
Denne veka vart podkasten «Tidskapselsens hemmelighet» gjord tilgjengeleg på NRK. På fredag blir det heile fylgd opp på «Norge Rundt» – denne gongen med flunkande nye voksrullopptak frå garden Jørisdal i Hovin.
Programleiar i NRK Folkemusikk, John Ole Morken, og voksrullekspert Rolf Christian Holth Olsen, gjer seg klare for voksrullinnspeling på Jørisdal, om lag 122 år sidan førre gong.
Ein minireportasje av redaktør Kjellbjørn Karsrud
For godt og vel eitt år sidan vart eg innvigd i eit heilt spesielt prosjekt. John Ole Morken i NRK Folkemusikk kunne fortelja at han og kollega Aaste Kveseth jobba med å få digitalisert og kartlagt historia til nokre fonografrullar, ofte kalla voksrullar, som var lagra heime på garden Kveseth kjem frå, i Tinn i Telemark.
John Ole Morken og Aaste Kveseth står bak det sensasjonelle funnet og programserien "Tidskapselens hemmelighet" på NRK. Her med panoramautsikt til Tinnsjøen frå Jørisdal. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Foranledninga har vore draumen om å finne legendariske opptak med gamle hardingfelespelemenn både i innland og utland. Det går enno rykte om at det skal finnast tidlege fonografopptak med både Lars Fykerud (1860-1902) og Eivind Aakhus (1854-1938), utan at dei har dukka opp så langt. Men på 80-talet vart voksrullopptaka teknologipioneeren Narve Skarpmoen gjorde med numedølane Steinar Gladheim og Torstein Odden i 1903 på fonografen sin kjende gjennom Leiv Solberg. Desse vart i si tid berga frå skrotdynga ved ein tilfeldigheit. Visstnok hadde fleire kasser då allereie vorte destruerte då samlaren Tom Valle fekk berga den siste.

Narve Skarpmoen var ein pioner både med fonograf og fotografi. Foto: Nasjonalbiblioteket.
Dei nye voksrullopptaka skriv seg frå garden Jørisdal i Hovin og skal vera gjorde 14. mars 1904. Her budde ein levemann som jamleg hadde spelemenn innom, og der var det gjerne livat med turing og god stemning. I denne samanhengen dreier det seg om tre spelemenn, to namngjevne og den siste usikker, i tillegg til ein kvedar. Det blir spekulert i om Skarpmoen kan vera mannen også bak desse opptaka.
Den spennande historia om korleis Morken og Kveseth gjekk fram både for å avdekke historia bak rullane, kalle fram att lyden frå desse «tidskapslane» samt detektivarbeidet med å finne ut kven utøvarane er, bør absolutt med eit snev av interesse for folkemusikk og historie få med seg!
På tysdag hadde Morken samla saman fleire spelemenn og kvedarar med forankring i den lokale tradisjonen. I tillegg hadde han invitert med seg Norge Rundt-redaksjonen med Even Lusæter i spissen, samt Folkemusikk-redaktøren. Me fekk innpass i stova der rullane med stort sannsyn vart spelte inn i si tid, på garden Jørisdal hjå den velvillige verten Ole John Hostveidt.
Even Lusæter er for tida programleiar i Norge Rundt. Her gjer han seg klar til intervju med Unni Boksasp og Malin Røysland Skårberg. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Anledninga var denne gongen høvet til nyinnspeling på voksrull i lag med fonografeksepert Rolf Christian Holt Olsen. Morken hadde for høvet spesialbestilt 40 flunkande nye voksrullar frå Texas, ja, det finst eit gryande fonografmiljø på andre sida av Blåmyre òg.
John Ole Morken med nokre av dei spesialbestilte voksrullane frå Texas. Kvar rull varar i cirka 2 minutt, og du får berre eitt forsøk på å spela inn. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Dei som fekk prøve seg som voksrullartistar denne gongen var Per Anders Buen Garnås, Lars-Ingar Meyer Fjeld, Malin Røysland Skårberg, Unni Boksasp, Even Tråen og redaktøren sjølv. Buen Garnås var fyrst ut, og det var ei heilt spesiell spenning som breidde seg i rommet då han gjekk fram og introduserte Luråsgangaren "Han dryfte godt spelet Knut".
Kvaliteten på opptaka var overraskande bra var konklusjonen, sjølv om lydteknikkaren meinte at potensialet var endå høgare. Det er fleire forhold som spelar inn, ikkje minst temperatur og slitasje på både rull og stift.
Lars-Ingar får høyre sin eigen voksrullversjon av springaren Rjukanfossen - ein av låttane som vart spelt inn på Jørisdal i 1904. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Konseptet med ein fonograf er rett og slett at du spelar inn i ein tut, og lydbølgene får ein membran til å svinge som då med ei nål skjer lydbølger inn i voksrullen. Den same membranen svingar over lydspora og skapar lyd attende gjennom den same tuten når du vil høyre sluttresultatet. Glanstida til voksrullen var på 1890- og starten av 1900-talet, då han vart utkonkurrert av grammofonen.
Kanskje kjem me dit at me igjen får folkemusikkproduksjonar på voksrull? John Ole Morken har allereie leika litt med tanken. I visse miljø i USA har visst band gjeve ut fonografplater i seinare tid. Lyden av voksrull gjev eit ærleg og autentisk bilete - i eit tid der strøymetenestene i eit endelaust profittjag får generert innhaldslaus KI-musikk som fjernar musikken vekk frå opphavet.
Slik høyrest Rjukanfossen nyinnspelt med Lars-Ingar Meyer Fjeld ut:
Seansen på tysdag, podkasten og ikkje minst dei relanserte og nyrestaurerte Rikard Berge-opptaka med Dahle-spelemennene i Tinn, Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. har ført til ein aldri så liten voksrullrenessanse på nyåret 2026. Det minner oss også om at det er særs viktig å gjera ein grundig sjekk på gamle loft om det kan finnast meir. Det er meir sannsynleg at det finst meir gull der ute, enn at det ikkje gjer det.
Les meir i neste nummer av Folkemusikk!
Sist oppdatert
