Folkemusikk logo
Logo

Desse er klare for Introfolk

Seks unge utøvarar er valde ut til utviklingsprogrammet Introfolk 2026. Gjennom mentorsamlingar fram mot hausten skal dei vidareutvikle seg som artistar, før ein av dei blir kåra til Årets unge utøvar under Folkelarm i november.

Øvst frå venstre: Artist: Sindre Tronrud Foto: Isa Holmgren. Artist: Hannah Moira og Ivar Foto: Thomas Westling. Artist: Magnhild Garnås Haugen Foto: Knut Utler. Artist: Suigard Foto: Kristoffer Dyblie Erdal. Artist: Åsmund Farstad Foto: Anniken Klinge. Artist: Vilde E. Westeng Foto: Knut Utler.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Introfolk er eit mentor- og utviklingsprogram i regi av FolkOrg, retta mot unge musikarar og dansarar i startfasen av karrieren. Målet er å styrkje norsk og samisk folkemusikk og -dans, og gi deltakarane fagleg oppfølging og nettverk inn i bransjen.

Årets deltakarar er Magnhild Garnås Haugen (Hjartdal), Sindre Tronrud (Fagernes), Åsmund A. Farstad (Volda), duoen Hannah Moira & Ivar (Valestrandsfossen/Malm), Suigard (Bø i Telemark/Lom) og Vilde Ellegaard Westeng (Gransherad).

Les meir om artistane på Folkelarm sine sider. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Deltakarane skal gjennom både digitale og fysiske mentorsamlingar før dei møtest til finalekonsert under Folkelarm 19. november. Der blir ein av dei kåra til Årets unge utøvar 2026.

– Folkemusikkfeltet er fullt av unge, dyktige og musikalsk nysgjerrige utøvarar. I introfolk finn ein både dei som dykkar ned i tradisjonsmusikken med hud og hår og dei som trakkar opp nye far – publikum kan sjå fram til å bli betre kjend med alle desse flotte utøvarane, seier jurymedlem Sivert Holmen.

Vinnaren får mellom anna ein turné på norske scener i 2027 og eit skreddarsydd mentorprogram med fokus på kunstnarisk utvikling og etablering i bransjen.

Introfolk blir arrangert annakvart år. Tidlegare vinnarar inkluderer mellom andre Erlend Viken, Kim André Rysstad og Benedicte Maurseth.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024