
Rosensfole i ny drakt, Eivind Groven-jubileum, Songliner og meistermøte på hardingfele står mellom høgdepunkta når Telemarkfestivalen inviterer til fire dagar med spel, dans og song i Bø i august.

To røynde storspelemenn: Håkon Høgemo og Alf Tveit vann båe Landskappleiken på 90-talet, og blir no å høyre i lag på Borgjakonserten under Telemarkfestivalen. Foto: Knut Utler.
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
Telemarkfestivalen går av stabelen 6.–9. august, og festivalen byr på eit program som spenner frå tradisjonell kveding og hardingfelespel til nyskapande prosjekt, jubileumskonsertar og folkemusikalske møte på tvers av generasjonar.
Festivalen opnar med tingingsverket Viser frå før, der tradisjonsberaren Tone Steinstad står i sentrum. Saman med fleire generasjonar av familien løftar ho fram eit rikt repertoar av tradisjonelle viser frå Telemark.
Seinare same kveld presenterer trommeslagar og perkusjonist Erland Dahlen tingingsverket Hornblend, der han utforskar korleis rytmikk og ornamentikk frå slåttemusikken kan overførast til eit reint perkusjonsuttrykk.
Eit av dei store trekkplastera under festivalen er konserten Rosensfole 2026. Her tek Magnhild Garnås Haugen, saman med eit ungt lag av jazz- og folkemusikarar leia av Audun Rørmark, utgangspunkt i den legendariske plata Rosensfole. Prosjektet byggjer vidare på konserten Arven etter Agnes frå Riksscenen og kombinerer nytolkingar av det velkjende materialet med heilt ny musikk skriven av Garnås Haugen.

Magnhild Garnås Haugen set opp eit av dei mest ikoniske albuma etter bestemor Agnes.
Under opningskonserten får publikum òg ein smakebit frå prosjektet. Konserten elles samlar ei rekkje artistar, mellom dei Kirsten Bråten Berg, Johanne Flottorp, Marie Tveiten og Sam Amidon.
Laurdag ettermiddag samlar festivalen eit sterkt folkemusikalsk lag når Kirsten Bråten Berg, Leiv Solberg, Åsmund Solberg og Johanne Flottorp møtest til konsert i Konsertlåven. Her blir det både velkjende folkemusikkslagarar, slåttespel og nye tolkingar av stev og slåttar framført av musikarar som til saman representerer fleire tiår på toppen av norsk folkemusikk.
Ein annan av årets nysatsingar er programposten Songliner, der folkesongarar møtest til musikalske samtalar gjennom song. Første utgåve samlar Øyonn Groven Myhren, Aasmund Nordstoga, Odd Nordstoga og Ingvill Marit Buen Garnås.

Konserten blir samstundes ei minnemarkering for mødrene deira – Dagne Groven Myhren, Ellen Bojer Nordstoga og Agnes Buen Garnås – som alle gjekk bort i 2024, og som kvar på sin måte var sentrale i vidareføringa av kvedartradisjonane i Telemark.
2026 markerer 125 år sidan fødselen til Eivind Groven, noko som set tydelege spor i festivalprogrammet. Laurdag presenterer barnebarnet Eilev Groven Myhren doktorgradsarbeidet sitt om overtoneskalaen og naturtonar i norsk folkemusikk.

Eilev Groven Myhren og Anne Svånaug Blengsdalen skal ha eit "Doktorgradbad" laurdagen under Telemarkfestivalen. Foto: Smedsrud.
Sundag blir jubileet markert med ein eigen konsert i Bø gamle kyrkje, der Øyonn Groven Myhren, Ottar Kåsa og Lars Henrik Johansen framfører både kjende og mindre kjende komposisjonar av Groven – inkludert verk som aldri tidlegare er framførte offentleg.
Laurdagskvelden flyttar festivalen ut i Sandvinparken med den tradisjonelle LaurdagsFOLK-satsinga. Her står mellom andre Odd Nordstoga og Marie Tveiten på scena. Sjølv om begge er kjende frå populærmusikken, har dei sterke røter i folkemusikken, og særleg Nordstoga har gjennom heile karrieren vore ein sentral formidlar av telemarksk musikktradisjon til eit breitt publikum.
Kvelden byr også på konsertar med duoen Onstad/Wallumrød og dansebandet E-76.
Festivalen blir avrunda med den tradisjonsrike Borgjakonserten på Evju bygdetun. I år møtest hardingfelespelarane Alf Tveit og Håkon Høgemo til det arrangørane omtalar som eit meistermøte mellom Telemark- og Sogn-tradisjonane.
Programmet tek utgangspunkt i slåttemateriale etter fleire sentrale tradisjonsskaparar med jubileum i 2026, mellom dei Torgeir Augundsson, Torkjell Haugerud og Eivind Groven.
I tillegg byr festivalen på kulturtur til Slettelibergja, opningskonsert med eit breitt utval artistar og fleire møte mellom unge og etablerte utøvarar.
Sist oppdatert
