Folkemusikk logo
Logo

Tilbakeblikket: Landskappleiken i Oppdal i 1974

I denne spalta vil me ta fram att nokre landskappleikar frå arkivet, som har vore dokumentert på både NRK fjernsyn og i Spelemannsbladet. Me har tidlegare vore innom Lillehammer 1968, Geilo 1969, Røros 1970, Sogndal i 1971, Gol 1972 og Bergen 1973.

Programleiar Sven Nyhus saman med vinnar av Hardingfele klasse A, Knut Hamre. Foto: NRK-programmet Jonsokkveld i fjellbygda.

 Sjå NRK-programmet frå Landskappleiken i Oppdal 1974 her.

Forfattar og spelemann Leif Halse frå Todalen er ein av mange som dukkar opp i landskappleikprogrammet frå 1974. Foto: Skjermdump frå NRK-programmet Jonsokkveld i fjellbyga.

Landskappleiken på Oppdal

Tekst: Dåverande bladstyrar i Spelemannsbladet, Ola Grøsland.

Landskappleiken 1974 er no over, og det er sikkert mange som pratar om kappleiken og prøver å gjera seg opp ei meining om stemnet, tenkjer på komiske, eigenarta situasjonar og ler for seg sjølve, minnest inspirert spel eller dans med andakt i sinnet, eller forbannar dømminga kanskje, ergrar seg over nokon som har vorte neddømd
eller oppdømd.

Ja, slik er etterdønningane etter desse store kappleikane. Det er sanneleg ikkje så greitt å finne ei heilskapsvurdering over slike storstemne. Det foregår dag og natt, så ein kan tali nesten døgervill. Ein av dei finaste kveldane på kappleiken sat eg på éin idyllisk stad rett ovafor stemneplassen og observerte og reflekterte over festlivet og miljøet. Det var eit yrjande liv overalt, dei spelte, song, dansa, prata og lo, ei spontan utfalding som ein sjeldan opplever maken til, i det heile teke eit festleg og eigenarta miljø.

Festleg har alle hatt det på Oppdal, iallfall etter det eg har høyrt. Mange såg med spaning fram til dette landsstemnet. Ville det relativt nye spelemannslaget på Oppdal makte denne store oppgåva? Ei vakker bygd omkransa av mektige fjell tok imot mykje folk frå ulike luter av landet, eller som Rolf Myklebust sa i det fine folkemusikkprogrammet sundag den 30. juni: «Det var deltakarar frå nord i Målselv og syd til Kristiansand, og frå Vesterhavet til Kjølens rand. Spelet og dansen gav eit imponerande og gledeleg inntrykk av kor rik folkemusikken vår er».

Det var sanneleg ikkje spøk å få innkvartert alt, hotell, pensjonat, hytter, campingplassar og heimar laut takast i bruk. Oppdølane var gjestfrie og omsynsfulle folk. Vi sat ein gjeng frå ulike kan tar av «Folkemusikk-Noreg» på Oppdal turisthotell og hygga oss med prat og fin felemusikk sankthansnatta. Timane gjekk og klokka vart både 4, 5 og 6. Brått kom dei berande inn med supe og rundstykke som hotellet spanderte. Takk skal de ha, dette er teke med som eit døme.

Over frå romantikk til realisme. Deltakinga var stor no som før om åra, sjøl om det i hardingfeleklassene var ein del fråfall. Det var naturleg
nok mest spelemenn på fele. Gledeleg var det med så pass stor deltaking i dans til vanleg felemusikk, der det var berre 'eitt par som var med i fjor. A-klassene var harde og jamne. Kl. A, hardingfele,' var nok ikkje så stor som somme gonger før. Her vant ungdomen Knut Hamre best. Slett ikkje verst, for han gjekk opp i klasse A på landskappleiken på Gol i 1972!

