
Fjorårets landskappleikvinnar Helga Myhr sleppte si fyrste slåttespelplate på Sundrehall under Folkemusikkveka i Ål.
Helga Myhr med perfekt gjennomført platslepp under Folkemusikkveka.
Tekst og foto: Kjellbjørn Karsrud
Ho presenterte der dei fleste låttane frå plata si, og starta med slåttar på vanleg stille og springaren «Basken».
– Eg tenkte det var ein fin slått å begynne med, for då kunne eg nemne fleire av kjeldene mine. Størstedelen av låtten har eg etter Sevat Sataøen og Magne Myhren, også har eg eit tak av Kristian Øvrevollseie. Det fyrste veket har nok Olav Sataslåtten laga – det har eg funne på eit arkivopptak i skuffen til mamma (Gunnlaug Lien Myhr red. mrk.)
Myhr har ein spesiell forkjærleik for lauslåttane etter Øvrevollseie. Så ho heldt fram med Kvannebergen.
– Hellik Kvanneberg laga fyrste delen av noko musikk han høyrde i fossen ein gong han var ute og gjekk, også har Øvrevollseie laga slutten.
Deretter ein skikkeleg Sataøen-lått, Asle Strand, etter ei notenedskrift i Hardingfeleverket.
– Det eg meiner med ein skikkeleg Sevat Sataøen-slått er at du ikkje får ein einaste pause, flira Myhr.
Engebret Ødegård frå Flå er også ei sentral kjelde for Myhr – Eglefisken etter faren Knut Ødegård kom så.
– Det er ein spelemann eg har høyrt meir på i seinare tid som sit med ei skikkeleg gullgruve med slåttespel. Både han og «kjerringji» Gunhild, som har sunge inn ein del opptak, er til saman veldig viktig for tradisjonen her.
Deretter kom ein ny lauslått etter Øvrevollseie og Kvanneberg før ho stemte om fela. På halv kvint (GDAD) fekk publikum høyre «Åse Villand» etter ein felespelar som var fødd så tidleg som i 1765.
– Det er truleg ein av dei eldste låttane me har i dalen. Åse Villand både dansa og spelte fele, og det blir sagt at ho høyrde denne låtten då ho buførte i Raggsteindalen, fortalde Myhr.
«Skøren» er også ein gamal lått – i form etter Øvrevollseie.
– Det er litt artig å tenkje på at dei eldste låttane var på halv kvint, peika Myhr på.
Så over på låg bas. «Den synste» har Myhr etter Sevat Sataøen.
– Det er veldig artig å høyre korleis han får til så fine «trillu» opp og ned, samtidig som han held det jamne drivet. Det er inspirerande, fortalde Myhr.
Eit av glansnummera til mange felespelarar i Hallingdal er «Den som rulla ette golvet». Storesystera Sina begynte Folkemusikklinja på Vinstra og lærte denne låtten av Egil Syversbråten. Då ho kom heim og spelte på låtten, fekk veslesystera behov for å gje seg i kast med denne ho òg.
Seinare fekk ho lære låtten direkte av Syversbråten. Han hadde låtten i form etter Olav Sataslåtten, men jobba mykje med denne forma som Myhr etter kvart tileigna seg.
– Seinare har eg høyrt andre systera mi Margit tralle låtten etter Levor Laa. Det er nokon fine tak der som eg har prøvd å få med inn, la ho til.
Nok ein springar til etter Engebret Ødegård vart så trekt fram, denne gongen på låg bas. Låtten har sletkningar i øvre Hallingdal som «Fuggel’n» og «Den synste».
– Det er ein lått som skil seg litt ut, meinte Myhr.
Ho runda av med ein komposisjon av Olav Sataslåtten – Riddalskongen.
– Eg synest det er vanskeleg å laga låttar som går rett inn i tradisjonen utan å høyrast ut som andre låttar, sa Myhr, og sikta til at Sataslåtten meistra denne kunsten.
Denne hadde ho også etter Syversbråten, fyrst via systera Sina. Ho framheva Syversbråten som ein av dei store inspirasjonskjeldene sine i spelet generelt.
– Eg var nokså sjalu på Sina som fekk lære hjå Egil då eg var mindre, men seinare har eg fått lære mykje hjå han eg med, sa Myhr.
Som ekstranummer fekk publikum servert Brennheiten, som ho i hovudsak har etter Sataøen, men med innslag frå Olav Sataslåtten og Billerhusen av Ola Dekko.
Med dette fekk publikum ei perfekt avrunding på eit plateslepp etter ei mykje etterlengta plate, ikkje berre i Hallingdal, men i slåttespelinteresserte krinsar generelt.
Les platemelding i komande nummer av Folkemusikk. Ikkje abonnent? Bestill abonnement her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
