
Etter 16 år er Veronica Akselsen attende som soloartist. Albumet Arven, eit personleg prosjekt med utgangspunkt i familietradisjonen, er no ute på strøymetenestene.

Veronica Akselsen er ute med si første soloplate på mange år. Foto: Multiportrett.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
– Musikken var ein lett bagasje mitt folk kunne bera med seg på vandringa, seier Akselsen i ei pressemelding.
Som dotter av Elias Akselsen, og tippoldebarn av den legendariske «tater-kongen» Stor-Johan Fredriksen, skriv Veronica Akselsen seg inn i ein sterk kulturtradisjon der musikken har vore både identitet, språk og overleving.
Ifølgje pressemeldinga er Arven meir enn ei ordinær plateutgjeving. Gjennom songane tek Akselsen føre seg tema som utanforskap, kjærleik, motstandskraft og tilhøyrsle, samstundes som ho særleg løftar fram historiene til kvinnene i kulturen – mødre, døtrer og formødrer som har bore tradisjonane vidare.
Songmaterialet spenner frå viser om trekantdrama og tapt kjærleik til barn fødde utanfor ekteskap og grenselaus forelsking. Albumet blir òg omtala som eit bidrag til å ta vare på tatarane sin songskatt for komande generasjonar.
– Med denne utgjevinga tek eg min rettmessige plass som kulturformidlar. Arven er både eit ansvar og ei velsigning, seier Akselsen.
Akselsen har produsert albumet saman med multiinstrumentalist og medprodusent Anders Hofstad Sørås. Dei to har samarbeidd i fleire år og utvikla eit uttrykk som skal sameina tradisjon og eit meir moderne lydbilete.
Innspelingane er gjorde i Athletic Sound med Dag Erik Johansen bak miksebordet. Vokal og grunnkomp vart spela inn live i studio samstundes.
– Det er ikkje alltid det perfekte som skaper magi. Det oppstår noko sårt og ekte når musikken får leva i augneblinken. På mange måtar syng eg etter hjarterytmen, seier ho.
Blant musikarane på plata finn ein òg Ola Erlien, som dei siste åra har markert seg innan jazz- og string swing-/Django-tradisjonen.
Desse medverkar på albumet:
Artisten Kristian Blinks medverkar på duetten «Ungersvennsvisa» med vokal og fretless nylongitar. Dette skal vera hans første innspelte tatervise. Blinks mottok Drømmestipendet i 2024.
Dei siste åra har Veronica Akselsen markert seg som kulturformidlar både innan musikk og kunst. I 2024 fekk ho, saman med mellom andre Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Kringkastingsorkestret, prisen «Årets album – open klasse» under Folkelarm.
Saman med ektemannen Atle Lillesveen driv ho òg nettplattforma Taternes kulturformidling, som arbeider med dokumentasjon og formidling av romanifolket/taterane sin kulturarv.
Ved sida av musikken arbeider Akselsen som biletkunstnar. Ståltrådkunsten hennar har vore vist ved Nasjonalmuseet, og ho var bidragsytar til utstillinga Taterlandet ved Nitja senter for samtidskunst. Utstillinga fekk nyleg Kunstkritikarprisen 2025.
Albumcoveret til Arven er måla av kunstnaren Storm Ivan Juliussen. Måleriet har tittelen «I Taterland» og vart gjeve som ei personleg gåve til Akselsen. Juliussen har sjølv røter i tatarslekta.
Releasekonserten er på Glomdalsmuseet den 6. juni.
Spotify:
Veronica Akselsen på Spotify Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