Ein annan ungdom, Johannes Sundsvalen, kom nest Hamre, foran veteranen Torleiv Bolstad. Men Bolstad slår nok ikkje sund fela om to
unggutar gjekk forbi han. I klasse A fele var det au ungdomar på dei første 5 plassane. Hans H. Holen, som har vore aktiv i mange år og snart er ein av veteranane, toppa lista, foran Amund Bjørgen og Tore Rødølen med same poengsum, og Knut Kjøk hakk i hel. Både Kjøk og Rødølen har att fleire år før dei rundar 30. Så ein kan gjera seg visse refleksjonar: Går vi mot eit nytt «hegemoni» i felespelet?

Torbjørg Åmlid Paus og Aslak Austad vann dans kl. A, noko som ikkje var uventa for mange. Elles skulle det synast uråd å vurdere heilt ulike bygdadanstypar opp mot einannan.

Aslak Austad og Torbjørg Aamlid Paus med spelemannen Hallvard T. Bjørgum.

 I år var tevlingane gjorde mindre høgtidelege med for det meste gode og kjappe konferansier ar. Somme tykte nok premieutdelinga vart gjord for lite høgtideleg, men hovudsaka er at det gjekk fort og greitt unna.

Fredagskvelden var det ein gild kulturkveld med ulike innslag frå og rundt Oppdal. Ei gild stund, men nokre av programpostane vart for lange og keisame. Folk hadde seti på harde stolar og høyrt på spel eller sett på dans heile dagen, så eg trur ikkje det er lurt å ha for lange slike kulturprogram. Festleg var det å helse på Målselv spelemannslag og dei to svenske spelemennene.

Bygdamuseet «Fjellkåsa» stod ope dag og natt, og her har sanneleg oppdølane ein fin plass. Tilstellingane her om sundagen vil nok mange rekne som høgdepunktet under heile stemnet. Noko er iallfall sikkert : Det må gj evast tid og rom for slike tilskipingar på seinare landskappleikar. Uformelle «konsertar» treng ein sanneleg etter å
ha fylgt med 1 'alle tevlingane. Men problemet er at tevlingane vil ta for stor plass. Korleis ein skal løyse denne bøygen, er det sanneleg ikkje lett å gje svar på.

Det såg ut til at deltakarane var nøgde med 6 dommarar i spel og 6 i dans. Oppgåvene blir nok meir overkommelege for kvart dommarlag
med ei slik ordning. Men jamen var det tidleg for spelemenn og dansarar å ta til å tevle kl. 9 om morgonen. Dersom ein ikkje skal ha parallellkøyringar, er det vel ikkje greitt å få det til på annan måte. Til dels to par samstundes på scenen skulle no redusere tida til dansetevlingane monaleg. Meininga mi er iallfall at dette ville vera ein føremon.

Dette var berre ei stutt, generell vurdering av landskappleiken. Detaljar vil eg ikkje nemne nærare, for da vil heile referatet svulme opp. De som var til stades, har dykkar inntrykk, dei som ikkje var der, får neppe noko kjensle av stemnet gjennom eit referat.

Tii slutt ein honnør til Oppdal spelemannslag: Det er gildt at de har fått opp eit så bra spelemannsmiljø gjennom desse åra. I førstninga
brukte de mykje slåttar frå Gudbrandsdalen, andre stader i Trøndelag eller Røros-traktene, men no har de fått dykkar eige slåtteutval, slåttar oppskrivne etter gamle spelemenn på Oppdal.

No har de også teke opp att dansen. Fleire par med Oppdals-springleik var med på kappdansen. Dette synest eg er svært hyggeleg, og det kan stå som døme på godt arbeid i ei bygd, eit føredøme for andre.

Takk for vel førebudd og godt gjennomført landskappleik.

