Folkemusikk logo
Logo

Hundre setesdølar på scena i kappleiksopninga

Når Landskappleiken på Hovden opnar onsdag 24. juni, står nesten 100 setesdølar på scena. Mange av dei er skjulte skattar for kappleikspublikummet, seier Sigrid Jore, som har regien på massemønstringa.

Setesdølar i aksjon under Nordlek i Arendal i 2024. Då var dei 50 på scena. Foto: Geir Daasvatn

Setesdølar i aksjon under Nordlek i Arendal i 2024. Då var dei 50 på scena, no blir dei det dobbelte. Foto: Geir Daasvatn

Tekst: Johanne Flottorp

– Eg har valt å sette det inn i ein slags fysisk kontekst, der me syner korleis musikken høyrer i hop med livet. Det er fleire avdelingar, med morgon og kveld, støylsliv, kvardagsliv og dei stundene det buttar litt imot, seier Sigrid Kjetilsdotter Jore.

Ho har regien på opningskonserten til Landskappleiken. Der vil ho vise korleis tradisjonen i Setesdal er brukt i ulike delar av livet. Namnet på konserten, Livi er på så mang ein måti, er naturlegvis henta frå eit nystev.

Konserten er delt inn i ein mønstringsdel, som Jore har ansvar for, og ein del om Svein Hovden. Den er det Kirsten Bråten Berg og Aasmund Nordstoga som står for, saman med Helga Jacobsen og Trym Bjønnes.

Svein Hovden, eller Svein Tveiten som han blei kalla i Telemark, er ei av dei store kjeldene frå Hovden. I tillegg til å vere kvedar, var han også treskjerar, postberar og sogemann.

Dei to delane glir over i kvarandre, og namnet høver bra til begge avdelingane i konserten, fortel Jore og trekkjer fram ei kjend linje frå eit vers av Svein Hovden; «Han kan smile med tårir på kinn».

Har tenkt i to år

Sigrid Jore blei tidleg spurd om ho kunne ha regien på denne konserten. Ho har tenkt og grubla i eit par år, og så har alle som skal vere med blitt kopla på det siste året. No er bortimot 100 deltakarar klare for konserten. Det er mange solistar med, men også fleire store lag. Mellom anna skal dansegruppa Sæbyggjan, Sylvartun folkemusikklag og den nyoppstarta kvedargruppa Kvedarlunden vere med. Det samme skal også elevar frå kulturskulane i Setesdal, samt Valle leikarring.

Folk frå heile dalen stiller opp, frå Bjåen i nord til Evje i Sør. Nokre er også lånt inn frå naboar som Åseral og Vinje. Det kjem også mange utflytte setesdølar heim for å vere med på dette.

Å få folk med har vore lett, seier regissøren.

– Det har vore heilt fantastisk. Eg tenkte i starten at om me klarer 40 vaksne og nokre frå leikarringen og kulturskulen, så ville det vere bra. Men nå er me oppe i rundt 40 ungar og 60 vaksne. Det er heilt vanvittig, seier Jore.

Sigrid Kjetilsdotter Jore har hatt ansvaret for å sy opningskonserten saman.

Sigrid Kjetilsdotter Jore har hatt ansvaret for å sy opningskonserten saman. Foto: Sondre Rua Dokken

 

Skjulte skattar

Noko anna som har gledd henne, er at ho har fått med også dei som ikkje nødvendigvis er gjengangarar på Landskappleikar rundt om.

– Det er fleire skjulte kvedar-skattar som kappleikspublikummet kanskje ikkje kjenner så godt til. Eg er stolt over å få med dei som er røynde utøvarar som me har hatt gleda over å høyre "her heime" ut til eit nasjonalt publikum, fortel Jore.

Fleire frå denne gjengen er folk som har vore med og hatt mange konsertar med regi av både Jore og andre gjennom Sæbyggjan og Setesdal spelemannslag.

– Dei som ikkje er fullt så vande med mine påfunn har sklidd rett inn i det. Det har vore moro å kunne samle saman utøvarar frå alle setesdalskommunane i eit så stort felles prosjekt, seier Sigrid Jore.

Fleire knaggar

Målet for konserten har vore å ta med publikum inn i det livet tradisjonsmusikken og -dansen har sprunge ut frå. Det har opna seg mange mogleheiter når ho har brukt dette som utgangspunkt.

– Musikken er sterk i seg sjølv, og når ein får fleire knaggar å henge musikken og dansen på kan det bli endå meir mektig og endå meir morosamt. Korleis ein kan bruke musikken er ramma rundt konserten, og det er ein fin måte å synt fram eit stort repertoar og mange av dei flotte utøvarane me har her i dalen, tykkjer eg.

Konserten vil by på både musikk i heilt solistiske formar, men også fleire innslag med mange involverte.

– Eg håper også me kan få til allsong på eit par innslag, seier Jore og sikter her til visa om Håvard Hedde, som ho har arrangert for fleirstemd song.

Kva som elles ventar dei frammøtte, vil ho ikkje røpe for mykje om. Men det herskar ingen tvil om at denne storhendinga vil bli ein setesdalskveld utanom det vanlege.

Billettar til opningskonserten kan kjøpast her. Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024