Folkemusikk logo
Logo

Fem på Landskappleiken: Kva forbind du først og fremst med Setesdal?

Setesdal vekkjer mange assosiasjonar. Nokon tenkjer først på gangaren og hardingfela, andre på bunader, legendariske spelemenn og sterke musikkopplevingar. Og éin meiner setesdølane eigentleg berre er telemarkingar – «men litt meir».

Tekst og bilde: Kjellbjørn Karsrud.

Ane Ledang, Oslo

Eg forbind det med den bunaden der det ser ut som alle mennene har trekt buksa godt over navlen. Den er veldig flott, men ser veldig varm ut.

Ane Ledang og Jørgen Skjulstad (også kjend som DJ Sissyfys).

Jørgen Skjulstad, Oslo

For meg er det folkemusikken. Det første eg tenkjer er Setesdalsgangar. Også tenkjer eg på det Hallvar Bjørgum-sitatet: «Det finst berre ein dans, og det er gangar, det er berre ei elv, og det er Otra, det er berre éin fisk og det er aure, også er det éin type vin – brennevin!»

Hilde Reitan, Vågå

Det er den særeigne hardingfeletradisjonen – slåttetradisjonen. Eg høyrde Torleiv Bjørgum på vanleg fele for mange år sidan, og eg vart heilt bergtatt!

Tidlegare FolkOrg-leiar Hilde Reitan.

Bjørnar Blaavarp Heimdal, Nore

Det er Skjoldmøyslaget! Det er då me studerte i Rauland og høyrde på Skjoldmøyslaget til Bjørgumen, såg på solnedgang over Totak og sat og nidigga setesdalsspel – det var rock’n roll! Og det gjekk også i Fyrispelet til Olav Heggland og den pakka der.

Dansar og spelemann Bjørnar Blaavarp Heimdal.

Johan Vaa, Rauland

Dei er som oss telemarkingar, men litt meir!

Folkemusikknestor Johan Vaa.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024