
Komponistane Kristine Tjøgersen og Benedicte Maurseth er nominerte til Nordisk råds musikkpris 2026 for verket Elja.

Tjøgersen og Maurseth med gjæv nominasjon. Foto: Rui Camilo, Agnete Brun
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Verket vart bestilt av Kronos Quartet og Carnegie Hall, og hadde urframføring i New York i 2025. Ifølgje grunngjevinga frå nominasjonen representerer Elja eit internasjonalt gjennombrot for eit kunstnarskap der lokal forankring møter global relevans.
Med utgangspunkt i landskapet på Hardangervidda skaper Tjøgersen og Maurseth eit lydunivers der fuglar, dyr, vêr og vidde vert omforma til musikalske rørsler og tilstandar. Verket skildrar naturen som eit sårbart økosystem der alt heng saman.
Elja er skrive for Kronos Quartet på spesialbygde hardingfeler, hardingbratsj og hardingcello utvikla av felemakaren Ottar Kåsa, med Maurseth som solist. I grunngjevinga heiter det mellom anna:
Gjennom klang, resonans, rytme og stillhet formidler verket både skjønnheten i det levende og en stillferdig bevissthet om det som står i fare for å gå tapt.
De resonerende strengene, de alternative stemmingene og den rike overtonestrukturen skaper et omsluttende klangrom der hardingfeletradisjonens klanglige arv åpnes mot nye musikalske landskap.
I grunngjevinga vert det vidare trekt fram korleis Maurseth si forankring i den munnlege hardingfeletradisjonen møter Tjøgersen si utforskande klangtenking i eit uttrykk som vert skildra som poetisk, detaljrikt og klangleg dristig.
Nordisk råds musikkpris vart oppretta i 1965 og vert delt ut annakvart år til ein komponist og annakvart år til ein utøvar eller eit ensemble. Prisen skal løfta fram skapande og utøvande musikarar på høgt kunstnarleg nivå, med særleg vekt på nyskaping.
Sist oppdatert
