
Når startlistene til Landskappleiken på Hovden no er offentleggjorde, er det klart at årets kappleik blir ein av dei største på lenge. Heile 920 unike deltakarar er påmelde, fordelt på 575 startnummer.

Hege Jonhrud-Rua og Sigbjørn Rua stakk av med kongepokalen på Landskappleiken i Eidfjord. I år skal pokalen opp i Dans fele klasse A. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Den store deltakinga har ført til fleire justeringar i tevlingsplanen. Fleire klassar har fått utvida tidsrammer, medan enkelte klassar har fått nytt tidspunkt eller ny arena. Ingen klassar har derimot skifta tevledag.
Til samanlikning var det altså 515 startnummer i Eidfjord og 551 i det førre rekordåret 2024.
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | 2019 | 2022 | 2023 | 2024 | 2025 | |
Deltakingar | 1423 | 1460 | 1299 | 1542 | 1596 | 1200 | 1500 | 1797 | 1750 |
Innslag | 470 | 457 | 446 | 453 | 532 | 471 | 472 | 551 | 515 |
Økonomisk resultat (1000kr) | 309 | 1 350 | 420 | 162 | 850 | -27 | 316 | 2 000 | 1 718 |
FolkOrg opplyser at startrekkefølgja er trekt, men at enkelte deltakingar er flytta for å unngå kollisjonar mellom klassar. Frist for å melde frå om nødvendige endringar er sett til 4. juni klokka 12.
Særleg merksemd knyter det seg til hardingfele klasse A. Med 26 startnummer blir dette den største A-klassa på fleire tiår.
Mellom dei påmelde finn vi regjerande landskappleikvinnar Helga Myhr, som startar som nummer to. Også profiler med tidlegare vinnarar som Per Anders Buen Garnås, Ottar Kåsa, Alexander Røynstrand, Gro Marie Svidal og Jan Beitohaugen Granli er på plass. Samstundes inneheld klassa fleire debutantar som får prøve seg på øvste nivå.

Fjorårsvinnar Helga Myhr blir også å høyre under den store Hardingfeleklassa i sumar. Foto: Kjellbjørn Karsrud.
Norgesmeisterskapen i dans blir også eit av høgdepunkta på Hovden. Kongepokalen skal i år delast ut i dans fele klasse A. Der er ni par påmelde, mellom anna fleire sterke polsdansarar frå Østerdalen og Trysil.
I dans hardingfele klasse A er det derimot langt tettare i feltet. Heile 23 par er påmelde, og blant desse finn vi fjorårets kongepokalvinnarar Sigbjørn Rua og Hege Johnrud-Rua, som igjen stiller til start. Også fleire av dei fremste para frå Valdres, Hardanger, Telemark og Numedal er representerte.
Halling klasse A samlar 12 deltakarar frå ulike delar av landet. Mellom dei finn vi kjende namn som Ulf-Arne Johannessen, Ådne Geicke Kolbjørnshus, Bjørnar Blaavarp Heimdal og Vilde Ellegaard Westeng.

Fjorårsvinnar i Hallin A, Ådne Kolbjørnshus, stiller til start att. Foto: Anders Medhus / Hallingcast.
Fele klasse A tel 20 deltakarar, noko som må reknast som svært gode tal for klassa. Her møtest mellom andre fjorårets finalistar Aslak Brimi, Astrid Sulheim og Åsmund Farstad.
Eit av dei største innslaga finn vi i den nye seniorklassa for eldre folkemusikkinstrument. Her er det påmeldt heile 36 innslag.
Særleg munnharpespelarane markerer seg sterkt. Heile 17 av innslaga tevlar på munnharpe, med namn som Thov G. Wetterhus og Daniel Sanden-Warg på startlista. Sanden-Warg stiller også i Hardingfele klasse A for fyrste gong på 15 år.

Eldre folkemusikkinstrument blir ei lang klasse i år, særleg i munnharpe får fjorårsfinalist Thov G. Wetterhus (t.h.) god konkurranse. Foto: Anders Medhus / Hallingcast.
Eit anna namn som vil vekkje merksemd, er Kirsten Bråten Berg. Den folkekjære kvedaren er påmeld i Super D-klassa på heimebane i Setesdal.
Det blir første gong på mange år at ho deltek på kappleik, og innslaget er truleg blant dei som vil trekkje ekstra merksemd frå publikum på Hovden.
Sjølv om hardingfele A får mykje merksemd, er det hardingfele klasse B som blir den største einskildklassa. Der står heile 42 deltakarar på startlista.
Også lagtevlingane kan sjå fram til stor oppslutnad, med god deltaking både i lagspel og lagdans.
Årets Landskappleik blir arrangert på Hovden 24.–28. juni. Med rekordstor deltaking i fleire sentrale klassar ligg det an til fem dagar med tettpakka tevling og sterke prestasjonar på scena.
Sist oppdatert
