Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikarar med på livealbum frå Bergen kirkeautunnale

Bestillingsverket To kongsdøtre av Julian Misic er ute som dobbelvinyl. I prosjektet medverkar mellom andre folkemusikarane Nils Økland og Liv Ulvik.

Julian Misic står bak "To kongsdøtre" der mellom andre Liv Ulvik og Nils Økland er med. Foto: Apollon Records.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Liveinnspelinga av verket To kongsdøtre vart gjort under urframføringa i Bergen domkyrkje i september 2023, som del av Bergen kirkeautunnale. No blir produksjonen gjeven ut på dobbelvinyl gjennom plateselskapet Apollon Records.

Komponist og initiativtakar er Julian Misic, som har arbeidd med prosjektet i samarbeid med festivalsjef Kjetil Almenning.

Folkemusikalske innslag

Blant dei medverkande finn ein fleire utøvarar med bakgrunn i folkemusikk. Hardingfelespelar Nils Økland medverkar både på hardingfele og fiolin, medan Liv Ulvik står for vokal med utgangspunkt i norsk tradisjon.

Prosjektet samlar elles musikarar frå ulike sjangrar og tradisjonar, mellom anna gregoriansk vokalensemble, klassiske utøvarar og musikarar med røter i balkansk tradisjonsmusikk.

Historisk tematikk

Verket tek utgangspunkt i forteljingar om to historiske kvinneskikkelsar: den vestnorske helgenen Sankta Sunniva og den bysantinske prinsessa Anna Komnene. Gjennom tekst og musikk blir desse sett i samanheng, med referansar til både norsk mellomaldertradisjon og bysantinsk historie.

To skaldekvad, framførte av Ragnhild Gudbrandsen, dannar eit sentralt utgangspunkt for verket.

Mellom tradisjonar

Musikken i To kongsdøtre kombinerer materiale frå den såkalla Olavsmusikken med nykomponerte parti. Framføringa i Bergen domkyrkje – ei kyrkje med røter tilbake til 1100-talet – var eit medvite val i arbeidet med prosjektet.

Bakgrunnen for verket strekkjer seg fleire år attende. Misic har mellom anna vist til møte med makedonsk tradisjonsmusikk og samarbeid med musikarar frå Balkan som viktige impulsar i utviklinga av prosjektet.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024