
Landskappleiken kjem for fyrste gong til Setesdal og Hovden 24.–28 juni. Arrangørane førebur ein kompakt og nyskapande kappleik med både nye løysingar og sterke lokale krefter i ryggen.
Knut Erik Jordstøyl og Eivind Tanche-Larsen Knutsen er høvesvis hovudnemnsleiar og tevlingssjef under Landskappleiken på Hovden som går av stabelen i slutten av juni. Foto: Kjellbjørn Karsrud
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Det er høg aktivitet i dalen i forkant av kappleiken i slutten av juni. Hovudnemndsleiar Knut Erik Jordstøyl fortel at arrangementet allereie har fått merkbare ringverknader lokalt.
– Det er meir satsing på barn og unge no, fordi dei har eit konkret mål å arbeide fram mot. Mange flinke foreldre og mykje dugnadsfolk spissar seg inn mot Hovden, seier han.
Sjølv bur Jordstøyl i Vinje kommune, men har teke på seg leiinga av arrangementet etter at Setesdal spelemannslag fekk tildelt kappleiken. Han melde seg opphavleg til teneste som tevlingsleiar, men gjekk etter kvart inn som leiar då behovet melde seg. Dermed tok Eivind Tanche-Larsen Knutsen over rolla som tevlingsleiar.
At kappleiken kjem til Setesdal for fyrste gong, har òg ført til nye utfordringar.
– Me har ikkje så mange med erfaring frå arrangement av denne storleiken, så det har vore viktig å få med folk som har vore med før, seier Jordstøyl.

Hovudkomiteen for Landskappleiken 2026. Framme frå venstre: Liv Hilde Holm, Knut Erik Jordstøyl. Astri Rysstad, Olav K Hovet, Anne Merethe Hjemdal. Bak frå venstre: Roy Bakke, Folke Flateland, Ingrid Helle, Anne Tone Hageland, Torvald Gautland, Eivind T.L.Knutsen, Jan Oddvar Rysstad, Jennifer Sinfield. Foto: FolkOrg.
Sjølv om hovudkomiteen har solid arrangementserfaring, treng ein vanlegvis kring 500 vakter under ein landskappleik. I Setesdal har arrangørane likevel teke eit uvanleg grep: matstellet er sett bort til profesjonelle. Bykle Hotell og Hovden Fjellstoge har i eit samarbeid ansvaret for all servering av mat og drikke, noko som reduserer behovet for frivillige betrakteleg. Hovudnemnda er svært positive for det gode samarbeidet med lokale bedrifter.
– Me er likevel heilt avhengige av at folk melder seg som friviljuge. Då får dei t-skjorte og gjennomgangsbillett om dei tek to vakter, seier Knutsen.
– Det bur ikkje så mange øvst i dalen, så me treng òg tilreisande som vil bidra, legg Jordstøyl til.
Meld deg som frivillig her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Arrangørane legg opp til ein særs kompakt kappleik, der alt skjer innanfor eit avgrensa område.
Utgangspunktet er grendehuset på Hovden, med ein hall som rommar om lag 500 personar og ein kinosal med 220 sitjeplassar. I tillegg kjem eit stort telt som skal fungere som hovudarena.

Få oversikt over stemneområdet her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
– Det er ikkje eit vanleg telt. Det har faste veggar av sandwichelement, luftfylt tak med duk under, slik at akustikken blir god. samstundes skal ikkje vêret få for stor innverknad, forklarer Jordstøyl.
Løysinga er kostbar, men Bykle kommune – ofte omtala som ein kraftkommune – og lokalt næringsliv har bidrege med betydeleg sponsormidlar. Fungerer teltløysinga godt, kan ho bli aktuell for framtidige arrangørar.
Arrangørane rosar også samarbeidet med FolkOrg, og understrekar at komiteane har arbeidd systematisk med milepælar og framdrift.
Overnattingskapasiteten på Hovden er god, med hotell, hytter og leilegheiter og eigen kappleikscamp. Hovdestøylen blir kappleikshotell, og det blir kappleikscamp for bubil og campingvogner tett ved arenaen, ein eigen camping for bubil, vogner og telt ved skiarenaen, i tillegg til klasseromovernatting.

Bestill overnatting her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Bilparkeringa blir litt på utsida, men likevel i gåavstand, så det blir minibussar som fraktar folk mellom parkering, arena og overnattingsplassane.
Tevlingsplanen kjem ut på våren, samstundes med påmeldingsopninga 7. april. Arrangørane håpar særleg på deltakarar frå vanleg-fele-områda.
– Det er fyrste gong kappleiken er i Setesdal, og det er ikkje kvar dag folk kjem hit. I år er det dessutan kongepokal i dans vanleg fele A, seier Knutsen.
I tillegg blir det finale i både halling og vokal, og publikum vil merke at dei er i det som ofte blir kalla Noregs fremste munnharpedistrikt.
– Me har gode premiar òg, så det er berre å melde seg på, oppmodar Knutsen.
Styret har bestemt at det skal vere finale i desse klassane frå Landskappleiken fram t.o.m. 2029:
2022: Durspel {KP) og spel fele {KP)
2023: Eldre folkemusikkinstrument {KP) og halling {KP)
2024: Vokal {KP), spel hardingfele, durspel
2025: Dans hardingfele {KP), spel fele, eldre folkemusikkinstrument
2026: Dans fele {KP), halling, vokal
2027: Spel hardingfele {KP), eldre folkemusikkinstrument, dans hardingfele
2028: Durspel {KP), halling, dans fele
2029: Spel fele {KP), vokal, dans hardingfele
KP = Blir søkt om kongepokal i denne klassen
Sist oppdatert
