Folkemusikk logo
Logo

Sivert Holmen på ny vandreturné i 2026

Hardingfelespelar Sivert Holmen legg ut på ny vandreturné sommaren 2026. Turnéen er inspirert av to hardingfelelegender og vandrepionerar, Knut Lurås (1782–1843) og Jørn Hilme (1778–1854), og ruta går frå Luråsgrend i Tinn til Fagernes i Valdres.

Sivert Holmen skal ut på ein ny vandreturné denne sommaren. Foto: Cathrine Dokken.

Tekst: Pressemelding

Langs den om lag 200 kilometer lange ruta blir det åtte konsertar. Publikum får også høve til å vere med på delar av vandringa før konsertane, både på kortare turar og lengre dagsetappar.
Kvar konsertplass får sin unike konsert med lokale låttar, musikalske forbindelsar mellom den aktuelle staden og Lurås/Hilme, og improvisasjon over dagens vandring. Fleire gjesteartistar blir også med undervegs.

Reiseruta går denne gongen frå Tinn til Valdres.

 Knut Lurås blir av Arne Bjørndal beskrive som Telemarks fyrste vandrande spelemann, og Holmen vidarefører tradisjonen med vandring med fela, slåtteutveksling og formidling av slåttespel. Lurås var ein av mange spelemenn som tok turen til Jørn Hilme, ein av hardingfelas store stilskaparar, og på vandreturnéen vil den musikalske arven etter Hilme spele ei viktig rolle. Vandreturnéen er også ein levandegjering av vandreslåttar.

I fjor gjekk turen frå Vang til Lærdal.

 Holmen, som både er både kunstnarleg og administrativt ansvarleg for prosjektet, har fått med ei rekkje lokale samarbeidspartnarar: Tinn spelemannslag, Lure historielag, Skirvedalen fjellstue, Numedal spel- og dansarlag, Sigdal spellemannslag, Haglebu fjellstue, Nes spel- og dansarlag, Gol spel- og dansarlag og Jørn Hilme-stemnet. Prosjektet er støtta av Kulturrådet.

Konsertar:

30.06 Miljom-Luraas, Tinn

1.07 Skirvedalen Fjellstue, Tinn

3.07 Wetterhus, Nore

4.07 Haglebu Fjellstue

6.07 Hagaled, Nesbyen

7.07 Vonheim, Gol

8.07 Tisleidalen kyrkje

9.07 Valdres Folkemuseum, Fagernes

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024