
Gjennom tre episodar får stev, spel og dans frå Setesdal mykje tid i TV-ruta i ein ny dokumentarserie som tek føre seg alle dei levande tradisjonane som finst i dalen.

Margit Dale med Sigurd Brokke, Kirsten Bråten Berg og Sigrid B. Berg rundt bordet under innspelinga av den første episoden. Foto: Frode Verpe
Tekst: Johanne Flottorp
Margit Dale er kulturformidlar og forfattar frå Valle, og nå er ho aktuell med ein ny serie på NRK som viser fram Setesdal og kulturen der i all si prakt. «Setesdal – den levande arven» er namnet på serien som Margit har laga saman med regissør Kristian Landmark. Tidlegare har Margit laga program om mattradisjonar frå Setesdal, og det har også blitt fleire bøker om mellom anna tradisjonsmat. Denne gongen er mange andre delar av kulturen også med.
– Alle kulturuttrykka i Setesdal er ein arv som må førast vidare. Ein må jobbe med det for at det skal leve, og me har mange flinke personar innan språk, folkedrakt, mat, spel og dans, seier Margit Dale og legg til:
– Uttrykka er vovne tett i hop, dei påverkar kvarandre og utgjer til saman den sterke setesdalskulturen. Men sjølv om det blir jobba godt på fleire hald, er kulturen under press.
Gjennom dei tre episodane «Historia, språket og stevet», «Tru og overtru» og «Dansen og musikken» ønsker Margit å formidle korleis tradisjonen framleis er i hevd og korleis han blir jobba med. Gjennom samtalar med personar i miljøet, og gjennom gamle videoar og rekonstruksjonar, blir dette biletet teikna for sjåarane. Serien tek seg god tid, og det er rom for lengre samtalar og lengre strekk med musikk. Det er også rom for nokre sogeforteljingar.
– All denne historieforteljinga er også noko som er på veg til å gå tapt. Men desse historiene, med overtru og tussar og alt der der, det var ein viktig del av underhaldninga før i tida, og det er jo veldig spennande. Så det er moro å vekke det litt til liv, seier ho.
I første episode sit Kirsten Bråten Berg og dottera Sigrid Bjørgulvsdotter Berg ved bordet heime på garden til Margit og fortel om stevtradisjonen. Dei snakkar om at tradisjonen også må vere til stades i dagleglivet, ikkje berre på scena, for at den skal leve vidare. Etter at Sigrid flytta heim, har ho vore ein av pådrivarane for å få i gang stevleiken igjen, der folk sit og syng stev til kvarandre, og i dag kan ein fort høyre at det blir slengt stev til kvarandre på puben på Rysstad.
Etter at folkemusikken og folkedansen frå Setesdal blei innlemma i UNESCO si liste over immateriell kulturarv, har også dalen og miljøet fått eit stort ansvar for å halde tradisjonen levande. Dette går som ein raud tråd gjennom serien. Mellom anna fører det sjåarane innom ei øving i leikarringen, og til eit møte med Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg.

Kristian Landmark og Margit Dale. Foto: Frode Verpe
Som formidlar av matkultur, har Margit alltid vore oppteken av at viss ein ikkje lærer skikkar og oppskrifter vidare, så forsvinn dei.
– Nokon har jo hemmelege oppskrifter, men eg har alltid vore opptatt av å dele kunnskap. Eg har inntrykk av at mange har denne forståinga rundt tradisjonar generelt, seier ho, og legg til at ho trur det er noko av grunnen til at så mange har stilt opp i serien.
– For det første er dei stolte og vil vise fram det dei driv med. Men dei veit at dette også kan gje auka fokus, og at det kan ha interesse nasjonalt og kanskje også internasjonalt.
– At NRK vil sende tre program i beste sendetid, viser at me har noko unikt og flott her som har allmenn interesse. Det er eit signal på at me fører noko vidare som er verdt å ta vare på, seier Margit.
Dei tre episodane ligg klare i nettspelaren til NRK, og så blir dei sendt kvar tysdag kveld i tre veker frå 24. februar.
Ein viktig ting Margit sit att med frå arbeidet med serien, er korleis lokalsamfunnet har møtt produksjonen.
– Det er ein veldig positiv drive her. Bygdesamfunnet stiller opp, gjev av seg sjølv, og leverer på ein glimrande måte. Dei er stolte av det dei driv med. Det er rørande å sjå.
Margit seier det har vore mange involverte i serieskapinga, både framfor og bak kamera. Det har blitt filma gjennom mange sesongar, og Setesdal har fått vist seg både i knallgrønt sommarslør og i vinterkappe. For ei tid tilbake hadde Margit framsyning av serien på Setesdalsmuseet for dei involverte. Nå som serien rullar utover landet, er ho spent på tilbakemeldingane.
– Eg er veldig spent på mottakinga, men den er i alle fall godkjent på heimebane, og det er eigentleg det viktigaste. Det kan vere litt skummelt å trampe inn i slike miljø og lage film, men det ser ut som det har gått bra, seier ho.
Dei utflytta ungane hennar fekk også sjå serien for ei stund sidan.
– Då dei såg den, sa dei at dei fekk lyst til å flytte tilbake til Valle. Då har ein treft godt, seier Margit.

Kulturen og naturen er begge skildra i flotte foto på filmen. Foto: Frode Verpe
Sist oppdatert
