Folkemusikk logo
Logo

Plateslepp med hakeslepp på Riksscenen

Gangar feira ny plate med flammer, gjestar og nye låtar på Riksscenen på laurdag.

Storslått stemning då Mattias Thedens og Gangar sleppte sitt andre album i helga.

Tekst og foto: Sunniva Langås-Røiland

Tre år har gått sidan debutplata “Stubb” kom ut, og no er Mattias Truell Thedens, Oskar Goedvriend Lindberget, Richard Max, Jonas Thrana Jensen og Henrik Dullum tilbake med nye rocka slåtter i albumet “Dreng”.

Oppvarming

Klokka ni gjekk det svensk/estiske bandet Fränder på scena for å varme opp publikum. Uttrykket deira med akustiske instrument og mykje trommer i monitor blir skildra som “heavy folk”.

Bandet har spelt i over ti år, men mest i USA og Canada.

– Det er andre gong me spelar i Noreg, men me har spelt over 100 gonger i Canada, fortalde dei frå scena.

Med flosshatt, smykker og hekseinnslag framstod uttrykket meir som ein leiken parodi av nordisk folkemusikk enn eit autentisk uttrykk – men det var kanskje målet. Dei bydde på eit energisk show, med kontrabassen løfta mot taket, stor innleving og oppmodingar til publikum om å bøye seg ned før dei hoppa opp i låtas klimaks. Likevel bleikna dette i møte med det showet som skulle kome etter.

I løpet av dei 55 minutta dei spelte, rakk salen å fylle seg opp, og då Gangar byrja var det selt 264 billettar.

Gangar kombinerer folkemusikk med heavy metal og forrykande sceneshow.

Høg headbangingsfaktor

Så var tida inne for kveldens hovudakt. Med raukmaskin, lyskastarar og “headbanging” frå fyrste låt blei publikum dregne inn i Gangaruniverset.

Dei fem musikarane la stor vekt på sceneshowet, og det var tydeleg at dei kosa seg. Særleg felespelar Thedens gav publikum hakeslepp fleire gonger i løpet av konserten.

Han kruka, dansa, hadde eld på fela, hoppa over bogen og crowdsurfa. Alt utanom det siste samstundes som han spela.

Eldfullt: Mattias Thedens sitt sceneshow er det nok få andre som greier å gjere etter han.

Det er imponerande nok å ha den energien og gjere desse stunta, men det ville er at dei samstudes spelar råbra. Etter denne konserten var det berre éin ting å gjere: reise heim for å øve på å spele og headbange samstundes.

Gitarsoloar, fete bassriff og masse energi gjev Gangar det ein skikkeleg rockekonsert må ha. Når denne rocka organismen set igong polsen, er det klart det blir dansegulv. Med blanding av laus, pardans, tredans (som i å vere eit tre) og headbanging er Gangar i takt med dei fleste, og publikum gjenspeglar det. Det var både faste Riksscenen folk på konserten, men òg mange andre Gangar-konsert-gangarar i alle aldrar.

Sjølv om dei lagar ny musikk og eksprementerar, er bandet opptekne av kjeldane sine og finn materialet i arkiv. Trygve Vågen, spelemannen som gjekk bort i forfjor, blei hylla då dei skulle spele “Fjukan Rjukan” som Thedens har etter han.

Hvem Karl Seglem foruten vind?

Med seg på den nye plata har Gangar fleire gjestar, og mange av dei var på scena denne kvelden.

Martin Steinum Brun var ein av fleire gjesteartistar.

Martin Steinum Brun og Ingrid Lingås Fossum song. Fossum hadde òg med langeleiken. Langeleiken forsvann diverre i det større lydbilete med heile bandet, men gjorde seg då den kom fram i roligare delar. Det var eit parti der ho spela saman med Thedens, og det var heilt nydeleg. Kenneth Lien kom med munnharpa og groova godt.

Eit høgdepunkt var då Bare Egil song “Eg er liten” som berre Egil kan med artige klede og innleving.

Saksofinisten i gangar, Lindberget, fortalde at Karl seglem er eit førebilete, og at det var stas å ha han med. Seglem spelte på fleire låtar, og har til og med eit eige spor på plata oppkalt etter seg. “Hvem Karl Seglem foruten vind?” fekk publikum høyre på konserten med bukkehorn og mykje sjarm.

Tilbake der det starta

Thedens fortalde at det var stor stas å spele på Riksscenen igjen, for det var der det byrja.

– Me hadde vår andre konsert i 2021 på Riksscenen. Då varma me opp for Hoven droven, sa han frå scena.

Han takka Asgaut Bakken for at han gav dei moglegheita, sjølv om dei var så ferske.

– Til då hadde me berre vore heime og spela, men då me fekk jobben måtte me byrje å skrive låtar.

Dei kalte seg først for Gangarstubbgutta, men forstod at den internasjonale karriera kom til å bli kort med det namet når sjølv ikkje nordmenn klarte å seie det.

Kenneth Lien dukka opp med munnharpa si på eitt av nummera. Gangar tek utgangspunkt i både tradisjonelle instrument og låttar i arrangementa sine.

Etter siste ekstranummer var publikum nøgde, og summing av godord fylde rommet. Åsmund Farstad var blant dei frammøte og ville gjerne bli sitert på at han var nøgd med konserten.

– 10 av 10, og med ein Nordfjord-slått til og med, oppsummerte Farstad.

Alt i alt eit vellukka plateslepp, og eg gler meg allereie til å sjå kva Gangar gjer neste gong. Dette bandet står ikkje stille — på nokon måte.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024