Resultatliste

 På landskappleiken i år vart det brukt heile 12 dommarar, 6 i spel og 6 i dans. Desse var : Speldommarar fele: Jakup Skogum, Vågå, Magnus Hagen, Molde og Ingrid Risbakken, Hamar. Hardingfele: Kjell Midtun, Voss, Haldor Røine, Ås, og Halvdan Furholt, Nodeland. Dommarar i dans fele: Tor Stallvik, Fana, Hans Holen, Vågå, og Einar Galaaen, Røros. Dans etter hardingfele: Kjellaug Bolstad, Valdres/Oslo, Georg Nyborg, Bergen, og Arnold Jul Gyland, Kristiansand.

Det seier seg sjølv at poengsummane ikkje kan samanliknast mellom t. d. spel fele og hardingfele og dans til fele, hardingfele, da det er heilt ulike dommarlag som har vurdert prestasjonane.

Dans etter hardingfele klasse C.
2. pr.: Syver Gjevre, Fagernes - halling 65 p. Geir-Ove Hippe, Valdres - halling 59 p. Kjell-Erik Strand, Fagernes - halling 54 p. Sigrun Trøen, Valdres - Valdresspringar 52 p. Geir-Ove Hippe, Valdres - Valdres
cpringar 52 p.

Dans etter vanleg fele klasse C.
1. pr.: Aud Johanne Gjermunds, Engerdal - rundom 68 p. Ragnar Gjermunds, Engerdal - rundom 68 p.

Spel hardingfele klasse C.
1. pr.: Hallvard T. Bjørgum, Rysstad 263 p. 2. pr.: Jørund Hage, Naustedal 182 p.

Spel hardingfele klasse D.
1. pr.: Knut Ufs, Bø i Telemark 243p. Johan Lien, Bergen 228 p.
2. pr.: Arne Tryggestad, Stranda 209 p. Ingvar Hestnes, Valsøyfjord 207 p. Ola Kallset, Torjulvågen 185 p. 3. pr.: Per Lie, Bergen 163 p. Martin Strøm, Kvikne 152 p. Minnepremie: Edvardt Tuvan, Dalholen 98 p.

Spel vanleg fele klasse C.
1. pr.: Jan Wesenberg, Oslo 233 p. Svein Stuen, Innset 219 p. 2. pr.: Hilde Reitan, Oslo 207 p. 3. pr.: Ole Tom Tande, Oppdal 171 p.

Spel vanlig fele klasse D.
1. pr.: Einar Galaaen, Røros 252 p. 2. pr.:Peder K. Staurset, Molde 213 p. Ola Eide, Lalm 203 p. Thomas Strømme, Vågstranda 202 p. Leif Halse,
Levanger 201 p. Knut Olderløkken, Lalm 198 p. Ola Kallset, Torjulvågen 182 p. 3. pr.: Martin Strøm, Kvikne 175 p. Syver Garmo, Garmo 171 p. Ingeborg Neby, Drevsjø 164 p. Pål Arnegard, Dovre 162 p. Ingvar Hestnes, Valsøyfjord 140 p. Nils L. Råkvåg, Raknes 136 p.

Spel vanlig fele klasse B.

1. pr.: Inge Godtland, Oppdal 243 p. Tarjei Teigen, Lom 241 p. 2. pr.: Jan Bjørkås, Oppdal 236 p. Ragnar Vang, Skjåk 229 p. Knut Olav Åsegg, Heimdal 226 p. Jo Gjermunds, Engerdal 223 p. Jon Oddmar Kandal, Nordfjord 219 p. Arne Fedt, Stranda 217 p. Leidulf Stokkeland, Molde 216 p. Annar Gjelten, Brekkebygd 214 p. Ivar Innerdal, Oppdal 213 p. Sverre Halbakken, Oslo 212 p. Arne Risdal, Skåbu 211 p. Hans Kirkhus, Alien 211 p.
Sigmund Risbakken, Hamar 201 p. Svein Nymo, Målselv 200 p. Anton Amundgård, Hundorp 200 p. Norvald Sundan, Ålen 195 p. Ragnar Haugstulen, Otta 195 p. Anders Reitan, Ålen 192 p. 3. pr.: Anders Grønli, Ålen 186 p.

