
Folkemusikkgruppa SKROT med utspring frå Ole Bull-akademiet slepper i januar debutplata Steg på Melovitten. Med runddans i botn og opne dører mot fleire sjangrar, byr dei seks musikarane på ei gammaldansplate med stor spelglede.

Gruppa Skrot, med medlemmer frå Vågå, Lom, Heidal, Vinstra, Ringsaker og Aure, er no klare for å sleppe debutplata si. Foto: Thor Hauknes.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
I dag kjem SKROT sitt første album, Steg. Etter gode attendemeldingar på singlane «Risan» og «Tri år i Sorperoen», komponerte av tre av gruppemedlemmene, er dei no klare med heile plata.
SKROT har utspring frå Ole Bull-akademiet på Voss og består av seks unge musikarar med sterke røter i runddansmusikken. Samstundes er dei ikkje redde for å utfordre tradisjonen med impulsar frå andre sjangrar. På Steg møter ein både tradisjonelle og nykomponerte melodiar, arrangert for trekkspel, feler, gitar og kontrabass – med innslag av både cittern og hardingfele.
Resultatet er ei variert gammaldansplate der presisjon og overskot går hand i hand.
– Vi ønskjer å setje fokus på både tradisjonelt materiale og nykomponert musikk, der vi alltid har eit mål om å skape eit energisk, lyttbart og heilt eige lydbilete, seier trekkspelar Vegard Hansen.
Gruppa legg vekt på at kvar musikar sin stil skal kome tydeleg fram, gjennom groove, samspel, leik og rom for improvisasjon. Musikkelskar og gammaldansentusiast Øyvind Sandum meiner SKROT treff noko viktig i sjangeren.
– Det er noko med folk som har den eigenskapen at dei greier å gjere bruksmusikk både dansbar og
meget lyttbar. Det greier SKROT.
Sandum skildrar Steg som ei plate ein kan vende attende til fleire gonger – nærast ei «referanse-gammaldansplate», der kvar gjennomlytting opnar for nye detaljar og lag i musikken. Han meiner arrangementa hentar impulsar både frå trekkspeltradisjonen, bluegrass, pop, rock og country, og at SKROT greier å samle dette på ein overtydande måte.
Plata blir lansert med fleire konsertar og dansefestar. Laurdag 24. januar inviterer SKROT til plateslepp på Rudi gard på Sør-Fron med både konsert og stor dansefest, der mellom andre Nye Ringnesin, Skultbakkalaget og fleire lokale spelmannslag deltek. Deretter står Riksscenen i Oslo for tur 29. januar under festivalen DANS DANS DANS, før gruppa avsluttar lanseringsrunden på Folkemusikktreffen i Vågå 6.–7. februar.
Steg kjem på alle strøymetenester og som fysisk CD på Melovitten.
Utøvarar:
Ragna Valde Sletten – fele, hardingfele
Ane Stakston Aasen – fele, hardingfele
Steinar Odde – trekkspel, gitar
Vegard Hansen – trekkspel
Semon Harerusten – gitar, cittern
Simen Håland – kontrabass
Gjesteartist: Bjørn Kåre Odde – bratsj
Produsent er Bjørn Kåre Odde, og plata vart spelt inn på Valde i Vågå våren 2025 med Vegard Moshagen bak miksebordet.
Sist oppdatert
