
Arbeidarparti-regjeringa vil bruke 4,8 millionar kroner på å sikre dei norske folkemusikkarkiva. Dette kom fram i eit møte mellom kulturminister Lubna Jaffery og representantar frå folkemusikk- og joikefelta i regjeringskvartalet i dag.

Kulturminister Lubna Jaffery og statssekretær Trude Storheim hadde ein gledeleg beskjed med då Jon Iver Eira Tellefsen, Tanja Holmen, Aslak Brimi og Kristian Hanto tok turen til regjeringskvartalet i dag. Foto: Kulturdepartementet.
Tekst: Kjellbjørn Karsrud
Som magasinet Folkemusikk har skrive om tidlegare Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., er dagens arkivsystem på feltet vore utdatert, og det er stort behov for ei ny løysing. Arkiva inneheld store mengder lydopptak, film, fotografi, notar og dokumentasjon som i verste fall kan gå tapt.
– For Arbeidarparti-regjeringa er det viktig å sikre folkemusikkarven. Arkiva inneheld unikt materiale, og at vi no kan sikre dette, bidreg til at kunnskap, kulturuttrykk og tradisjonar ikkje går tapt, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
Dagens nasjonale fag- og katalogsystem, Fiol, blir no fasa ut fordi det er eit utdatert system basert på gammal teknologi som ikkje kan vidareutviklast.
Arbeidarparti-regjeringa løyver derfor 4,8 millionar kroner til å utvikle ei løysing for audiovisuelt materiale i den allereie etablerte fellesløysinga Digitalarkivet i regi av Nasjonalarkivet.
Løysinga skal fungere som eit fagsystem for lyd- og filmopptak, med moglegheit til å registrere og forvalte materialet på ein trygg måte, beskrive det med metadata og gjere det digitalt tilgjengeleg.
Fleire av institusjonane og organisasjonane som har jobba for saka var til stades då kulturminister Jaffery kunne overrekke den gledelege beskjeden. Blant desse var direktør i Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Tanja Holmen:
– Det er fantastisk og veldig gledeleg at statsråden og departementet tar dette grepet for ei kulturarv som har behov for eit spesielt vern og for å tilgjengeleggjerast. No har folkemusikkarkivmiljøa og støttespelarar jobba med dette i over ti år, så det er veldig gledeleg at dette er på plass.
Holmen understrekar at dei gler seg til å vera med og utvikle arkivsystemet. Folkemusikk- og joikearkiv er nemleg valde som prøvepilotar for dette prosjektet.
– Lyd og bilde er grunnsteinen for digital formidling av kulturarven i åra framover, seier Holmen.
Dei har peika på Nasjonalbiblioteket og deira arkivløysingar tidlegare, men Holmen har funne ut at dei vil rette seg etter at Nasjonalarkivet har vorte tildelt mandatet:
– Vi må omfamne det som no er lagt fram, for dette er rett og slett ei gåve. Dette blir heilt fantastisk!
Til stades var Jon Iver Eira Tellefsen frå Hjem for joik, som kom til etter intiativ frå Sametinget i 2018. Joiken har nokre fellestrekk med folkemusikken, men er samstundes noko heilt særeige. Joik er ein av dei eldste ubrotne vokaltradisjonane i Europa. Universitetsmuseet i Tromsø har det største joikearkivet i verda, med mellom 10 000 og 12 000 innspelingar.
Joikens hjem skal samle det fragmenterte joikelandskapet og vere eit kompetansesenter som støttar arbeidet sivilsamfunnet har gjort, og bidra til å ta vare på, formidle og vidareutvikle joiken.
– Arkivet er ein sentral del av dette arbeidet, og vi er glade for å vere ein del av initiativet. Det blir flott å samle alt i éin institusjon og å samarbeide med Nasjonalarkivet og det svært engasjerte og profesjonelle folkemusikkmiljøet, seier Jon Iver Eira Tellefsen, prosjektleiar for Institusjonelt hjem for joik.
FolkOrg var representerte med styreleiar Kristian Hanto og dagleg leiar Aslak Brimi. Også Brimi er nøgd med dagens etterlengta beskjed, for folkemusikkarkiva har ropt varsku i 10–15 år om at programvara deira er utdatert.
– Dette har vorte verre og verre, og dei siste åra har det vorte kritisk. Vi har arbeidd for at politikarane skulle ta dette på alvor. Vi har etter kvart hatt god dialog med politisk leiing i Kulturdepartementet. Dei har høyrt oss, teke oss på alvor, og nå bestemt at det må gjerast noko med. Dette viser at når vi står i lag og kjempar for ei sak, så gjev det resultat!
Ei audiovisuell løysing har vore ønskt av mange, og fleire aktørar på feltet, som Norsk senter for folkemusikk og folkedans og FolkOrg, stiller seg bak løysinga som no er vald. Det gjer også Sametinget. For Jaffery er det viktig å utvikle ei brukarvenleg og ikkje-kommersiell løysing som kan nyttast av fleire felt på sikt.
– Denne løysinga vil kome alle aktørar i arkiv-, bibliotek- og museumssektoren til gode, og eg er glad for den breie støtta i feltet og at Nasjonalarkivet tek denne viktige jobben. Det er viktig at den nye løysinga både tek vare på faglege behov og er brukarvennleg, og at folkemusikk- og folkedansfeltet blir særleg ivareteke i arbeidet, seier Jaffery.
Løysinga vil bli ein viktig del av den digitale infrastrukturen for immateriell kulturarv og vil også gi betre tilgang til joik og andre vokalarkiv frå det samiske sivilsamfunnet.
Nasjonalarkivet reknar med at utviklingsarbeidet vil ta eitt år.
Sist oppdatert