Nyskaping, vanlig fele.

1. pr.: Magne Bøe, Dombås 125 p. Einar Galaaen, Røros 125 p. Inge Godtland, Oppdal 125 p. 2. pr.: Ellef Hjellbakk, Stranda 121 p. Syver Garmo, Garmo 120 p. Jo Gjermunds, Engerdal 119 p. Arne Risdal, Skåbu 117 p. Annar Gjelten, Brekkebygd 115 p. 3. pr.: Leif Halse, Levanger 114 p. Ingvar Hestnes, Valsøyfjord 113 p. Jørgen Westerhaug, Oslo 113 p.
Sverre Bjørkås, Oppdal 112 p. Anton Amundgård, Hundorp 101 p.
Minnepremie: Olav O. Høgjelle, Valldal 92 p. Edvardt Tuvan, Dalholen 83 p. Martin Strøm, Kvikne 82 p.

Dans etter vanlig fele klasse B

1. pr.: Anna Andersen og Ragnar Gjermunds, Engerdal Rundom 79 p. Solveig og Per Indset, Røros Rørospols 76 p. Solveig og Sverre Halbakken, Oslo Elverumspols 72 p. Bjørg Golten Sneve og Tore Sneve, Oppdal Spr. frå Oppdal 72 p.
2. pr.: Helga Solbakken og Gunnar Ness, Engerdal Pols 71 p. Tone Rise og Tore Viken, Oppdal Spr. frå Oppdal 71 p. Gina Plassen og Hans Ursanden, Vågå Vågåsp. 71 p. Emma Brekken og Tor Tessnes, Vågå
Vågåsp. 71 p. Jorunn Gjermunds og Torbjørn Lillestu, Engerdal Rundom 69 p. Gro Kvilvang, og Øyvind Kvile, Trysil Rørospols 69 p. Mildfrid Kveen og Ove Åsen, Engerdal Rundom 66 p. Reidun Sanden og Ola Grøsland, Oslo Spr. frå Vågå 66 p. Lilli Ann Granvold og Joar Røe, Hamar Pols 65 p. Kerstin Løkseth og Palmar Løkseth, Molde Romsdalsspr. 65 p. Helga og Hallstein Risbakken, Drevsjø Rundom
65 p. Kjertine og Eystein Wolden, Oppdal Spr. frå Oppdal 65 p. Anne Tviberg og Rolf Bjørgan, Oslo Elverumspols 63 p. Sigrid og Inge Godtland, Oppdal Spr. frå Oppdal 62 p. Hildegunn Flermoen og Halvard Sandberg, Hamar Pols 61 p.

Dans etter vanleg fele klasse B.

Tremannspols
2. pr.: Lilli Ann Granvold, Hamar Inger Larsen, Hamar og Joar Bør, Hamar 68 p.

Dans etter vanlig fele klasse B.
Halling
1. pr.: 1. Øyvind Kvile, Trysil 79 p. 2. Rolf Bjørgan, Oslo 73 p 3. Thor H. Bøhle, 72 p.

