Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Andrea Søgnen

Som festivalsjefvikar for jubileumsutgåva av Folkemusikkveka står Andrea Søgnen midt i førebuingane til ei heilt spesiell festivalveke på Ål. Den ferske festivalsjefen meiner dei faste programpostane er sjølve grunnmuren i festivalen, men lover òg nye opplevingar når Folkemusikkveka feirar 50 år.

Andrea Søgnen er klar for 50-årsjubileet til Folkemusikkveka i Ål. Foto: Anders Medhus / Hallingcast AS.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Om Fredagspraten:

I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 Folkemusikkveka fyller 50 år i år. For Andrea Søgnen er det første gong som festivalsjef i eit jubileumsår med ekstra store forventningar.

– Eg er vikar for Solfrid N. Gjeldokk. Eg har vore med sidan februar og hatt ein overlapp med Solfrid og lært mykje av henne. Ho har lagt det meste av programmet og gjort mykje av planlegginga, og lagt veldig godt til rette. Det er ein tryggleik at det er mange her som kjenner festivalen godt. Mange er faste, for eksempel Hallingdal lyd, og dei har ansvarsområde dei kjenner godt. Men eg er spent, seier ho.

Saman med Rannveig Øygardslia skal ho lose festivalen gjennom jubileumsåret.

Trioen bak jubileumsfestivalen: Andrea Søgnen, Rannveig Øygardslia og Solfrid Nestegard Gjeldokk.

Byggjer på grunnmuren

Søgnen fortel at jubileumsprogrammet tek utgangspunkt i dei faste programpostane som har prega festivalen gjennom fleire tiår.

– Me har bygd opp programmet rundt dei faste programpostane som er grunnmuren i festivalen. For eksempel kyrkjekonserten på torsdagen, folkemusikktenesta på sundag, Leug på laurdag, bygdamønstringa og Faniitulltevlinga.

Samtidig har festivalen valt å løfte fram historia på fleire av årets arrangement.

– Me byrjar på Bakketeigen med Knut Myrann, Øyvind Brabant, Frank Syversrud, Thorleif Stave og Hallgrim Berg. Dei var alle med på den aller fyrste festivalen. Det blir ein fin start på årets festival å gå attende til utgangspunktet.

Laurdag blir det stor jubileumskonsert i kulturhuset.

– Der blir det fokus på å få innblikk i historia til festivalen. Mellom anna blir det intervju med dei som var med og starta det heile. Samtidig skal konserten vise fram dagens folkemusikkmiljø i Hallingdal. Anders Lunden Herfoss og Sigrun Høgetveit Berg er programleiarar.

Spelemenn på Sundre-tur: Stein Torleif Bjella, Per Anders Buen Garnås og Odd Nordstoga.

 Eit anna arrangement som alt har skapt stor interesse, er «Spelemenn på Sundretur» med Odd Nordstoga, Per Anders Buen Garnås og Stein Torleif Bjella.

– Dei har ikkje spelt konsert saman før, men dei er gode vener. Den første konserten blei utseld før me sleppte programbladet. Dermed fekk me dei til å setje opp ein ekstra konsert, og den er òg utseld. Det blir to fulle hus!

Du finn heile programmet for Folkemusikkveka her. Lenke til et annet nettsted.

– Folk kjenner tilhøyrsle

Søgnen meiner mykje av forklaringa på at Folkemusikkveka har halde stand i eit halvt hundreår, ligg i kombinasjonen av tradisjon og fornying.

– Festivalprogrammet, med faste programpostar, gjer at folk har ei tilhøyrsle til festivalen. Samtidig er det ei spenning knytt til nye programpostar. Det har vore mange ivrige og engasjerte folk som har jobba med festivalen opp gjennom åra. Og så er det eit publikum som er veldig glade i Folkemusikkveka.

Ho peikar også på breidda i programmet.

– Det er både solokonsertar, større produksjonar og danseførestillingar, kurs, foredrag og ikkje minst sosial dans.

Fakta:

Namn: Andrea Søgnen

Fødd: 2001

Kjem frå: Gol

Bur i: Oslo (pendlar til Hallingdal)

Yrke: Dagleg leiar i Folkemusikkveka (vikariat) og frilans folkemusikar og folkedansar.

Kvifor spelar og dansar du?
– Eg er veldig glad i det, og det gir meg mykje. Det er eit fint miljø rundt det heile. Eg begynte fordi eg såg Myhr-jentene som spelte langeleik på ei avslutning på Hugnadheim der systera mi var med og spelte hardingfele. Då var det gjort. Det er eit veldig inkluderande miljø der vi har det fint i lag, og etter kvart vart eg introdusert for til dømes Strunkeveko.

Kven er dei fremste læremeistrane dine?
– Gunnlaug Lien Myhr og Anders Røine på spel, og Gunnlaug og Martin Myhr på dans. Eg gjekk i Rauland og lærte av Anders, medan eg har hatt Gunnlaug heile tida, og eg går framleis og lærer hjå henne.

Kva var den siste folkemusikk- eller folkedanshendinga du var på?
– Eg var på våravslutning på Hugnadheim for eit par veker sidan med langeleikelevane mine. Det er rørande å sjå dei små, og stas å spela med langeleikelevane. Dei ville spele mange låttar, så det vart mange langeleiknummer på den avslutningskonserten.

Viss du berre kunne høyrt på éi folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?
– Eg klarar ikkje å velja berre éi. Det må bli Bibopalula med Anders Røine og Daniel Sandén-Warg og Venter på noen som venter på noen med Valkyrien Allstars. Og så Kristine Valdresdatter med musikk av Anders Røine, Marit Karlberg, Hans Hulbækmo og Sondre Meisfjord.

Og så gler eg meg utruleg mykje til å høyre soloplata til Helga Myhr som kjem om ei veke!

Kva er det siste du har lese som omhandlar folkemusikk eller dans?
– Det har vore ein del i samband med førebuingane til Folkemusikkveka. No har eg lese gjennom dei gamle programblada. Der var det mykje artig!

Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?
– Eg synes opptaka av langeleikspelaren Arthur Vibeto Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. er veldig interessante fordi strøkbruken hans skapar kule rytmar. Desse opptaka vart eg introdusert for når eg studerte på Rauland.

Dei notenedskriftene som Lindeman gjorde med langeleikspelarar i Valdres Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. på 1800-talet er interessante. Men eg er ikkje så notekyndig, så eg har lært via andre. Eg synest det er interessant med små låttar som ein kan utbrodere. Når det gjeld danseopptak, er det veldig interessant å høyre korleis folk pratar. Me heldt på med eit arkivdansprosjekt med springarutøvarar frå Gol, og då såg me opptak og intervju med folk derifrå. Det er utruleg at det finst så mange variasjonar og tak – det er ei heil verd!

Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt det siste året?
– Eg såg Valkyrien Allstars i Operaen. Det var veldig flott, ikkje minst fordi Hekate var med og varma opp og bidrog på fleire innslag under konserten. Det var så flott med Hekate – groovy og kjempekult!

Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?
– Forhåpentlegvis er det masse folk som driv med det – at det har vore auka rekruttering desse åra. Eg håpar at dei som veks opp i Hallingdal kjenner til tradisjonane, sjølv om ikkje nødvendigvis alle driv med det. Elles håpar eg at det er gode tilbod i kulturskulane, og at det blir meir folkemusikk og folkedans i skulane og barnehagane. Og ikkje minst at mange spelar langeleik!

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024