
Stine Janvin og Morten Joh har gitt ut albumet "Or Gare", der dei tek utgangspunkt i tradisjonelle liksongar frå Ryfylke. Plata er duoen sitt første samarbeid.

"Or Gare: Gravferdsmusikk frå Ryfylke" er laga av Stine Janvin og Morten Joh. Foto: Carlos H. Juica.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Liksongtradisjonen var knytt til gravferdsprosesjonar, der songarar følgde den døde frå heimen og «song ut» kroppen. Materialet på albumet er henta frå fleire kjelder i regionen, mellom anna etter tradisjonsberarar som Vetrhus, Mehus og Lunde i Suldal, Henrik Kleveland i Øvre Vats/Vindafjord og Bertha Rafdal i Sauda, i tillegg til opptak etter Eivind Sigurdsson Berg i Setesdal. Nokre spor byggjer også på seinare innsamlingar, som etter Håkon og Klara Moen frå Songesand.
På "Or Gare" blir desse songane tolka gjennom eit lydleg uttrykk der vokal, elektronikk, synthar og slagverk står sentralt. Musikken er prega av eit langsamt tempo og lange klangflater, med bruk av mikrotonale forskyvingar og glidande overgangar mellom tonale sentrum. Arrangementa ligg i eit spenningsfelt mellom tradisjonell melodikk og meir eksperimentelle uttrykk.
Duoen har med seg Lucy Railton på cello på eitt spor og Jules Reidy på elektrisk gitar på eit anna. Desse bidraga utvidar instrumenteringa, men er integrerte i det samla lydbiletet.
Albumet er bygd opp som eit forløp som følgjer ei gravferd, frå avskil i heimen til senking av kista og ei avsluttande etterklang. I tillegg til tradisjonelt materiale inneheld plata også komposisjonar av Janvin og Joh.
Innspelinga er gjort i Stavanger i perioden 2024–2025, med Morten Joh som ansvarleg for opptak og miks. Helge Sten har stått for mastering. Utgivinga kjem på selskapa Krets og Futura Resistenza.
Sist oppdatert