Dans etter hardingfele klasse B.
1. pr.: Norunn Lødemel og Svein Aasen, Oslo Numedalsspringar 78 p. Kari og Olav Vethe, Bulken Vossarudl 77 p. Sigrunn Bere og Erling Håheim, Ål Spr. frå Hallingdal 75 p. Tordis Elisabeth Holthe og Olav
Bjotveit, Bergen Rudi 74 p. Erna og Svein Skjerdal, Sogndal Spr. frå Indre Sogn 74 p. Tordis Elisabeth Holte og Olav Bjotveit, Bergen Vestlandsspringar 73 p. Mona og Knut Øystein Bakken Fagernes Valdresspringar 73 p.
2. pr.: Tordis Seim og Harald Baldersheim, Åndalsnes Vossarudl 68 p. Tordis Seim og Harald Baldersheim, Åndalsnes, Vestlandsspringar 66 p. Ingrid og Karl Erik Ølnes, Sogndal Rudi 65 p. Anna Torild Bua og Knut
Blikberg, Voss Rudi 65 p. Knut Blikberg, Voss Halling 64 p. Eldbjørg Haugsrud og Arvid Haugen, Gvarv Telespringar 64 p. Liilan og Per Øyvind Tveiten, Bergen Rudi 62 p. Lillian og Per Øyvind Tveiten, Bergen Kvammasspringar 59 p. Brita og Sjur Gjerde, Gjerde Jostedalsspringar 59 p. Kari og Olav Vethe, Bulken Vestlandsspringar 58 p.
3. pr.: Anna Torild Bua og Knut Blikberg, Voss Springar 56 p.

Dans etter hardingfele klasse D.
2. pr. 1. Oddrun Aasen, Randi Aasen og Reidar
Sand, Svene Tremannsdans 58 p. 2 Berthe og Reidar Sand, Svene Numedalsspringar 52 p.

Spel hardingfele klasse B.
1. pr.: Svein Lien, Øverland, Tinn 249 p.

2. pr.: Arne T. Aabø, Vinje i Telemark 231 p. Svein Skjerdal, Sogndal 230 p. Leikny Aasen Rogne, Longva 229 p. Sigurd Skrindo, Ål 222 p. Arthur Søgnen, Ål 204 p. Lars Brattabø, Nå 196 p. Jan Olav Dimmen, Stranda
194 p.
3. pr. Per Øyvind Tveiten, Landås 186 p. Øystein Fjørsrad, Stranda 168 p.

Premieliste for kveding.
1. pr.: Bjarne Øverbø, Torbjørg Aamlid Paus.
2. pr.: Margrethe Opheim, Vossestrand Inger Fletre, Voss Aslak Austad, Os i S. Magna Eggen, Engerdal.

Bukkehorn:
Dagfinn Nupen, Ørsta 2 p.

Lur:
Dagfinn Nupen, Ørsta 1 p.

Munnharpe:
1. pr. Hallgrim Berg, Ål i Hallingdal 1. pr. Arne Røine,
Oslo.

Langleik:

Arne Røine, Oslo 1 p. Leif Gjerland, Eidanger 2 p

Seljefløyte:
Dagfinn Nupen, Ørsta 1 p. Arne Røine, Oslo 1 p.

Tussefløyte:
Stein Harald Larsen 1 p. «Havella» lagspel 1 p.

Spel vanleg fele klasse A.

1 pr. Hans H. Holen, Vågåmo 267 p. Amund Bjørgen, Garmo 263 p. Tore Rødølen, Oslo (Otta) 263 p. Knut Kjøk, Oslo (Garmo) 258 p. Ivar Schjølberg, Vågåmo (Ålen) 256 p. Sverre Bjørkås, Oppdal 254 p. Magne Bøe, Dombås 254 p. Liv Haldis Kvernberg, Romsdal 253 p.
Fridtjof Sole, Oslo (Garmo) 252 p. Pål Skogum, (Lalm) 252 p.
2. pr.: Ellef Hjellebakk, Stranda 244 p. Borgny Eide Tallerås, Otta 244 p. Magnus Hoelshagen, Dombås 236 p. Jørgen Westerhaug, Oslo (Trysil) 224 p.

Spel hardingfele klasse A.
1. pr.: Knut Hamre, Hardanger 272 p. Johannes Sundsvalen, Sauherad 268 p. Torleif Bolstad, Valdres 267 p. Finn Vabø, Bergen 256 p. Jens A. Myro, Ål 255 p.
2. pr.: Sigmund Eikås, Eikås 249 p. Torkjell Tveiten, Nesflaten 243 p. Eilef Eilefsen, Skjelsvik 241 p. Oddmund Dale, Hop 233 p.

