
Den prisvinnande og folkekjære musikaren Sigrid Moldestad feira 20 år som soloartist med å sleppe sitt niande soloalbum i samband med kvinnedagen.

Sigrid Moldestad er ute med plata "Vegane vi vandrar". Foto: Øystein Haara.
Tekst: Pressemelding
Med seg på laget har ho sitt faste stjernelag av musikarar, og saman leverer dei eit sjangeroverskridande verk. Musikken leikar med instrumentering og uttrykk, og lyttaren får servert alt frå vise og folkemusikk til nordicana, med innslag av både pop og blues på jubileumsplata.
Sigrid Moldestad er særleg kjend for å løfte fram kvinneperspektiv i forteljingane sine, og denne utgjevinga er inga unntaking. Plata handlar om kjærleik som går skeis, om barn som flyttar ut, om redsla for å miste dei som står henne nærast, om lengten etter røter og angsten for å gro fast. Fullengdaren er ei hyllest til livet i all si skjøre og uperfekte prakt.
– 2006 var eit vendepunkt for meg på så mange måtar. Eg stod midt i eit hektisk småbarnsliv med to små under tre år, men eg inngjekk ein avtale med meg sjølv om å våge å hoppe ut i det og starta solokarrieren min. Når eg no kjem med mitt niande soloalbum tjue år etter, er kvinnelivet framleis ein raud tråd gjennom musikken. Eg syng om mine eigne livserfaringar, mitt vaksne liv med alle dei erkjenningane og endringane det inneber. Det måtte bli slik denne gongen, kjende eg, og samstundes sender eg tankar til både kvinnene før meg og kvinnene rundt meg, forklarar låtskrivaren.
Namnet Sigrid Moldestad har vorte synonymt med kvinnekraft, og den Spellemannsprisvinnande artisten har blitt skildra som ei av Noregs mest kraftfulle og sjelfulle stemmer, som alltid leverer godt slåttespel.

Sigrid Moldestad feirar 20 år som soloartist. Foto: Øystein Haara.
– Det er jo trist å innrømme, men som ei kvinne som har bikka femti i musikkbransjen, tek eg det ikkje som ei sjølvfølgje at eg får leve av å gje ut musikk og turnere. Det er ikkje så mange av oss igjen, og eg kjenner litt på at ein må kjempe litt meir for å halde på plassen. Når eg no skal feire 20 år som soloartist og gje ut ny plate, fall det naturleg å gjere det i samband med kvinnedagen, fortel Moldestad før ho held fram:
– Tekstane på albumet er prega av min eigen vaksne alder, der ein naturleg søkjer tilbake til røtene sine og til kvar ein kjem frå. Erkjenninga av den ein har vorte på vegen og dei ulike vegane ein har vandra gjennom livet, for å sitere albumtittelen. Musikken har eigentleg tre hovudtema, om ein kan kalle det det: bygda, kvinner og livshjulet som rullar og går, utdjupar låtskrivaren før ho legg til:
– Det var veldig viktig for meg at plata skulle henge saman frå start til slutt, og at «hjulet og linjene» var med heile vegen. Eg brukar ofte i kvardagen omgrepet «historiene vi skal fortelje vidare», og tenkjer at det har ein eigen verdi å fortelje om noko som har vore. Eg har alltid likt å fortelje gamle historier på nytt i musikken min, og gjennom det minne oss om at dei framleis er relevante i vår tid, litt slik folkevisene har vorte til.

Sigrid Moldestad har med seg eit stjernelag med musikarar. Foto: Øystein Haara.
Artisten utdjupar òg at utgjevinga er prega av at ho både er instrumentalist og vokalist, og at ho på denne fullengdaren byr på nyskriven musikk, både med og utan tekst. Albumet blir sleppt digitalt og på vinyl, men på grunn av lengdeavgrensinga i vinylformatet inneheld vinylen 11 spor, alle med vokal. På den digitale utgåva kan lyttaren derimot gle seg over fire ekstra instrumentallåtar. Lydbiletet er forankra i folkemusikken, med naturen og bygda som bakteppe, men med Moldestad si velkjende musikalske signatur. Saman med sitt faste band leverer dei eit slitesterkt album som kjem til å vere med lyttaren lenge.
– Naturen eg kjem frå er sterkt til stades også i dette albumet. Både gjennom historier om høge fjell og skyggedalar, om lengten tilbake til det ein kjem frå. Det er svært interessant korleis naturen påverkar ein som låtskrivar. Eg sit ofte og undrar meg over «kvar musikken kjem frå», det som til slutt blir ein song. Eg likar å tenkje på det som noko litt mystisk. Eg er veldig takksam for at eg har ei slags kjelde i meg som sender nye idear. Eg synest elles det er nærast uforståeleg at eg sit her med 15 nye låtar. Kvar kom dei frå? Kvar skal dei? Korleis kom dei til meg? Eg likar tanken på at eg ikkje heilt veit svaret, for livet er fullt av ubesvarte spørsmål, forklarer Sigrid Moldestad før ho avsluttar:
– Vi kjem ikkje utanom livserfaringane våre, nokon av oss, så det er berre å gjere det beste ut av det. Eg trur vi alle får det mykje betre dersom vi kan sjå kvarandre, vite at alle har sitt å streve med, og vise kvarandre rausheit på vegen. Kanskje er nettopp dette eit slags bodskap denne gongen, både til lyttarane og som ei trøyst til meg sjølv. Eg håpar med denne plata å gje både ei oppsummering og ei påminning om vegane vi går – og ikkje minst om krafta i å gå dei saman.
13. mars: Stord Arena, Stord
14. mars: Ål Kulturhus, Ål
15. mars: Riksscenen, Oslo
19. mars: Nynorskhuset/ Teater Vestland, Førde
20. mars: Sogndal Kulturhus, Sogndal
21. mars: Statsraaden Bar og resepsjon, Bergen
22. mars: Operahuset Nordfjord, Nordfjordeid
Medverkande:
Sigrid Moldestad: vokal, fele, hardingfele og ukulele
Jørgen Sandvik: gitarar, charango, ukulele, banjo og koring
Kåre Opheim: trommer og perkusjon
Anders Bitustøyl: bass og koring
Sigbjørn Apeland: trøorgel og piano
Roald Kaldestad: gitarar, slidegitar, mandolin og koring
Gjester:
Einar Sogstad: piano, orgel, klokkespel og koring
Anette Thorsheim: toradar
Sist oppdatert
