
For femte året på rad samlast ein gjeng med musikantar i vårlege omgivnader på Jomfruland utanfor Kragerø i Telemark. Herman Gautefald er ei av eldsjelene bak kurset «Folkemusikk langs Skagerakkysten».
%20kystkurs.jpg)
Frå eit av dei første åra med kurset "Folkemusikk frå Skagerakkysten". Her har Kevin Henderson undervising. Foto: Herman Gautefald
Tekst: Johanne Flottorp
På Jomfruland er det naturreservat og eit yrande fugleliv. Her ligg også DNT-hytta Øitangen, som har stor boltreplass med mellom anna ein stor låve. Herman Gautefald fekk augo opp for denne plassen då mor hans feira bursdag her i 2021, og han fekk umiddelbart tankar om å ha eit folkemusikkurs her.
– Eg tenkte at dette ville vere ein fin stad å ha kurs i folkemusikk frå kyststrøka, og at ein kunne fokusere på tradisjonar som går litt under radaren, seier han.
Ånon Egeland hadde han god kontakt med, og han var ein naturleg lærar det første året. Sidan då har han vore fast inventar. Elles var det Annika Westgård, Kevin Henderson og Lisa Haugeland som var med å dra kurset igang.
.jpg)
Ånon Egeland har vore instruktør på kurset sidan oppstarten. Foto: Tellef Kvifte
Det første året hadde Kevin Henderson kurs i felespel frå Shetland, men etter kvart har dei sett over til Sverige, og i år som mange tidlegare år er det Göran Premberg som har kurs i desse kysttradisjonane.
Sjølv om begge instruktørane i år er felespelarar, og mange av deltakarane også er det, er eit viktig poeng med kurset at det skal vere ope for alle.
– Det har tidlegare vore med fløyte, trekkspel, klarinett, harpe, blant anna, fortel Gautefald.
Instruktørane skriv ut arrangement på slåttane dei lærer bort, slik at alle kan slenge seg med, uansett instrument. Samspelet er viktig.
Kurset har blitt ein sosial arena, og ein møteplass for mange som kjem tilbake år etter år. Dei fleste er frå 30-åra og oppover, men nokre år har det vore med deltakarar heilt ned i 10-årsalderen. Annika Westgård har også i år eit ekstra ansvar for å følge opp dei unge, og om ein må ha noko individuell oppfølging, er det lagt opp til det.
– Kurset er éin ting, men det å treffe hyggelege menneske og spele i trivelege omgivnader er vel så viktig, seier Gautefald.

Ein viktig pådrivar for kurset, Herman Gautefald. Foto: Privat
Kurset startar med at folk kjem ut fredag ettermiddag og får servert fiskesuppe. Så er det ein introkonsert der instruktørane får presentert seg og kursmaterialet. Så startar kurset med ein fellesbolk.
På laurdagen er kurset ordentleg igang, og då blir deltakarane delt i to grupper. Men instruktørane bytter litt på så alle får lært av begge.
Etter at deltakarane har ete lunsj og vore på ei lita utflukt på øya med Herman Gautefald som kjentmann, held kursa fram. Det er også eit dansekurs for dei som vil denne helga, og der skal Andrea og Benjamin Rygh lære bort springdans frå Vestfold.
Helgekurset er i hovudsak eit musikkurs, men musikken heng saman med dansen, og kursleiaren seier det er viktig å kople desse to saman.
– Tidlegare år har me dekt områda frå Lindesnes i Agder til Kragerø i Telemark, og så gått over til Sverige eller Shetland. Men i år har me med Vestfold også. Det høyrer absolutt med til kysttradisjonane, så i tillegg til dansen vil Ånon også lære bort nokre slåttar frå Vestfold, fortel Gautefald.

Göran Premberg skal også undervise på kurset. Foto: Privat
På kveldstid laurdag er det ope scene og jam og dans til langt på natt.
Erfaringsmessig rekk ikkje Herman Gautefald å vere med på så mykje kurs sjølv, mellom slaga med turguiding, litt båttransport og klargjering av måltid.
– Det er veldig hyggeleg heile tida uansett. Det er så kjekt å treffe folk, spele og danse. Og det er jo ein utruleg triveleg plass å vere. Jomfruland om våren er magisk, så me set av tid til at folk kan puste og sjå seg om, rusle rundt og snakke med kvarandre. Det kjem så mange spennande folk hit, seier han.
Fristen for å melde seg på har eigentleg gått ut, men Gautefald fortel at det er plass til nokre slengarar. Det går også an å kome dit på dagstur.
Sist oppdatert