Premieliste for dans kl. A. Hardingfele
1. pr.: Torbjørg Aamlid Paus, Vågsbygd og Aslak Austad, Setesdal, Setesdalsgangar 84,5 p. Thomas Stensgård, Gol Halling 84,0 p. Berit Hovda, Torpa og Nils Ove Gjeldokk, Ål Hallingspringar 82,0 p. Ragn
hild Vindegg, Geilo og Th. Stensgård, Gol Hallingspringar 82,0 p. Birgit Døvre og Jørgen Trøen, Valdres Valdresspringar 81,5 p. Svanhild og Steinar Drøsdal, Bergen Vestlandsspringar 81,0 p. Bibbi Grinilia, og Ar
vid Gullbring, Porsgrunn Gangar 81,0 p. Torill og Torleif Stave, Ål Hallingspringar 81,0 p. Maria Høgetveit og Hallgrim Berg, Ål Springar frå Ål i Hallingdal 81,0 p. Arnhild Johnset og Oddvar Vestenfor, Ål Hallingspringar 79,0 p. Bjørg Bakkane, Krogstadelva og Kristian Hanto, Oslo Springar frå Midt-Telemark 79,0 p. Aslaug og Olav Einemo, Fjellhamar Vestlandsspringar 79,0 p. Anna Kreken, Gjerde og Lars Kreken, Jostedal Jostedalsspringar 78,0 p. Svanhild og Steinar Drøsdal,
Bergen Vossarudl 78,0 p. Gunnbjørg Skålevik og Arvid Veda, Bergen Vestlandsspringar 78,0 p. Bibbi Grinilia, og Arvid Gullbring, Porsgrunn, Heddalsspringar 78,0 p.
2. pr. :Gunnbjørg Skålevik, og Arvid Veda, Bergen Rudi 77,5 p. Grete og Torleif Midtbøen, Gvarv Telespringar 77,0 p. Gunvor og Dagfinn Kjosås, Øystese Rudi 76,0 p. Reidun Brauti, og Johs. Sundsvalen, Lunde
Telemarksspringar 76,0 p. Peder Kolsrud, Torpo Halling 75,0 p. Helga og Peder Kolsrud, Torpo Hallingspringar 75,0 p. Gunvor og Dagfinn Kjosås, Øystese Vestlandsspringar 75,0 p. Greta Bringsrud, og Nils Flatland, Gvarv Telespringar 75,0 p. Oline og Oddbjørn Hesje
vold Jostedalsspringar 72,0 p.

Premieliste for lagspel. Hardingfele:
1. pr.: Aal Spel og Dansarlag, Ål 257 p. Naustedalen Spelemannslag, Naustedal 256 p. Stranda Spelemannslag, Stranda 255 p.

Premieliste for lagspel. Vanleg fele:
1. pr.: Gudbrandsdølenes Spelemannslag, Oslo 271 p. Oppdal Spelemannslag, Oppdal 267 p. Vågåmo Spelmannslag, Vågåmo 267 p. Ålen Spelmannslag, Ålen 260 p. Dovre Spelmannslag, Dovre 259 p. Østerdalsringens Spelmannslag, Oslo 256 p. Romsdal Spelmanns
lag, Molde 256 p. Engerdal Spelmannslag, Engerdal 254 p.

2. pr.: Sunndal Spelmannslag, Sunndal 249 p. Sunnmøre Spelmannslag, Stranda 244 p. Lillehammer Spelmannslag, Lillehammer 242 p. Fron Spelmannslag, Vinstra 241 p. Eiker Spelmannslag, Hokksund 210 p. Ringebu Spelmannslag, Ringebu 203 p.

Dans etter vanleg fele klass A.
Kristine Guldahl og Ole Sv. Tamnes 78 p. Kristine Wenhaug og Anders J. Reitan 78 p.

Text

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024