Folkemusikk logo
Logo

Vil utfordre kappleiken – inviterer til seminarhelg med debatt og dommarkurs

Korleis dømmer ein eit repertoar i endring? Korleis byggjer ein trygge, inkluderande miljø i folkemusikken? 7.–8. mars inviterer FolkOrg til seminarhelg på Riksscenen, med debatt, dommarkurs og sosial dansehelg for heile folkemusikkfeltet.

Frå dommarseminaret for to år sidan då heile 70 deltakarar dukka opp blant anna for å få med seg Tom Willy Rustad og Rikke van Ommeren sitt fagseminar om dømming i lagspel og gruppespel med vekt på runddans. Foto: FolkOrg.

Tekst: Redaksjonen

– Denne seminarhelga er for alle som er glade i tevling på kappleik og festival, seier Ingeborg Ulberg Sommer og Liv Annette Nygjerdet som jobbar i FolkOrg-administrasjonen.

Dei understrekar at ein ikkje treng å definere seg som dommar for å delta.

Finn meir informasjon om seminarhelga på FolkOrg sine sider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

– Mange kan vere nysgjerrige på korleis dommarane arbeider, utan at dei nødvendigvis har planar om å dømme sjølve. Her får ein høve til å teste om dommargjerninga er noko ein kan trivast med. Det er viktig å presisere at dommarseminaret ikkje er ei sertifisering, men eit rom for fagleg påfyll og refleksjon.

Kvart år trengst det fleire titals dommarar på kappleikar og festivalar rundt omkring i landet. Dermed har FolkOrg ei stor oppgåve med å få rekruttert nye dommarpanel. Her er dommarpanelet i SuperD frå Landskappleiken i Eidfjord: Sigrid Randers-Pehrson, Stig Nilssen og Olav L. Mjelva. Foto: Liv Annette Nygjerdet.

 Overordna tema for dommarseminaret er repertoar. Spørsmålet som opnar heile helga er spissa formulert: «Er tevlingssituasjonen for konservativ?»

– Repertoar er alltid aktuelt. Mange har sterke meiningar om kva som høyrer heime på kappleiksscena. Vi ønskjer å setje ord på desse diskusjonane og invitere til open samtale om både tradisjon og utvikling, seier dei.

Fagleg fordjuping i spel, dans og vokal

Seminarprogrammet gir deltakarane moglegheit til å fordjupe seg i eigne fagområde. I spel møter ein Sivert Holmen og Rikke van Ommeren, i dans Mette Vårdal og Ellen Persvold, og i vokal Berit Opheim.

Den rutinerte kappleiksdomaren Ellen Persvold, her frå Landskappleiken på Gol, er ein av kurshaldarane på dommarseminar. Foto: Knut Utler.

 – Her går vi djupare inn i problemstillingar knytte til dømming innan dei ulike uttrykka. Det blir både faglege innlegg, diskusjonar og prøvedømming, fortel Sommer og Nygjerdet.

Prøvedømminga har vore spesielt etterspurd ved tidlegare seminar.

– Det å få øve seg og diskutere vurderingar i fellesskap gjer at fleire kjenner seg tryggare i rolla.

Satsing på ungdommar og levande møteplassar

Parallelt med dommarseminaret blir det arrangert eige kurs i organisasjonsarbeid for ungdom.

– Barn og unge er ei veksande medlemsgruppe i organisasjonen. Ved årsskiftet hadde vi over 1100 medlemmar under 26 år. Då er det naturleg at dei også får høve til å påverke retninga vidare, seier dei.

Satsinga handlar både om representasjon og framtidig rekruttering.

– Når ungdom får ansvar og reell påverknad, styrkjer det eigarskapen og engasjementet.

På programmet står også tryggleik, samhald og inkludering, i samarbeid med Balansekunst.

– Det musikalske står sjølvsagt sterkt, men miljøet rundt er minst like viktig. Vi ønskjer eit folkemusikkmiljø som er trygt og inkluderande på tvers av generasjonar.

Det blir fullt trøkk på Riksscenen med dansefest der 3-B, Over Stok og Steen og Buss for tog spelar. Foto: Riksscenen.

 At seminarhelga er lagt til Riksscenen, med konsertar, plateslepp og dansefest som del av ramma, ser dei som ein styrke.

– Det faglege og det sosiale heng saman. Vi håpar folk frå heile landet tek turen, både for å diskutere, lære og for å oppleve god musikk og danse i lag.

Fakta: Seminarhelg i FolkOrg

Tid:
7.–8. mars 2026

Stad:
Riksscenen, Oslo

For kven:
– Alle som er interesserte i dømming av spel, vokal og dans
– Ungdom (15–25 år) med interesse for organisasjonsarbeid

Innhald:
– Dommarseminar med tema repertoar
– Panelsamtale: Er tevlingssituasjonen for konservativ?
– Prøvedømming og faglege spor i spel, vokal og dans
– Ungdomsspor om tillitsverv og organisasjonskompetanse
– Tema om tryggleik, inkludering og samhald

Instruktørar:
– Spel: Sivert Holmen og Rikke van Ommeren
– Dans: Mette Vårdal og Ellen Persvold
– Vokal: Berit Opheim

Sosialt program:
Konsertar, plateslepp, kræsjkurs i dans og stor dansefest på Riksscenen.

Pris inkl. servering og lunsj begge dagar:
– Seminarhelg for medlemmer kr 350,-
– Seminarhelg for ikkje-medlemmer kr 650,-
– Ungdomskurs: Gratis for medlemmar (begrensa plassar)

Påmeldingsfrist:
27. februar

Overnatting:
Rabattkode på Anker Hotell etter påmelding (avgrensa kapasitet).

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024