Folkemusikk logo
Logo

Kjorstad og Tronrud inn i historiebøkene

Både Rasmus Kjorstad og Sindre Tronrud kunne i år for første gong ta imot sigeren i to av dei gjævaste soloklassene på Landskappleiken.

Rasmus Kjorstad og Sindre Tronrud vann båe for fyrste gong høvesvis Fele klasse A og Hardingfele klasse A. Foto: Kjell Bitustøyl og FolkOrg/Thor Hauknes.

Tekst: Kjellbjørn Karsrud

Premieutdelinga i vanleg fele A fekk ei uventa vending. Konferansieren las opp Aslak Brimi som vinnar framfor Astrid Sulheim og Rasmus Kjorstad, og dei tre gjekk av scena for å ta vinnarbiletet. Nokre minutt seinare kom Brimi, som også er dagleg leiar i FolkOrg, tilbake på scena med ei melding: Det hadde skjedd ein feil. Den rette vinnaren var Rasmus Kjorstad.

Kjorstad fortel at dei hadde gått bak scena for å ta bilete då beskjeden kom om at noko var gale. Konferansieren hadde fått med seg feil premieliste opp på scena.

– Kva gjekk gjennom hovudet ditt då du skjønte at du var vinnaren?
– Det kom veldig brått på, men Astrid og Aslak var over seg og glede på mine vegner, så det var kjempestas!

Sjølv meiner Kjorstad at den uventa vendinga hadde ein fordel.

– Eg veit ikkje om eg likar den løysinga om at topp tre skal stå der oppe og vise fram reaksjonen sin på ei scene, så slik sett var det fint å få veta det der bak scena i lag med dei andre.

Rasmus Kjorstad fekk seg ei hyggeleg overrasking etter premieutdelinga. Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal.

Ville finne roa

Fram mot tevlinga handla førebuingane først og fremst om å finne den rette kjensla.

– Eg har spelt ein del i vår. Ein time før eg spelar så er det å hanke inn nokon som vil høyre gjennom.

Han fekk dermed med seg eit venepar på øvingsrommet som høyrde gjennom og «godkjende» låttane.

– Elles har eg hatt fleire år med gode sceneopplevingar, så det handla berre om å finne roa.

– Kva var tanken bak låttevala i år?

– Det har vore litt att og fram med kva eg skal spela. Så kom Erik med ein ny leik i slutten av mai. Eg hadde eigentleg tenkt å ta ein annan, men han meinte at denne ikkje var god nok, så då var det berre å øve inn denne.

Kjorstad trekkjer særleg fram Erik Bjørke si rolle i arbeidet med denne låtten – springleiken Rustværen.

Den er nemleg basert på notenedskrifter som er ei slags beingrind, og Bjørke har utforma og «vekt låtten til live att» ut frå notar som er frå høvesvis samlingane etter Einar Övergaard og Pål Kluften. Dei skreiv ned denne etter Iver Storodden frå Nord-Fron med 30 års mellomrom.

Som lått nummer to plukka han ein Goro-leikversjon etter Erling Kjøk, som skal skrive seg attende til den legendariske Prillar-Guri.

– Det er vanskeleg å finne gode hallingar som ikkje er mykje brukt. Difor vart det artig å bruke Goro-leikjene til Erling Kjøk – dei er ikkje så mykje brukt i denne utforminga.

Etter framføringa sat han att med ei god kjensle.

– Eg var veldig nøgd med spelinga, så eg er glad for at eg ikkje var misnøgd med mitt eige spel var det når eg først vann.

– Ein milepæl

Sjølv om han prøver å halde merksemda på musikken framfor plasseringa, innrømmer Kjorstad at sigeren har vore ein draum.

– Målet må vera å få det til på ei scene og at ein har det godt når ein sit der, så ein ikkje har det vondt. Det er kjempestort å vinne A-klassa, så om eg ikkje har tenkt på det, så har eg drøymt om det. Ein milepæl!

– Kven eller kva har vore viktigast for utviklinga di fram mot denne sigeren?

– Det er Erik Bjørke først og fremst. Det er han eg har spelt denne musikken mest med, også er det syskena mine.

