Folkemusikk logo
Logo

70-årsjubileum for Markenskappleiken

Så lenge ein kan hugse, har det blitt kappspelt på Kongsberg i samband med Kongsbergmarken. Marknaden, som ein gong var ein nesten livsviktig møtestad for å få tak i det ein trengte i dei lange vintermånadene, er det i dag lite igjen av. Men Markenskappleiken held fram, og i år feirar han 70 år i regi av Kongsberg spel- og dansarlag.

Spreke hallingdansarar under Markenskappleiken 2017. Foto Eigil Kittang Ramstad

Spreke hallingdansarar under Markenskappleiken 2017. Foto Eigil Kittang Ramstad

Tekst: Johanne Flottorp

– Me har ikkje heilt klart å tidfeste den første offisielle Markenskappleiken, men på 1930-talet var det noko som heitte Kongsbergkappleiken. Kappleiken slik me kjenner den i dag, har Kongsberg spel- og dansarlag arrangert sidan 1956. Men Kongsbergmarken blei veldig tidleg eit senter for spreiinga av hardingfela her i distriktet, seier Elin Hansson, som i dag er styremedlem i Kongsberg spel- og dansarlag.

Det er mange soger knytt til kappleiken og Kongsbergmarken. Mellom anna blir det sagt Knut Lurås blei funnen død på rommet han leigde under Kongsbergmarken, og slik forholda var den gongen, fekk ikkje framande ligge på kyrkjegarden. Difor blei han gravlagd på ein stad som blei kalla Skyttarbanen, fortel Anne Svånaug Blengsdalen.

Andre fortel om dei store spelemennene, som kom frå fjern og nær. Myllarguten, Løytnantsdrengane frå Nore, og ikkje minst Fykeruden. Markensmåndagen er ein kjend slått etter Lars Fykerud. Den er i slekt med både Grimeliden og Urjen, men i Fykeruds form er det ingen tvil kva hending namnet på slåtten er knytt til.

Ein kongsberging fortel i Laagendalsposten frå siste halvdel av 1800-talet om eit markensminne:

«De fleste ventet med længsel paa kvelden, naar lysene blev tændt paa dansesalene og spillemændene strøk op. Der var flere «nasjonaliteter» og enhver hadde sin bestemte sal og sine bestemte spillemænd. Numedøler, sigdøler og krødsheringer holdt til paa Nymoen, et sted med Kleven, Grimsgaard o.fl som spillemænd. Sandsværingene strømmet til Rambergsalen hvor hornmusikken spilte, og telemarkingene til Ryesalen hvor mesterspillemænden Fykerud strøk op».

Bjellespark på 2.55 meter

No er det ikkje lengre dans på like mange golv, men dansen er framleis ein viktig del av kappleiksopplevinga på Kongsberg. Høgdepunktet der er bjellesparket. Der knivar dei gode dansarane om å sparke høgast, ved å treffe ei bjelle i eit hallingkast. Sondre Rua Dokken har rekorden på 255 cm, sett i 2009.

Kappleiken går av stabelen 28. februar i år, og sjølv om Markenskonserten tradisjonelt har blitt arrangert på Lågdalsmuseet kvelden før, blei den i år arrangert i slutten av januar. Då kom Skurken på dansegolvet og spelte opp på Energimølla nede i byen.

 

Frå Kongsbergmarken i 1967. Foto frå Laagendalspostens arkiv, utlånt av Vidar Skaar Borgersen.

Frå Kongsbergmarken i 1967. Foto frå Laagendalspostens arkiv, utlånt av Vidar Skaar Borgersen.

 Markenskappleiken har gjennom alle år vore kjent for å trekke deltakarar frå mange delar av landet. Ser ein på gamle resultatlister i Spelemannsbladet, finn ein mange gjengangarar. Til dømes var Olav Øyaland, Bjarne Pålerud og Øivind Brabant flittige deltakarar i A-klassa på hardingfele i fleire tiår, og sistnemnde vann klassa så seint som i fjor. Klassene i dans har alltid vore fylt av jondølar, numedølar og sjølvsagt folk frå byen.

Men det har også ramla inn mange telemarkingar, valdrisar og hallingdølar, slik det alltid har gjort på Marken.

Matmangel og opptøyar

Konsbergmarken skriv seg heilt tilbake til 1630-talet. Eigarane av sølvverket bestemte at dei skulle sende ein søknad til kongen i København med løyve om å halde frie marknader to gonger i året. Det var matmangel og opptøyar blant arbeidarane på verket, og desse markadene kunne kanskje roe gemyttane på eit vis, ved at folk fekk tak i det dei trengte.

Det blei bestemt at det skulle haldast to alminnelege, frie marknader i året, eit i februar, ei veke etter Kyndelsmesse, og eitt i september. Dei skulle begge vare i fire dagar.

Kongsbergmarken var også ein stad der spelemenn møttest, og det var ein stad der det skjedde mange felehandlar. Hardingane som kom til Kongsberg for å selje talg til gruvelampene, hadde også med Trondafeler.

Frå gamalt av blei det sagt at etter at kyrkjeklokkene hadde ringt Kongsbergmarken inn «da kunne dem snyte og bedra så mye dem ville», står det i boka Marknad og møte av Anne Svånaug Blengsdalen, som kom ut i samband med Landskappleiken på Kongsberg i 1998.

Kappleiken er siste skanse

2004 var eit godt år for Markenskappleiken. I Spelemannsbladet står det at det blei delt ut 142 deltakarpremiar, og at det var 93 startnummer på kappleiken, noko som er mykje på ein lokalkappleik. Tidlegare har Markenskappleiken vore ein av dei største lokalkappleikane i landet.

Elin Hansson debuterte som konferansier på kappleiken dette året. Ho leidde tevlinga saman med Kenneth de Gala, som då allereie hadde eit år på baken som programleiar.

Då Hansson vaks opp, hugser ho Kongsbergmarken som eit av årets høgdepunkt. Då var det vinterferie og byen var fylt av bodar med tradisjonshandverk, brukskunst og spekemat. No er det ikkje så mykje meir enn Markenskappleiken og litt handel igjen av denne byfesten.

– Men me har ikkje tenkt å gje oss, seier ho.

Går ein inn i arkivet til Kongsberg spel- og dansarlag, kan ein sjå resultatlistene tilbake til 2007. I utvalte Spelemannsblad kan ein også finne resultatlister før det, og felles for mange av desse, er at deltakinga er god. Spesielt i dans, men også i spel. Men i åra etter koronapandemien har det vore litt trått å få mange deltakarar, seier Hansson. Dei kjem, men ikkje i like stort hopetal som tidlegare. Likevel ser ho lyspunkt.

– Det er mange som vil vere med på sjokoladekappleiken. Dei siste åra har me nesten måtte utsetje starten på den vanlege kappleiken, for det er så mange ungar som skal delta, seier ho.

Det er også difor dei har sett opp to Markensstipend for C-klassa i år. Eit frå Hellik Dokkas minnefond av 5000 kronar som skal gå til ein eller to ungdom fra laget. I tillegg blir det også delt ut eit anna Markensstipend skal gå til ein eller to ungdommar, uansett lag. Kven som skal få dei, er det dommarane som i samråd bestemmer etter å ha høyrt og sett alle juniorane.

– Dei siste åra har det vore litt få med i C-klassa. Det er synd. Me ønsker å få med den yngre generasjonen og få dei til å bli glade i kappleik og få det inn i blodet, seier Hansson.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024