
Både Landsfestivalen og Landskappleiken ønsker seg fleire frivillige. Ein treng ikkje forplikte seg til så mange vakter. For det å vere innom festivalane i nokre timar er også positivt, og det byggjer arrangørkunnskap rundt om i bygdene, meiner Kjærsti Gangsø, som har vore leiar for arrangementa fleire gonger.

Treng frivillige: Både Landskappleiken og Landsfestivalen er avhengige av eit stort apparat av fotfolk for å lage mat, stå vakt, jobbe som innpiskarar, få i stand infrastruktur, jobbe med stemnekontoret og anna forefallande arbeid. Foto: Kine Rosnes Hansen / FolkOrg.
Tekst: Johanne Flottorp
På Landsfestivalen har over 300 meldt seg som frivllige, men frivilligleiar Per Ove Røe seier at han ønsker seg 100 til.
– Det er lettast å få folk til å stå i døra eller porten. Og sjølv om det er stor pågang på mat, er det der me manglar flest folk. Det er der det er mest arbeid, og der kan ein ikkje ha like lange vakter. Lange vakter er lettast på vakthald og slikt, men maten er ein intens jobb, seier han.
For å hanke inn frivillige, har Røe og resten av komiteen gått systematisk gjennom lista av frivillige frå sist gong det var eit stort folkemusikkarrangement i Vågå, på Landskappleiken i 2019. Dei har luka ut dei som er for gamle eller har falle frå, og så har dei ringt rundt. Dei fleste har vore veldig positive i andre enden, og det har vore ein fin jobb, seier Røe.
– Det har vore ein triveleg jobb å ringe folk. Ein får mange gode samtaler og historier, seier han.

Frivillige i sving med å få på plass dansegolv i matteltet på Landsfestivalen i Oppdal i fjor. Foto: Landsfestivalen 2025 / FolkOrg.
– Eg er ikkje bekymra enno, det melder seg folk stadig vekk. Men me manglar folk, seier frivilligsjef på Hovden, Liv Hilde Holm.
Det er rundt 200 som har meldt seg så langt, og mange av desse skal ta fleire vakter. Men ho seier at kappleiken manglar mellom 100 og 150 frivillige.
Her kan du melde deg som frivillig til:
Landskappleiken Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Landsfestivalen Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det blir gjennom året arrangert fleire store arrangement på Hovden, som gjer at folk har stilt mykje opp som frivillige på andre ting. Difor trur Holm at det er litt dugnadsmettheit hos mange i øvre Setesdal. Maten under Landskappleiken er sett bort til ein annan aktør, og mange frå det lokale idrettslaget skal hjelpe til der.

Stort trykk: Dei fyrste dagane er det gjerne eit stort trykk særleg på registreringa. Foto: Landsfestivalen 2024 / FolkOrg
Holm bur i Bykle, men var før ho tok på seg vervet som frivilligleiar ikkje så kjend med folkemusikkmiljøet. Mange av namna på dei som til no er registrerte som frivillige, kjenner ho ikkje til, noko som indikerer at tilreisande kappleiksgjengarar har meldt seg. Og når dei først har stilt seg til teneste er det fleire som gjerne vil jobbe mykje.
– Nokre tek gjerne fire-fem vakter, fortel ho.
Både Landskappleiken og Landsfestivalen bruker det samme systemet for å registrere frivillige og lage vaktlister. Påmeldinga skal vere intuitiv og enkel, spesielt om ein registrerer seg via PC.
Nummeret til dei to ansvarlege for frivillige på arrangementa ligg ute på dei respektive sidene, og begge to er opne for å ta imot telefonar og bistå folk med å registrere seg.
Kjærsti Gangsø er med i frivillignemda i år, men ho har to Landskappleikar og ein Landsfestival bak seg som leiar.

Kjærsti Gangsø har fleire gonger vore i leiinga for store folkemusikkarrangement i heimbygda Vågå. Foto: Landskappleiken 2019 / FolkOrg.
– Eg har ein kjepphest, for eg opplever at nokre arrangører vil få ned talet på frivillige, og heller få folk til å ta to eller fleire vakter. Og to vakter er heilt fint, men når du skal bemanne frå onsdag til søndag, så blir det mange vakter. Alle som tek ei vakt blir del av festivalen, handlar i matteltet, opplever festivalen på ekte og blir kjend med dansen og musikken, seier ho.
At folk tek på seg ei vakt, tenkjer ho på som berre positivt.
– Det skaper ein arrangørkompetanse i bygda, seier ho.
På den måten treng ikkje folk å gå «all in», men vere med nokre timar og dermed få litt meir kunnskap om slike arrangement.
Gangsø synest ikkje det er vanskeleg å få folk med. Folk skjønner at det er noko dei gjer for bygda, eller miljøet.
– Dei som er i miljøet veit at om det skal vere festival og kappleik, må ein jobbe litt. Men det er ikkje noko jobb, det er mest berre artig. Å sjå på det å vere frivillig som belastning, er feil innvalsvinkel. Det varer berre nokre få timar, ein blir ein gjeng og har det artig.
Torunn Raftevold Rue kom i fjor haust inn i frivillghemda på Hovden. Dei siste åra har ho alltid tatt ei vakt eller to som frivillig uansett kvar Landskappleiken har vore. Det var spesielt etter at ho som medlem i Seljord spelemannslag husa Landskappleiken i 2011 ho såg kor viktig det er at ein hjelper kvarandre når ein arrangerer slike store treff.
Ho er heller ikkje så uroa for at kappleiken skal mangle frivillige når opningsdagen er der, men trur folk kjem sigande utover våren, når dei får ei påminning om at dei treng folk.

Torunn Raftevold Rue har dei siste åra meldt seg som frivillig til Landskappleiken kvart år. Det var spesielt etter at ho som medlem i Seljord spelemannslag husa Landskappleiken i 2011 ho såg kor viktig det er at ein hjelper kvarandre når ein arrangerer slike store treff. Foto: Frank Holtschlag / FolkOrg.
Sjølv liker ho godt å jobbe bak scena når ho er frivillig.
– Eg liker godt å jobbe med registrering. Der kan det vere fint å ha nokon som kjenner igjen folk når dei skal registrere seg, og folk som kjenner systemet. Men både det å registrere bak scena, vere innpiskar, hente folk på øvingsrom, alt i den tevlingsbiten, synest eg er veldig kjekt, seier ho.
Sjølv om det framleis manglar nokre folk her og der, har Kjærsti Gangsø ein positiv observasjon av Frivillig-Noreg.
– Viss folk er interesserte, blir dei med. Det er mogleg eg er naivt opptimist, men eg meiner kulturfrivilligheita lever i beste velgåande i heile landet, seier ho.
Sist oppdatert
