Folkemusikk logo
Logo

Fredagspraten med Solveig Brekke Hauknes

Denne helga markerer Solveig Brekke Hauknes og Bjørn Kåre Odde at plateselskapet deira, Melovitten, fyller fem år. Det feirar dei med ei rekkje konsertar i Vågå, for på Melovittens utgjevingsliste står mange gudbrandsdølar. – Me vil få det ut til folket i bygda, seier Solveig.

Solveig Brekke Hauknes dansande opp Karl Johan 17. mai 2023. Foto: Kulturfotografen, Thor Hauknes

Solveig Brekke Hauknes dansande opp Karl Johan 17. mai 2023. Foto: Kulturfotografen, Thor Hauknes

Tekst: Johanne Flottorp

Om Fredagspraten:

I spalta fredagspraten møter me ein folkemusikar til ein uformell prat. Du finn tidlegare fredagspratar her. Lenke til et annet nettsted.

 – Me ville gjere litt ut av det, nå som me fyller fem år. Etter kvart har me fått ganske mange artistar, som også har tilknytting hit. Det er fint å løfte dei fram, vise for bygda kor mange som faktisk driv med dette, og som har musikken som yrke og bigeskjeft, seier Solveig.

På det dei har døypt Melovittens konsertbonanza blir det opplegg frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Det startar med pubkveld og «rocke-gammaldans» i kveld, og på laurdag er det mellom anna buskspel, stands og fleire konsertar i mindre format rundt om i Vågå, før det på kvelden blir gammaldansball. På søndag er det familiekonsert før det heile blir avrunda med konserten «Klassiske perler i folkeleg bekledning», signert brørne Bjørn Kåre og Mads Erik Odde, og til slutt konsert med duoen Sandum/Tallroth.

Solveig seier at det ligg litt i både ho og Bjørn Kåre å arrangere konsertar og festivalar, og at det dermed ikkje var nokon tvil om korleis jubileet skulle markerast.

Etter fem år har dei kome godt inn i korleis det er å drive eit eige selskap, og som plateselskap har Melovitten blitt ein populær stad å gje ut musikken sin.

– Det er litt stas at det er vårt eige selskap, som Bjørn Kåre og eg har bygd opp saman. Og så er det veldig kjekt at folk har lyst til å bruke oss, seier Solveig.

I starten gav selskapet berre ut produksjonar som Bjørn Kåre var involvert i, anten som musikar eller produsent, men det blei det raskt ei endring på. For det tok ikkje lang tid før Melovitten fekk forespørslar utanfrå.

– At folk viser oss tillit, er veldig stas, seier Solveig.

Då dei starta selskapet saman, ville dei samle alt dei dreiv med under ein paraply. Dermed er Melovitten meir enn eit plateselskap. Bjørn Kåre er tilsett 100 prosent i AS-et, slik at alt han gjer er samla der. Solveig er tilsett i 50 prosent stilling, og ho gjer også mykje anna enn å drive med plateselskapet innanfor den stillingsbrøken. Ho har framleis 50 prosent arbeid utanfor selskapet også, som rådgjevar i Noregs ungdomslag.

Det har vore travle år for Melovitten, og per i dag tel katalogen deira over 40 fulle album, i tillegg til fleire digitale reutgjevingar av tidlegare innspelte album.

Det er mange planar for sommaren og hausten også, men i år er det berre ein av dei to som jobbar i selskapet om gongen, då dei er heime på skift i foreldrepermisjon.

– Me har trappa litt ned i år, sidan me berre er ein person i drift om gongen. Men det er mange ting på gang, både med lokalt stoff og heilt andre ting. Så det ruller og går jamt og trutt, sjølv om fjoråret og året før foreløpig har våre dei beste åra våre, seier Solveig.

 

Solveig Brekke Hauknes på stand for Melovitten

Solveig Brekke Hauknes og Mette Vårdal på stand for Melovitten på Folkelarm 2025. Foto: Kulturfotografen, Thor Hauknes

Namn: Solveig Brekke Hauknes

Fødd: 1993

Kjem frå: Bærum

Bur i: Vågå

Yrke: Kulturarbeidar

 

– Kvifor spelar og dansar du?

– Fordi det gir meining. Eg trivst i miljøet eg har kome inn i og vil fortsette å vere del av folkemusikkfamilien. Men eg vil trekke fram viktigheita av til dømes Strunkeveko, Mokurset og kappleikar, det var det som gjorde at eg fortsette.

– Kven er dei fremste læremeistrane dine?

– På dans har Vegar Vårdal vore viktig for teknikk og den biten der. Eg har lært mykje av han dei seinare åra. Og på musikk er det Hallvard Kvåle frå starten, og så Erlend Viken ein god periode, både gjennom Bærum spellemannslag og på musikklinja på vidaregåande.

– På dansesida har også det med å dykke ned i arkivmateriale hatt mykje å seie for utviklinga mi. Eg gjekk deltidsstudiet Tradisjonskunnskap og tradisjonspraksis i Trondheim då det var der. Så det kan vere eit tips for andre å ta deltidsemnet i dans på Rauland no. Då får ein dansekunnskapen på ein annan måte enn om ein berre er på kurs og øvingar. Ein går ned i materien og studerer arkivklippa.

– Kva var den siste folkemusikk- eller folkedansehendinga du var på?

– Me var på distriktskappleiken for feleområdet på Riksscenen i vår. Då hadde me med dottera vår Ofelia på nokre månader, så det enda med at eg hang mest i foajeen. Eg såg eit halvt innslag på kappleiken, men så er det dette med det sosiale. Det var veldig fint å vere der.

– Viss du berre kunne høyrd på ei folkemusikkplate resten av livet – kva for ei hadde det vore?

– Det hadde blitt noko runddansmusikk. Eg slår eit slag for Gamlebanken. Den plata har eg høyrd mykje på, det er bra dansemusikk.

– Veit du om noko gull frå arkiva du vil tilrå andre å sjekke ut?

– Eg har sett mykje på danseopptak i det siste, og då spesielt lomsspringleik, som me prøver å få opp igjen her. Det spørst jo om folk vil finne noko som allereie er tilgjengeleg eller om dei vil grave sjølv, men eg vil oppmode folk til å bruke senteret i Trondheim og lokale arkiv. Det finst så mykje ein kan benytte seg av.

– Det er også mykje meir enn den eine forma ein ser på kappleik. I haust hadde me springleikseminar, og då såg me på ulike former frå heile Gudbrandsdalen. Arkiva er bra for å få opp augo for det mangfaldet som eksisterer.

– Kva er den største folkemusikk- eller folkedansopplevinga du har hatt det siste året?

– Eg vil knyte det litt saman med det førre spørsmålet. For det springleikseminaret me hadde i Vågå i haust, det var kult. Me var over 50 stykk som bare nerda springleikdansing ein heil dag. Då fekk me sett masse klipp og fekk fram nettopp dette mangfaldet om at det ikkje bare finst ein variant av springleiken. Og så var det veldig god spreiing, det var både unge og gamle, ferske og erfarne dansarar med.

– Viss me ser inn i spåkula: Korleis ser folkemusikken og folkedansen ut om 20 år?

– Eg trur den lever i beste velgåande. 20 år er ikkje så lenge til. Det blir spennande å sjå om det kjem nye toppar og bølgjer som ein har opplevd delvis i landet nå. Men eg trur uansett folkemusikken og folkedansen har det bra.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024