Folkemusikk logo
Logo

Hytta Trio debuterer med albumet Vindespel

Anne Hytta og Hytta Trio sleppte debutalbumet Vindespel i går. I trioen sitt lydlandskap flyt slåttemusikk, improvisasjon og klangeksperiment saman.

Hytta trio debuterer: Anne Hytta – hardingfele Jo Skaansar – bass Ulrik Ibsen Thorsrud – perkusjon. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Tekst: Pressemelding/redaksjonen.

Vindespel møter Hyttas hardingfele basspelet til Jo Skaansar og det mangfaldige perkusjonsuniverset til Ulrik Ibsen Thorsrud. Med instrument som sølvpapir, klokkespel og stortromme byggjer trioen eit uttrykk som vekslar mellom dansande sirkellåtar og meir undrande, langsame stemningar.

Smakebiten Dråpeslått vart lansert i midten av april:

– «Dråpeslått» er eit vrengt slåttemotiv, inspirert av slåttane på felestemminga «klokkestille», som eltest og knasast, vendast og førast vidare, i ei førestilling om at slåttespelet som grunnform er innfallsope og idémyldrande meir enn ferdig forma låtar, seier Anne Hytta i pressemeldinga.

Trioen byrja samarbeidet i 2018 då dei laga musikk til teaterframsyninga Tvisyn om diktaren Aasmund Olavsson Vinje. Sidan har dei utforska norsk tradisjonsmusikk som utgangspunkt for ny og open musikk.

Utgangspunktet for trioen er slåttetradisjonen frå Telemark som Anne Hytta står i, men musikken hentar også impulsar frå andre folkemusikktradisjonar og frå jazz- og improvisasjonsmiljøa som Skaansar og Ibsen Thorsrud kjem frå.

I pressemeldinga blir musikken skildra slik:

«HYTTA forlater gatene og menneskemylderet, og vender seg til tankene og drømmene. Her er mørke, tette skoger å vikle seg inn i og ut av, og åpne landskap med utsyn og oversikt.»

 Albumet er produsert av Anders Sundsteigen Hana. Innspeling og miks er gjort av Tor Magne Hallibakken ved Hallibakken studio, medan Helge Sten har stått for mastering ved Audio Virus Lab.

Vindespel blir gjeve ut på Krets, eit nytt norsk plateselskap for tradisjonsmusikk som tidlegare har sleppt utgjevingar med Åshild Vetrhus og duoen Janvin/Joh. Det nye plateselskapet vart omtala i Folkemusikk 1/2025. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024