
Gunnlaug Lien Myhr frå Gol og Martin Myhr frå Trysil er tildelt prisen Årets ildsjeler 2025 under eit av arrangementa i regi av folkedansfestivalen Dans Dans Dans i Oslo. Juryen heidrar dei for eit livslangt engasjement for folkemusikk og folkedans, særleg retta mot barn og unge i Hallingdal.

Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr fekk i kveld årets eldsjelpris under festivalen Dans, dans, dans. Foto: FolkOrg.
Tekst: Pressemelding/Redaksjonen
Sidan 1980-talet har Gunnlaug og Martin spela, dansa og undervist over store delar av landet, mellom anna gjennom Rikskonsertene. Gunnlaug har vunne kongepokal på Landskappleiken og fleire klasse A-titlar i dans hardingfele, medan Martin har sju sigarar på Landskappleiken i halling og har vore med på å etablere folkedans som profesjon.
– Saman har dei lagt ned ein ekstraordinær innsats for å gi barn og ungdom eit tilbod i folkemusikk og folkedans, legg juryen vekt på.
Vinteren 1996 starta dei undervisning på ungdomshuset Hugnadheim på Torpo, med pardans, halling, kveding, langeleik og hardingfele. Dette arbeidet held dei fram med i dag, og Hugnadheim har vorte ein sentral møteplass for ungdom frå heile Hallingdal og Sør-Noreg.
Sjå Martin Myhr og Gunnlaug Lien Myhr fortelja om miljøet på Hugnadheim i denne filmsnutten som vart vist på Extratrekninga i 2022.
Gjennom kurshelga Storhelg i Hallingdal og Hallingdal Juniorspelemannslag har dei inspirert hundrevis av unge til å lære dans og spel, og fleire av desse har vunne Landskappleiken i både junior- og seniorklassar. I 2007 gjennomførte dei eit prosjekt i alle ungdomsskulane i Hallingdal, der alle 800 elevar fekk opplæring i hallingspringar, og dei er stadig aktive på skule- og barnehageturnéar.
.jpg)
Frå prisutdelinga i kveld. Foto: Runhild Heggem/ Dans Dans Dans.
– Gunnlaug og Martin har med sitt engasjement ikkje berre skapt dyktige utøvarar, men også styrkt lokalt kulturmedvit og stoltheit over tradisjonane i Hallingdal. Prisen Årets ildsjeler 2025 er ei anerkjenning av ein livslang innsats som har satt varige spor i lokalmiljøet, slår juryen fast i grunngjevinga.
Juryen har bestått av representantar frå Riksscenen, FolkOrg, Samspill, Danseinformasjonen, Bygdelagssamskipnaden og kulturseksjonen i Ål kommune.
Sist oppdatert
