Folkemusikk logo
Logo

Klare for ny folkefest i Vågå

Berre fire år etter førre gong gjer Vågå seg klare til å ta imot fleire tusen deltakarar og publikummarar til Landsfestivalen. To veker før påmeldingsfristen går ut er det allereie nesten hundre fleire påmelde enn det var totalt i 2022.

Hovudnemnda for Landsfestivalen i Vågå 2026 begynner å bli klare for storinnrykk i månadsskiftet juli/august.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Med mykje av den same arrangørstaben på plass, stor frivillig innsats og eit program med satsing på både barn, unge og tradisjonar, meiner leiinga at dei ligg godt an i innspurten.

– Eg tykkjer vi ligg godt an. No har vi begynt med smådetaljane, og det er når brikkene byrjar å falle på plass at det blir interessant, seier festivalsjef Arne Stasviken.

Det er ikkje lenge sidan Vågå sist arrangerte Landsfestivalen, i 2022. Sidan den gong er berre to personar i hovudkomiteen bytte ut. Det gjev stor kontinuitet i arbeidet.

– Mange av desse folka har også vore med og arrangert kappleik før òg, seier Stasviken.

Vågå har i nyare tid arrangert Landskappleiken både i 1996, 2002, 2016 og 2019, og Landsfestivalen i 1991, 2007, 2012 og 2022. Dermed er det mykje rutine i bygdesamfunnet.

Meld deg på Landsfestivalen her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Satsar på barn og unge

I årets kulturprogram er det særleg barn og unge som får mykje merksemd.

– Det er mykje fokus på barn og unge i kulturprogrammet, slik at det skal vere litt for alle aldersgrupper, seier kultursjef Gro Visdal.

Mellom anna blir det songleik i Ullinsvin fleire dagar for dei aller minste. I matteltet blir det gratis dansekurs for både barn, unge og vaksne.

– Det er fine møteplassar, seier Visdal.

Eit av dei største prosjekta i år er bestillingsverket «Heilt øre», arrangert av Kultivator. I tillegg blir det fleire plateslepp og konsertar gjennom festivalveka.

Visdal fortel også at satsinga på Landsfestivalen juniorspelemannslag blir vidareført frå i fjor. Unge deltakarar kan lære seg slåttar på førehand og møtast til samspel under leiing av Øyvind Sandum under festivalen.

Her kan ein melde seg på Landsfestivalen juniorspelemannslag. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Overveldande respons frå frivillige

Frivilligsjef Per Ove Røe seier responsen frå bygdefolket har vore svært god.

– Responsen har vore overveldande. Vi meiner eigentleg at vi er i mål med talet på frivillige, og har stengt lista førebels, seier han.

Gjennom vinteren har arrangørane arbeidd aktivt med å kontakte folk som var med sist gong, og dei har marknadsført festivalen på arrangement som Traktorrock og Vågå-treffen.

– Vi har fått med vener og kjende, seier Røe.

Også dei frivillige får mykje ros frå resten av arrangørstaben.

– Dei stiller opp på samtlege arrangement, og ser ikkje på det som ei byrde. Det er heller ei glede å få vere med på noko som går bra, seier tevlingssjef Kristin Teigen Stasviken.

Håpar på ny rekord

Deu endelege åmeldingstala er enno ikkje klare, men arrangørane merkar stor interesse.

– Det var rekordår i 2022, så vi håpar at det skal bli god deltaking i år òg, seier ho.

I skrivande stund er den første fristen, der påmeldingskontingenten stig, nettopp ute. FolkOrg kan melde om stor pågang dei siste dagane. I 2022 var det 722 unike deltakarar, no er ein allereie oppe i 816, og enno er det att eit par veker til den endelege påmeldingsfristen 3. juni. Den siste rekorden er det fjorårets arrangør, Oppdal, som har, med 861 unike deltakarar.

Sjølv om påmeldinga hittil har vore særs bra oppmodar Teigen Stasviken likevel særleg fleire juniorar om å melde seg på.

– Det er plass til fleire juniorar. Det er ikkje mange i juniorklassene som har meldt seg enno.

Ei av endringane i årets tevlingar er at lagdansklassene no skal framføre to dansar i staden for éin.

Arrangørane har som mål å samle alle tevlingane på éin arena, men det kan bli utfordrande dersom deltakinga blir for stor.

– Det er eit lappeteppe å få i hop. Blir det rekordpåmelding, vil det antakeleg sprekke, og då må vi kanskje bruke kulturhuset eller andre arenaer òg, seier Stasviken.

F.v. Mai Elin Ulsanden, Per Ove Røe, Gro Visdal, Tonje Eilin Ulsletten, Stig Joar Sanden, Arne Stasviken, Kristin Teigen Stasviken, Geir Inge Stadeløkken og Jostein Visdal. Nestleiar Rikard Odnes var ikkje til stades då bildet varte teke.

Ny festivalcamp ved Vågåvatnet

Eit av dei største praktiske grepa i år er etableringa av ein ny festivalcamp ved Vågåvatnet feriesenter.

– Det blir gangavstand til hovudarenaen, kring seks–sju minutt. Vi har tru på at det blir fint der og godt tilrettelagt, seier teknisk sjef Stig Joar Sanden.

Festivalsjef Arne Stasviken peikar på at arrangementet stadig blir større og meir logistisk krevjande.

– Det blir større og større dette, så logistikken blir meir og meir avansert å få i hop.

Held fast ved «gamlemåten»

Maten er ein viktig del av festivalopplevinga i Vågå, og arrangørane har valt å halde fram med mykje eigenproduksjon framfor catering.

– Vi hadde ein diskusjon om korleis vi skulle gjere det med maten, for dei siste åra har det vore mykje catering. Men vi enda på at vi ville gjere det på gamlemåten, seier Stasviken.

Matsjef Jostein Visdal seier dei satsar på kjende løysingar framfor å eksperimentere for mykje.

– Det blir mykje av det same som før. Det er så store mengder folk at vi ikkje gjev oss ut på eit vidløftig opplegg, seier han.

Grillen blir flytta til ein meir synleg plass, og i år skal dei også prøve seg med reinsburger.

– Vi satsar heller på å gjere det godt enn å finne opp krutet på nytt, seier Visdal.

Han understrekar at arrangørane ønskjer full kontroll over kvaliteten.

– Vi legg ein del ære i bygda i dette, og då kan ein ikkje servere kva som helst.

 Det var god stemning sist Landsfestivalen vart arrangert i Vågå.

Viktig for heile bygda

Landsfestivalen har stor verdi både kulturelt og økonomisk for Vågå.

– Det har mykje å seie for næringslivet. Mange aktørar gler seg til eit slikt arrangement og ønskjer å vere med, seier marknads- og informasjonssjef Tonje Eilin Ulsletten.

Ho fortel at festivalen har fleire store sponsorar, i tillegg til stor støtte frå butikkar og næringsliv i sentrum.

– Mange ser verdien i at det kjem fire–fem tusen menneske til bygda.

Sist Vågå arrangerte Landsfestivalen, vart det så stor publikumstilstrøyming at arrangørane måtte stenge dørene laurdagskvelden.

– Bygdefolket er flinke til å stille opp. Sist såg vi at folk frå bygda kom både fredag og laurdag, seier Stasviken.

I år blir opningskonserten igjen gratis for alle pensjonistar i Vågå.

– Folk sette veldig pris på det sist òg, seier han.

Samtidig peikar arrangørane på at delar av festivalområdet vil vere ope også for dei som ikkje har festivalpass.

– På dagtid har ein høve til å kome og gå inn i matteltet utan billett, seier Kristin Teigen Stasviken.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024