
Ei rettleiande innhaldsliste til læreplanen i musikk på høyring og eit innspelswebinar for å dele erfaringar frå kulturskulen, er to store ting som skjer på politisk front i folkemusikk- og folkedansfeltet denne månaden.

Verdas største juniorspelemannslag under FolkOrgs jubileumshelg i Bergen i 2023. Foto: Thor Brødreskift/FolkOrg
Tekst: Redaksjonen/pressemeldingar
Kulturskolerådet og Norsk senter for folkemusikk og folkedans (SFF) har inngått eit samarbeid som skal stryke arbeidet med folkemusikk og folkedans. Det skal også bidra til tettare samarbeid mellom kulturskular og lokale tradisjonsmiljø, ved at fleire kommunar får støtte i å utvikle tilbod i samspel frivillige og profesjonelle aktørar.
Ein viktig del av samarbeidet mellom Kulturskulerådet og SFF, er å utvikle støtteressursar for kulturskulane. Desse skal etter kvart publiserast på SFF sine nettsider, der kulturskulane kan få tilgang til undervisingsopplegg, metodikk og døme frå samarbeid rundt om landet.
I samband med dette inviterer dei to organisasjonane til eit digitalt innspelswebinar neste veke. 17. april kan kulturskular og tradisjonsmiljø delta i dette og kome med innspel til utvikling av ressursane.
I tillegg er Kulturskolerådet og SFF i dialog med høgskular og universitet i korleis det kan leggast betre til rette for kompetanseheving for kulturskulepedagogar som jobbar med folkemusikk og folkedans.
17. april er også ein dato å merke seg for dei som vil uttale seg om dei rettleiande innhaldsliste til læreplanen i musikk i grunnskulen. Då er det høyringsfrist hos Utdanningsdirektoratet.
Den rettleiande innhaldslista til læreplanen gjev døme på repertoar for utøving og for lytting. Den dekker dei delane i læreplanen som handlar om opplevingar og kulturforståing. Lista speglar også mangfaldet som inngår i fellesskapet her til lands, som sjangermangfald, historisk og kulturelt mangfald.
Utdanningsdirektoratet skriv at denne lista bør supplerast med lokalt repertoar.
Dei rettleiande innhaldslistene er ein ny form for støtte til lærarane og skulane i arbeid med læreplanane. Dei er frivillige å bruke, men skal støtte skulens arbeid med verdigrunnlag og bidra til felles referanserammer, samt auka innsikt i blant anna felles historie, kulturarv og tradisjonar.
Av ting som er foreslått på lista så langt, er blant anna fleire folkedansar der Folkepedia blir bruka som kjelde, norsk, samisk og kvensk tradisjonsmusikk, musikk frå andre land og musikk som er forankra i tradisjon, men som utvidar omgrepet.
Heile den førebelse innhaldslista er her. Lenke til et annet nettsted.
Sist oppdatert
