Folkemusikk logo
Logo

Utforskar Eldegard-spel i duoformat

Fredag 26. juni slepper hardingfelespelarane Håkon Høgemo og Erlend Viken albumet Aordal, ei utgjeving der duoen fordjupar seg i slåttetradisjonen frå indre Sogn.

Håkon Høgemo og Erlend Viken testar ut slåttar frå Indre Sogn i duoformat. Foto: Eirik Havnes

Tekst: Pressemelding/redaksjonen

Albumet er bygd kring slåttar etter søskenparet Sigurd og Johanna Eldegard, sentrale tradisjonsberarar frå Årdal. Her møter den rytmiske og kraftfulle slåttemusikken frå indre Sogn nye arrangement for to feler.

– «Melodisk hev sogneslåtten eit eige lag til å tumla seg gjennom store intervall, og sluttkadensen kjem ofte noko brått og uventa. Det lydiske draget er særs sterkt i desse slåttane», skreiv folkemusikksamlaren Arne Bjørndal om slåttematerialet frå området.

Håkon Høgemo kjem frå Årdal og har eit sterkt musikalsk utgangspunkt i den lokale hardingfeletradisjonen. Erlend Viken har på si side feletradisjonen frå Oppdal som sitt musikalske heimland.

Dei to møttest første gongen då Høgemo underviste Viken i hardingfele ved Noregs musikkhøgskole i Oslo. Gjennom dette samarbeidet fekk Viken tidleg interesse for slåttane frå Årdal og særleg materialet etter Eldegard-slekta.

Aordal utforskar duoen moglegheitene i samspel mellom hardingfele og oktavfele, med nye arrangement av tradisjonelt slåttemateriale.

Albumet kjem ut på LP gjennom Nyenor 26. juni.

Sporliste

Side A

  • Springar etter Sjur Eldegard
  • Halling etter Sigurd S. Eldegard
  • Springar etter Svein Nesje
  • Vals etter Sigurd S. Eldegard
  • Pariserpolka etter Johanna Dahl Eldegard
  • Reinlendar etter Johanna Dahl Eldegard
  • Springar etter Sigurd S. Eldegard
  • St. Tomasklokkene etter Sigurd S. Eldegard

Side B

  • Halling etter Sigurd S. Eldegard
  • Reinlendar etter Johanna Dahl Eldegard
  • Hamborgar etter Wollert Johan Klingenberg
  • Polkamasurka etter Wollert Johan Klingenberg
  • Vals etter Torolv Eldegard
  • Springar og halling etter Torolv Eldegard
  • Springar etter Sigurd S. Eldegard
  • Årdalsvalsen etter Sigurd S. Eldegard

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024