
I fjor kom Rolv Brimi ut med ei bok der han har samla godt og vel 300 av runddanslåttane etter far sin, Hans W.

Hans W. Brimi i NRK-studio saman med kvintetten sin, blant desse Amund Bjørgen. Foto lånt av Rolv Brimi.
Tekst: Redaksjonen
Redaktør Kjellbjørn Karsrud fekk ein prat med Rolv Brimi før jul. Dette resulterte i denne podkastepisoden som er krydra med nokre arkivopptak Brimi har spora opp med gruppa til faren, Hans W. Brimis kvintett, etter nokre runder med godt, gamaldags arkivdetektivarbeid.

Rolv Brimi har gjort unna nok eit bokprosjekt. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Brimi fortel her om korleis han gjekk fram for å samle stoffet, samt noko om gamaldanstradisjonane i Gudbrandsdalen generelt og Lom spesielt. I tillegg får me både artige historier frå dei mange turneane faren var på i lag med gruppa og refleksjonar om utviklinga når det gjeld runddanstradering.
Sjølve boka, som er omtala i Folkemusikk 4/2025, inneheld både ei forteljing om korleis Hans W. Brimi sin kvartett – etter kvart kvintett, kom til. Ein finn elles låttar av dei vanlege gamaldanstypane her til lands, vals, reinlender, masurka og skotsk (som polka/galopp heiter i Ottadalen). Ho kan tingast her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

I haust realanserte elles Melovitten to av LP-platane Hans W. Brimis kvartett (fyrste plata) og kvintett (andre plata) spelte inn. Desse er dermed tilgjengelge på strøymetenester.
Høyr "På ball i Lom" her:
Høyr "Gamaldans under Lomseggen" her:
Sist oppdatert
