
Denne veka slepper Edén/Kvifte/Nesheim trio sitt første album, Króta. Slåttar frå Värmland i Sverige og Tovdal i Noreg – der høvesvis Edén og Kvifte har henta store delar av det folkemusikalske repertoaret sitt – dannar utgangspunktet for eit energisk og uhøgtideleg album.
.jpg)
Knut Kvifte Nesheim, Tellef Kvifte, Mats Edén. Foto: Taragot sounds.
Tekst: Pressmelding
Mats Edén og Tellef Kvifte har sidan 1970-talet vore med på å prege utviklinga av samspelstradisjonar i svensk og norsk folkemusikk. Begge har lært av dei gamle meisterane, og begge har bakgrunn frå avantgarde og andre sjangrar frå same periode og framover. Frå slutten av 1970-talet var norske Slinkombas, der Kvifte var med, og svenske Groupa, der Edén var med, pionerar.
I denne trioen tek Edén og Kvifte utgangspunkt i tradisjonelt repertoar frå Värmland og Agder. Låtane blir ofte utgangspunkt for variasjon og improvisasjon, men held seg innanfor tradisjonelle stilrammer.
Med brei sjangerbakgrunn har Edén og Kvifte mange felles erfaringar å ta med seg inn i trioen – for ikkje å snakke om eit stort lager av til dels forunderlege historier, der visstnok fleire faktisk er sanne.
Med på laget er òg Knut Kvifte Nesheim – ein oppfinnsam trommeslagar og perkusjonist med røter i fleire av dei same sjangrane som dei to andre.
Alle tre er framleis svært produktive. Dei siste ti åra har trio-medlemmene til saman medverka på over 30 produksjonar, fleire av dei soloalbum.
I vår spelar dei på Rauland 15.4 og i Evje/Dølen hotell 17.4, samt på Ransäterstevnet i starten av juni.
Medverkande:
Mats Edén – fele
Tellef Kvifte – fløyter
Knut Kvifte Nesheim – trommer
Sist oppdatert
