
