Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikken pregar fleire kategoriar på Spellemann

I dag blei dei nominerte til Spellemann 2025 offentleggjorde. I klassa for tradisjonsmusikk finn me fire varierte plater frå musikkåret som gjekk. Men også i andre kategoriar var folkemusikken sterkt representert.

Dei nominerte i tradisjonsmusikk.

Dei nominerte i tradisjonsmusikk. Foto: Guro Sommer (Hekate), Flora Wiederkehr (Malmin med Åshild Vetrhus og Qvam/Plassen) og Margit R. Omholt (Kenneth Lien og Center of the Universe).

Tekst: Redaksjonen

Tidlegare denne veka blei det kjend at NRK igjen skal sende Spellemann på TV, etter fleire år der utdelinga har blitt sendt på andre flater.

Utdelinga i år skjer på Den norske opera og ballett i Oslo søndag 22. mars. Det var også på Operaen at dei nominerte blei avslørt på ein pressekonferanse i dag.

I klassa for tradisjonsmusikk er desse fire nominerte:

Hekate – Evigheten forestår

Malmin med Åshild Vetrhus

Kenneth Lien & Center of the Universe – Norwegian Electronic Folk Music

Qvam/Plassen – Stråk

Men folkemusikken er også godt representert i andre sjangar.

Valkyrien Allstars er nominert i kategorien Vise for albumet Vente på noen som venter på noen. Dette albumet fekk dei Folkelarmprisen i Åpen klasse for i november.

Benedicte Maurseth er nominert til Tonos komponistpris. Ho er også nominert i Åpen klasse for albumet Mirra. Der har ho selskap av Ævestaden med albumet Ni blomster i en åker, og Erlend Apneseth med albumet Song over støv.

Felespelar Olav Mjelvas folkmetalprosjekt Afargang, med albumet Andvake, er nominert i kategorien Hardrock og metal. I 2009 fekk han Spellemann i kategorien Folkemusikk.

Folkemusikaren Eilif Gundersen er også nominert saman med bandet Wardruna til årets internasjonale suksess.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024