
Når den nye programposten Songliner blir presentert under Telemarkfestivalen i august, står songarven og dei nære musikalske banda mellom generasjonar i sentrum.

Odd og Aasmund Nordstoga, Øyonn Groven Myhren og Ingvill Marit Buen Garnås skal heidre mødrene sine under Telemarkfestivalen. Foto: Agnete Brun / Laila Meyrick / Kristin Brynjulvsrud / Gudrun Semons.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Laurdag 8. august møtest Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Buen Garnås til ei særskild konsertoppleving i Gullbring kulturhus i Bø. Konserten blir òg eit felles minneprogram for mødrene deira – Agnes Buen Garnås, Dagne Groven Myhren og Ellen Bojer Nordstoga – som alle gjekk bort i 2024.
Ifølgje festivalen er Songliner ein ny programpost som skal løfte fram korleis songtradisjonar blir borne vidare mellom menneske, familiar og kulturar. Namnet peikar på korleis songen kan vandre mellom generasjonar og over landegrenser, og festivalen ønskjer at konseptet på sikt også skal romme møte mellom folkesongarar frå ulike tradisjonar og land.
I årets konsert står den tradisjonelle solo-kvedinga i sentrum. Dei fire artistane har alle sterke røter i den vokale folkemusikken i Telemark, og festivalen framhevar korleis arven og det musikalske påskuvet heimanfrå gjer dette møtet særleg meiningsfullt.
Telemarkfestivalen skriv at Songliner er tenkt som starten på eit langsiktig arbeid med å skape nye songmøte der tradisjonar kan delast, utfordrast og førast vidare.
Sist oppdatert
