
Plata «I lys loge – Songar ved bålet» av Gabriel Fliflet og Kjartan Fløgstad vart sleppt digitalt i mars i år. Utgjevinga er eit utdrag frå urframføringa av konsertverket «I lys loge» under Vossa Jazz i 2024.

Gabriel Fliflet band I LYS LOGE. Foto Sigrid Kvarekvål.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
I lys loge – Songar ved bålet tek utgangspunkt i bålet som samlingsstad – ein stad for song, forteljingar, løyndomar og varme. Eld, glør og famne går att som gjennomgåande motiv i tekstane til Fløgstad og musikken til Fliflet.
Konsertverket «I lys loge» vart opphavleg bestilt av Vossa Jazz og urframført 22. mars 2024. Den digitale plata, som kom ut i mars 2026, er sett saman av utdrag frå liveopptaket av denne konserten.
Tekstane spenner frå det lågmælte poetiske til det humoristiske og politiske, medan musikken hentar impulsar frå folkemusikk, visesong, jazz og blues. Arrangementa er laga av musikarane i fellesskap.
På plata medverkar Per Jørgensen, Susanne Lundeng, Jørgen Sandvik og Anders Bitustøyl, i tillegg til Fliflet sjølv på trekkspel, piano og song.
Lydopptaket frå Vossa Jazz er gjort av Yngve Høyland, medan Kato Ådland har stått for miks og samproduksjon saman med Fliflet. Plata er gjeven ut på etiketten Lahrmsteiner Elite.
Sist oppdatert
