
Gjennom albumet Hivaren løftar trekkspelar Marius Berglund og eit lag av profilerte folkemusikarar fram både kjente og mindre kjente døme på runddanstradisjonen frå Nordvestlandet.

Ø.f.v.: Kjartan Haugen Foss, Kristina Farstad Bjørdal og Frode Slupphaug. N.f.v.: Åsmund A. Farstad, Jorun Marie Kvernberg og Marius Berglund. Foto: Thor Hauknes.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Med utgangspunkt i kjelder som Hans H. Gjeitvik, Per Bolstad og Peter L. Rypdal ønskjer musikarane å synleggjere eit repertoar som har vandra langs fjordar, over fjell og mellom bygder gjennom generasjonar.
Albumet er resultatet av eit prosjektorkester sett saman spesielt for å utforske og formidle runddansmusikken frå Nordfjord og Møre og Romsdal.
– Vi har spelt ein del stoff frå Nordvestlandet frå før, og ønskjer få fram lite brukt musikk, så dette er ei plate både for arkiva og dokumentasjonen sin del. Nokre av låttane er spelt på plate frå før, men det er også ukjent stoff med her, fortel Marius Berglund.
Det blir ikkje gitt ut mange plater med runddansmusikk frå Nordvestlandet.
– Eg ser på Møre og Romsdal og Nordfjord som eit undervurdert område i runddanssamanheng, men eg føler det er på veg fram i lyset. Vi har mange dyktige musikarar i området.
Berglund har vore ein av pådrivarane for prosjektet, som samlar to trekkspelarar, fele, gitar og kontrabass i eit uttrykk som hentar impulsar både frå den lokale slåttetradisjonen og frå kontinentale straumdrag.
Tradisjonen på Nordvestlandet har lange røter. Gjennom kysten, fjordane og ferdselsvegane over fjella har musikken vandra mellom bygdene, skifta form og teke opp i seg impulsar frå ulike hald.
På Hivaren møter lyttaren både velkjende og mindre kjende slåttar frå tradisjonsberarar og komponistar som Hans H. Gjeitvik, Vika-Petter, Gustav K. Korsnes, Peter L. Rypdal og Per Bolstad.
Mange av slåttane er henta frå dei såkalla «Gjeitvikhefta», samlingane som Hans H. Gjeitvik og sonen Sivert gav ut på 1920- og 1930-talet med slåttemateriale frå Søre Sunnmøre, Sunnylven og Hornindal.
– Vi spelar både den klassiskinspirerte dansemusikken som ein finn att i Per Bolstad og Hans H. Gjeitvik sine komposisjonar, men også runddansen som bygdefolket for lenge sidan tok til seg og nytta.
Albumtittelen er henta frå opningssporet, ein reinlendar etter Hans H. Gjeitvik. På Fjelli i Nordfjord vart slåtten kalla «Hivaren» fordi han vart rekna som «ein hivar av ein slått» – ein skikkeleg god slått.
Prosjektgruppa består av Marius Berglund og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel, Åsmund Arnesen Farstad på fele, Frode Slupphaug på kontrabass og Kjartan Haugen Foss på gitar.
Musikarane representerer ulike generasjonar og musikalske bakgrunnar, men deler eit sterkt engasjement for runddansmusikken.
Berglund er opphavleg frå Næroset i Ringsaker, men har budd store delar av livet på Sunnmøre. Han har utdanning i klassisk akkordeon frå Norges musikkhøgskole og har gjennom trekkspelmiljøet på Sunnmøre utvikla ei djup interesse for folkemusikk og underhaldningsmusikk.
Kristina Farstad Bjørdal, frå Tennfjord, er blant landets mest etterspurde trekkspelarar og har utdanning frå både Norges musikkhøgskole og Det Kongelige Danske Musikkonservatorium.
Yngstemann i ensemblet er felespelar Åsmund Arnesen Farstad frå Volda, som alt har markert seg som finalist i IntroFolk og som A-klassespelemann på både fele og hardingfele.
Kontrabassist Frode Slupphaug har lang fartstid i gamaldansmiljøet, medan gitarist Kjartan Haugen Foss frå Lom er blitt eit ettertrakta namn i Gamaldans-Noreg.
– Vi har litt ulike bakgrunnar. Nokre av oss har studert på NMH, medan Kjartan til dømes jobbar som mjølkekontrollør i TINE. Det er eit privilegium å få med seg Frode Slupphaug og Kjartan Haugen Foss, som er eminente på bass og gitar.
Produsent for albumet er Jorun Marie Kvernberg, som også medverkar som musikar på to av spora.
Kvernberg har gjennom ei årrekkje arbeidd med tradisjonsmusikken frå Nordvestlandet, både som utøvar, komponist og formidlar. Ho har dessutan nære band til fleire av tradisjonane som blir løfta fram på plata.
Blant anna er Peter L. Rypdal, som har komponert både «Skåtårsmasurka» og «Klarinettpolka», bestefaren hennar.
Albumet inneheld også Kvernberg sin eigen prisvinnande reinlendar «Snu på flisa», som vart kåra til årets beste nye runddansleik i FolkOrg si tevling i 2020.
Med plata fylgjer eit omfattande og informativt platehefte.
– Eg set sjølv stor pris på informasjon om låttar. Det er få strøymtetenester som har med hefte, og det synest eg er dumt sjølv. Du får meir ut av det om du veit litt om musikken du lyttar til.
For Berglund og resten av ensemblet handlar ikkje Hivaren berre om å dokumentere ei musikalsk arv, men om å gi tradisjonen nytt liv. Gjennom nye arrangement og tolkingar ønskjer musikarane å vise at desse låttane har ein naturleg plass både på scena og dansegolvet.
– Eg håpar lyttarane vil få augo opp frå tradisjonsmusikken herifrå, og at folk sit att med eit godt inntrykk av Det er viktig for meg at det er musikken og slåttane i seg sjølv som skal vere i fokus på denne plata.
Hivaren blir lansert på Melovitten i dag, og Berglund har berre godord om samarbeidet:
– Dei ordnar alle små og store ting, eg er veldig nøgde med dei som plateselskap!
Tittel: Hivaren Utgjevar: Melovitten Lansering: 19. juni 2026 Produsent: Jorun Marie Kvernberg
Medverkande:
Innspeling, miksing og mastering: Tor Magne Hallibakken
Innspelt: Hallibakken lydproduksjon, 5.–9. januar 2026
Sist oppdatert
