
Jon Solberg og Anne Gravir Klykken er ute med albumet Kom til meg. Plata er den andre utgjevinga deira som duo, og byr på ei blanding av nyskrivne songar og tradisjonsmateriale med røter i folkemusikken.

Telemarkingane Anne Gravir Klykken og Jon Solberg presenterer både nytt og gamalt på plata si. Foto: Ketil Hardy.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Jon Solberg frå Bø og Anne Gravir Klykken frå Solum er begge godt etablerte namn på den norske musikkscena – og båe med tydeleg forankring i Telemark. Solberg er kjend som vokalist og frontfigur i bandet Ni Liv, i tillegg til ein omfattande solokarriere med fleire plateutgjevingar. Klykken er folkesongar og har gitt ut eigne plater, samt samarbeidd med andre, mellom anna i trioen Vintermåne.
Kom til meg er den andre plata dei gjev ut i lag. Samarbeidet mellom dei to starta i 2018, då Klykken medverka på Solberg si solplate Så lenge toget fløyter. I 2022 kom duoalbumet Et ønske, og no følgjer dei opp med ei ny utgjeving.
Albumet rommar både nyskrivne songar og tradisjonelt materiale. Jon Solberg står bak mange av tekstane og melodiane, medan både Klykken og Olav Solberg har bidrege med tekst på kvar si vise.
Musikken har eit tydeleg fundament i folkemusikken, med impulsar både frå norske tradisjonar og frå musikktradisjonar på den andre sida av Atlanteren. Songane formidlar forteljingar og stemningar knytte til levd liv, både historisk og i samtid.
På plata syng både Anne Gravir Klykken og Jon Solberg. I tillegg nyttar Klykken oktavmandolin og perkusjon, medan Solberg diskar opp med gitarar, fele, tangentar, dobro, mandolinar, banjo, bass og perkusjon
I tillegg medverkar Johanne Flottorp på hardingfele på låtane «Kom til meg» og «Nede ved elva».
Albumet er produsert av Jon Solberg, og spela inn hos Tor Magne Hallibakken i Nesbyen og i Studio Skogkanten i Bø. Hallibakken har òg stått for miksing og mastering.
Kom til meg er gjeve ut på plateselskapet Grammofon.
NB! Johanne Flottorp er redaksjonsarbeidar i Folkemusikk, men medverkar ikkje i omtaler av produksjonar ho bidreg i.
Sist oppdatert
