Folkemusikk logo
Logo

Folkemusikkarkiva får svar frå statsråden – men ingen lovnad

Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery stadfestar at departementet kjenner til den kritiske situasjonen rundt det utdaterte arkivsystemet FIOL, men lovar ikkje noko konkret finansiering av ei ny løysing for folkemusikkarkiva.

Den kritiske situasjonen for Folkemusikkarkiva vart nyleg teke opp i Stortinget. Illustrasjonsfoto: SFF.

Kulturdepartementet og Lubna Jaffery har ikkje teke noko endeleg standpunkt i arkivsaka, men må no rapportere om framdrifta framfor dei folkevalde på Stortinget. Foto: Stortinget.

 – Eg er oppteken av at digital immateriell kulturarv blir trygt bevart, og at den blir gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum. Beskrivinga av utfordringane på folkemusikk- og folkedansfeltet er kjend for departementet, skriv Jaffery i svaret.

Peikar på fleire felt med same problem

Samtidig understrekar statsråden at utfordringane ikkje berre gjeld folkemusikkarkiva.

– Eit fleirtal av bevaringsinstitusjonar som arbeider med arkivmateriale som film, video, foto og lyd har tilsvarande utfordringar, skriv ho, og nemner mellom anna scenekunst og samisk joik- og forteljartradisjon som felt der audiovisuell dokumentasjon er avgjerande.

Ho peikar på at utvikling og drift av digitale fagsystem er både ressurs- og kompetansekrevjande.

I svaret signaliserer Jaffery òg at departementet ønskjer færrast mogleg parallelle løysingar.

– Departementets prinsipielle haldning er at vi bør unngå at det blir utvikla og etablert parallelle løysingar som dekkjer same behov, skriv ho.

Ifølgje statsråden bør immateriell kulturarv i større grad sjåast i samanheng med eksisterande digital infrastruktur.

Ingen lovnad om pengar

I spørsmålet viste Langfeldt til at fagmiljøa rundt Norsk senter for folkemusikk og folkedans har peikt på Nasjonalbiblioteket og systemet Axiell Collections som den mest realistiske løysinga vidare. Ei vidareutvikling av systemet skal etter det fagmiljøa har opplyst koste om lag fem millionar kroner.

Jaffery går ikkje inn på dette konkret i svaret, men viser til at spørsmål om tiltak og finansiering blir vurderte i dei ordinære budsjettprosessane.

– Når det gjeld val av tiltak og finansiering, blir dette vurdert som del av departementets ordinære budsjettprosess, skriv ho.

Framleis uro i fagmiljøa

FIOL vart utvikla på 1980-talet og har i fleire tiår vore det sentrale katalogsystemet for norske folkemusikk- og folkedansarkiv. Systemet er no under utfasing utan vidare teknisk støtte eller utvikling.

Fagmiljøa har åtvara om at metadata og dokumentasjon knytt til store mengder lyd- og filmopptak kan gå tapt dersom ikkje ei ny løysing kjem på plass. Ei rekkje aktørar, mellom dei Norsk senter for folkemusikk og folkedans (SFF), FolkOrg, Norges museumsforbund, Arkivforbundet, Noregs Ungdomslag og Sametinget har tidlegare samla seg om kravet om ei nasjonal løysing.

Leiar på SFF, Tanja Holmen, er litt oppgitt over svaret frå Jaffery:

– Vi opplever at kunnskapsgrunnlaget ikkje er fullstendig og at dei rette premissa ikkje er kommunisert godt nok, eller forstått, fortel ho i ein e-post til Folkemusikk.

Tanja Holmen vil ha fortgang i prosessen med å få på plass ein FIOL-erstattar. Foto: Kjellbjørn Karsrud.

– Det er nettopp eitt felles fag- og katalogsystem vi ønsker å kople oss på. Axiell collections er allereie kjøpt og utvikla noko for bla. Folkemusikkarkivsamlingen til Nasjonalbiblioteket. Løysinga finst, og viss alle folkemusikkarkiva koplar seg på denne løysninga vil vi med veldig få midlar få opp eit fag- og katalogsystem for heile kulturarven på området.

Holmen trekker også fram dette som ei viktig løysing for joikearkiva. SFF jobbar tett med Institusjonelt hjem for joik, Sametinget, UiO og folkemusikksamlingen i Nord Norge.

Spørsmålet om FIOL og framtida til dei norske folkemusikkarkiva har dermed no også fått politisk merksemd på Stortinget, men utan at regjeringa så langt har varsla konkrete løyvingar eller tidsplan for ei ny løysing.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024