
Jørn Hilme-stemnet i Valdres er ein av fem finalistar til bransjeprisen Årets festival 2026.

God grunn til å juble for ein gjæv nominasjon! Foto: Anders Lillebo.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
– Dette er stor stas for ein liten nisjefestival, seier dagleg leiar Ingvild Lie.
Prisen blir delt ut av Norske Kulturarrangører, ein landsomfattande interesse- og kompetanseorganisasjon for arrangørar i kulturfeltet med over 500 medlemsorganisasjonar.
Jørn Hilme-stemnet er nominert saman med Oslo World, Notodden Bluesfestival, Midgardsblot og Barents Spektakel.
– Vi er i storflott selskap, så dette er jo gøy, seier Lie.
No er det medlemsorganisasjonane i Norske Kulturarrangører som stemmer fram vinnaren. Avstemminga er open fram til 4. mai.

Dagleg leiar for Jørn Hilme-stemnet, Ingvild Lie, er godt tilfreds med nominasjonen. Foto: Isa Holmgren.
I nominasjonsteksten blir Jørn Hilme-stemnet løfta fram som ein «skikkeleg travar» i norsk festivalliv. Festivalen vart arrangert første gong i 1960, og kombinerer eit breitt og ambisiøst program med røter i tradisjons- og folkemusikken.
Juryen peikar særleg på korleis festivalen legg til rette for møte mellom generasjonar, der både born, foreldre og besteforeldre kan dele opplevingar gjennom konsertar, dans, kurs og forteljingar.
Eit av høgdepunkta er den årlege solefallskonserten ved Jaslangen i Vestre Slidre, der musikken møter stølslandskapet og skapar ei særmerkt ramme rundt konsertopplevinga.
Festivalområdet ved Valdres Folkemuseum blir òg trekt fram som ein sentral møteplass, der tradisjon og nyskaping går hand i hand – frå seine klubbkveldar til intime solokonsertar.

Ifølgje Norske Kulturarrangører speglar finalistane eit breitt og sterkt år for norsk arrangørfelt, trass i auka kostnader og tøffare konkurranse.
– Arrangørfeltet har verkeleg levert, uttaler dagleg leiar Siri Haugan Holden i organisasjonen.
Vinnarane blir kunngjorde utover sommaren og hausten.
Sist oppdatert