Han er den tredje frøningen som har vunne Landskappleiken etter Øystein Rudi og Nina Furuli.

– Det er artig at alle oss tre er frå same grenda i Ryssland.

Samtidig er han ikkje så oppteken av at ein skal halde seg innanfor kommunegrensa når ein vel låttar. Tvert om ønskjer han eit friare syn på stilgrenser i Gudbrandsdalen.

– Eg er ikkje så nøye på desse grensene, så eg spelar det eg vil frå Gudbrandsdalen. Eg trur ikkje det har vore så mykje fokus på dette tidlegare, og låttane har vandra mykje. Det er likevel stas å bruke noko frå heime, og Rustværen trur eg ikkje har vore brukt på kappleik før!

Surrealistisk augeblikk

I hardingfele A var det Sindre Tronrud som kunne juble for sin første siger. Han slit framleis med å skildre kjensla då vinnarnamnet vart lese opp.

– Eg kunne eigentleg ikkje tru det. Det var eit surrealistisk augeblikk. Det var heilt sjukt!

Sindre Tronrud kunne ikkje tru det han høyrde då namnet hans vart lese opp som vinnar av Spel hardingfele klasse A. Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal.

Tronrud meiner mykje av grunnlaget vart lagt gjennom jamn aktivitet heile våren.

– Eg har drive med mange prosjekt i det siste, så eg har fått spelt mykje. Det vart mykje dansespeling på Landskappleiken, så eg fekk spelt mykje der òg.

Som eitt av dei fyrste startnummera i ei tevling som begynte klokka 10.00 laurdagsmorgonen, fekk han stått opp tidleg, vart påspandert eit glas sider, kledd på seg bunaden og tusla bort på øvingsrommet.

Prosedyren er å spele dei låttane han har sett for seg at han skal stille med, eller teste ut fleire om det ikkje klaffar heilt. Deretter å få reinstemt fela skikkeleg, så ein slepp å gjere det på scena.

– Kva var tanken bak låttevala i år?

– Det var å spele det eg følte for og det eg hadde lyst til å spele. Eg hadde spelt ein del på Skjemt og alvor av Ola Okshovd i det siste, så då tenkte eg å ta noko som kunne komplementere dette på ein måte.

Dermed utpeika meisterstykket Spelemannsprøva seg. Han vurderte likevel endringar heilt fram mot tevlinga.

– Eg prata med Sivert Holmen om at han òg hadde tenkt å ta Spelemannsprøva, så eg hadde tenkt å teste ut ei anna rengje, men det vart det ikkje tid til på øvingsrommet.

Ville berre spele

– Har du hatt denne sigeren som eit konkret mål?

– I år gjekk eg inn for å ikkje tenkje så mykje på resultat, berre spele. Men det har jo vore eit overordna mål å vinne ein eller annan gong i karrieren, som det sikkert er for fleire av dei som stiller i A-klassa.

– Kven eller kva har vore viktigast for utviklinga di fram mot denne sigeren?

– Eg må trekke fram Jan Beitohaugen Granli som den største inspirasjonen. Eg har jo hatt Jan Beitohaugen Granli som lærar sidan eg begynte, så han skal ha mykje av æra for dette.

Samtidig har han hatt fleire lærarar oppgjennom som har vore fine å hatt med seg, både gjennom utdanning, spelkurs og spelmøte. Når det gjeld stilideal, peikar Tronrud på eit sentrale førebilete i tillegg til Beitohaugen Granli.

– Eg har kanskje høyrt og gått mest etter Torleiv Bolstad.

PS! Å vinne Landskappleiken er rekna for å vera det gjævaste ein norsk folkemusikarar kan oppnå. Det var også god deltaking i båe klassene i år med 25 møtande i Hardingfele A og 19 møtande i vanleg fele A. Det vart snakka om at det var deltakarrekord i Hardingfele A, men etter innspel frå Johan Vaa og ein sjekk i gamle resultatlister, har me funn to kappleikar med høgare deltaking i Spel hardingfele klasse A:

Fagernes 1978: 28

Rauland 1994: 26

Oversikt over landskappleikvinnarar gjennom tidene kan ein finne her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024