
Musikar, artist og bassist Jørun Bøgeberg er ute med albumet Her I Tage på Basstard Music. Utgjevinga tek utgangspunkt i slåttemateriale frå Trøndelag og Midt-Noreg, og er inspirert av musikken til Bøgebergs onkel, felespelaren Asbjørn Bøgeberg.

Jørun Bøgeberg tek opp arven etter onkelen Asbjørn (1924-2013). Foto: https://jrunbgeberg.bandcamp.com/album/her-i-tage
Tekst: Pressemelding/redaksjonen
På albumet finn vi polsar, bruremarsjar og valsar frå midtnorske tradisjonar, i tillegg til tre nyskrivne komposisjonar av Bøgeberg sjølv. Musikken er arrangert i eit uttrykk der folkemusikk møter impulsar frå angloamerikansk rock- og rootsmusikk.
Bøgeberg har valt ei utradisjonell besetning med tuba, trekkspel, trommer og tenorsaksofon. Sjølv spelar han mellom anna ein spesiallaga åttestrengs elektrisk bouzouki-mandolin, som han kallar «ElDola», i tillegg til mandolin, charango, bass og fele.
Fela han nyttar på innspelinga, arva han etter onkelen i 2013. På eit par spor er det også teke med opptak av Asbjørn Bøgeberg sjølv, henta frå eldre opptak.
Repertoaret på Her I Tage omfattar slåttar som «Gardgutten» av Hans W. Brimi, «Kveld i Gaukstadstugu» av Jakob Vingsand, bruremarsjen «Eit Sommarbrudlaup» etter Petter L. Rypdal, «Sa du pols» av Jon Endalsvoll og «Drømmen» av Peder Nyhus. Albumet inneheld også fleire tradisjonelle slåttar og valsar.
Dei tre eigne komposisjonane er «Hastefanten», «Markkrypern» og «Slentrefanten».
Her I Tage er Bøgebergs nyaste utforsking av møtet mellom folkemusikktradisjonar og eigne musikalske uttrykk, med røter i både familiehistorie og trøndersk slåttemusikk.
Sist oppdatert
