Folkemusikk logo
Logo

Maskoten Tusti skal vise veg for barn og unge

I vår lanserte FolkOrg maskoten Tusti, som skal vise veg til barne- og ungdomsaktivetet under festivalar og andre arrangement. På Landskappleiken er dette dyret med for første gong, og den lokale arrangøren i Setesdal har laga eit innhaldsrikt kursprogram for alle mellom 0 og 18 år.

Denne figuren blir å treffe på Landskappleiken og Landsfestivalen i sommar.

Denne figuren blir å treffe på Landskappleiken og Landsfestivalen i sommar.

Tekst: Johanne Flottorp

– Det er her me vil legge trykket for tida, det er så mykje bra barne- og ungdomsaktivitet rundt i landet. Så dette er ein måte å synleggjer det på, seier Live Visdal, som er rådgjevar i FolkOrg og har ansvar for mellom anna barn og unge.

Ein figur som Tusti har dei hatt i tankane lenge. Eit leikent dyr var bestillinga til den grafiske designaren Trine G. Berg, som står bak figuren.

No skal Tusti vere eit vesen barn og unge kjenner att og treffer fleire gonger i året – både på Landskappleiken og Landsfestivalen, men også på arrangement rundt om i landet. Alle medlemslaga i FolkOrg står fritt til å bruke Tusti når dei arrangerer noko for dei yngre. Lokale arrangørar kan kome innom stemnekontora på FolkOrgs arrangement i sommar for å få med seg ein pose med Tusti-materiell.

Barna skal kjenne seg heime

– Tusti er ein raud tråd. Me vil at dei yngste skal kjenne att Tusti når dei reiser frå plass til plass. Når dei ser Tusti veit dei at her skjer det noko med folkemusikk og folkedans, og at det er inkluderande og imøtekommande, seier Visdal.

Visdal seier det er essensielt for FolkOrg å skape gode, inkluderande miljø for alle, kanskje spesielt for dei yngste.

– Dei skal kunne kjenne seg heime frå første stund, anten dei er publikum eller utøvarar på arrangementa, seier Visdal og legg til:

– Dette er ei av kjernesakene til FolkOrg og i rolla mi, det å verkeleg jobbe for korleis ein kan tilrettelegge for ungane og skape møteplassar der dei kan oppleve song, dans og spel på ein fin måte, som gjer at dei har lyst til å vere i miljøet. Målet er at barn og unge blir eksponerte for tradisjonen, men også at dei tek eigarskap til den.

Dansande maskotar.

Dansande maskotar.

Dei siste åra har superkappleiken, som tidlegare gjekk under namnet sjokoladekappleik, vore proppfull av innslag under Landskappleiken. Difor var det i Eidfjord i fjor superkappleik fleire dagar.

Det blir det også på Hovden, i tillegg til eit rikhaldig program med kurs for alle mellom 0 og 18 år.

Superkappleik som suksessfaktor

Åse Mari Solbakk har ansvaret for barne- og ungdomsaktiviteten på Landskappleiken i år. I arbeidet med det, såg ho til fjorårets arrangør.

– Mange kom tilbakemeldingar på at all aktiviteten for barn, med fleire superkappleikar, var noko av suksessfaktoren i Eidfjord, seier ho.

Ho har lang erfaring med å lage til sommaraktivitetar for barn og unge, mellom anna har ho drive Barnas fjellsommar for ungar i Setesdal i fleire år, og i tillegg er ho leiar av leikarringen i Valle.

– Det var enkelt å få tak i instruktørar, alle var veldig positive. Det som ikkje var så enkelt, er at me har mange gode instruktørar som tevlar sjølv, så då måtte ein tråkle saman programmet etter at tevlingsplanen var klar, seier Solbakk, og legg til at dette hovudbryet bare var positivt.

– Det er god kvalitet på instruktørane, seier ho.

Fire parallelle kurs

No er alle øktene i timeplanen på plass, og både torsdag og laurdag er det folkemusikk- og folkedansverkstad for ungar og ungdom frå 0 til 18 år. Opplegget varar frå 9 om morgonen og går over i superkappleik frå 12 til 14 begge dagane. Innimellom der er det fruktpause og lunsj, og alt går føre seg på Hovdestøylen hotell.

Arrangøren har satsa på kortare økter, der deltakarane får prøve mykje forskjellig, mellom anna kveding, leikarring og gangar, samt hardingfele, munnharpe og harpe.

Dei har lagt vekt på å stoppe i tide. Det viktigaste er å gje dei yngre ein smakebit.

– Kanskje nokon får lyst til å starte til dømes i leikarring eller noko, viss dette fell i smak, seier Solbakk.

Dei første øktene er delt inn etter alder, med fire parallelle økter, før deltakarane den siste stunda før lunsj samlast til felles dans.

Noko dei har lagt inn som del av programmet sitt, er det som heiter «Verdas største gangarring». Her skal Vegar Vårdal leie ein stor ring med folk som dansar gangar. Han har saman med kulturskulelærar Maija Lindaas vore rundt på skulane i alle setesdalskommunane for å lære bort dette, og når dei skal sette rekord torsdag formiddag, oppmodar Åse Mari Solbakk alle til å møte opp, gamle som unge.

Live Visdal i FolkOrg rosar opplegget som er klart i Setesdal.

– Det er kjempepositivt at den lokale arrangøren ser verdien av dette. Både dei som deltek på kappleik og andre kan vere med, i lågterskel aktivitet for barn og unge. Kanskje får dei gode venner som dei møter igjen seinare. Det er essensielt for at ein blir verande i miljøet, seier Visdal.

Påmeldingsfristen til kursa er måndag 15. juni.

Tusti med fela.

Tusti med fela.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024