Folkemusikk logo
Logo

Camilla Hole Trio ute med albumet «Langs»

På fredag slapp Camilla Hole Trio sitt tredje album, Langs. Med den nye utgivinga markerer trioen eit tydeleg kunstnarleg skifte – og for første gong kjem musikken også på vinyl.

Camilla Hole Trio. F.h. 
Camilla Hole – sopransaksofon(+sopranino) og sjøfløyte 
Egil Kalman – kontrabass, modulærsynth og munnharpe 
Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon. Foto: Tellef Kvifte/Taragot Sounds.

Tekst: Pressemelding / Redaksjonen.

Trioen har tidlegare gjeve ut albuma Halvemål og Eventyrferd, begge med eit klart utgangspunkt i slåttetradisjonen frå Sogn og Fjordane. På Langs opnar dei for eit vidare musikalsk landskap. Her har dei samla favorittslåttar og melodiar dei har møtt gjennom ulike miljø og samarbeid, og som har følgt dei gjennom åra som utøvarar.

Slåtten i sentrum – nye klangar rundt

Slåttemelodiane står framleis i sentrum og blir presenterte tett på sitt opphav. Samstundes er det i klangarbeidet og samspelsformene trioen no tek nye steg. Trommesett, vibrafon, kontrabass og modulærsynth skapar eit skiftande lydlandskap rundt melodiane, der groove, rom og harmonisk rørsle opnar materialet på nye måtar.

 Hardingfeleslåttar får nytt liv på saksofon og vibrafon, medan sjøfløyte og munnharpe er integrerte som berande stemmer i trioen sitt uttrykk. Sjøfløytetonar kling side om side med mikrotonale synthklangar – som om instrumenta alltid har høyrt saman. Formene er denne gongen meir tradisjonelle enn på førre album, men lydbiletet er samstundes meir utforskande og særmerkt.

Første gong på vinyl

Langs er tilgjengeleg digitalt no. Vinylutgåva er under produksjon og kjem frå trykkeriet snart.

Trioen består av:

  • Camilla Hole – sopransaksofon (og sopranino) og sjøfløyte
  • Egil Kalman – kontrabass, modulærsynth og munnharpe
  • Knut Kvifte Nesheim – trommer og vibrafon

Utgivinga er på selskapet Taragot.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024