
Kjell Bitustøyl stiller spørsmål om programleiarane på Landskappleiken har fått for stramme tyglar.

Lom spelmannslag toppa den 30 lag store lagspelklassa under årets landskappleik. Programleiar for klassa, Kjell Bitustøyl, stiller spørsmål om programleiinga blir for formalistisk med dagens rettleiingar frå FolkOrg. Foto: FolkOrg/Thor Hauknes
Ytring av Kjell Bitustøyl
"Jag vil inte gräva jorden, jag vill inte hugga ved,
jag vill drömma under häggarna tills solen hon gått ned.
Och i kvällens röda brand ska jag stå upp med min fiol
och spela tills ert öga lyser hett som en sol."
Slik skriv poeten Dan Andersson. Eg vil med denne smakebiten av det nydlege diktet "Spelmannan" (som Sigrid Moldestad har laga om til ein fin nynorsk tekst, pluss ny vakker melodi) og med fotoet av vinnar av klasse A vanleg fele på Landskappleiken, Rasmus Kjorstad, - rette litt fokus mot eit fenomen som eg har opplevd på denne kappleiken.

Rasmus Kjorstad, vinnar av vanleg fele klasse A. Foto: Kjell Bitustøyl.
Tevlingane blir meir og meir prega av at det er det tekniske er det viktigaste, medan poesien og kunsten kjem meir i bakgrunnen. Og dette er ikkje ein kritikk mot årets arrangør som gjennomførte Landskappleiken på ei framifrå måte, så langt eg kunne sjå. Men arrangementet har blitt så stort og deltakarane så mange (som er eit luksusproblem), at tevlingane må gjennomførast endå meir effektivt enn før.
Som programleiar på lagspel saman med to andre, fekk ein klar beskjed i instruksen om at programleiarane berre skal opplyse om kven som spelar og kva dei spelar, og minst mogleg utanom- snakk. Det er utøvarane og publikum som er i fokus, og det er heilt greitt.
Samtidig har ein eller annan, truleg inspirert av Hallgrim Berg, bestemt at under hardingfele klasse A og fele klasse A skal det opplysast om kva instrument dei spelar på, altså kven som har laga dei og når, ja, til og med bogane blei kommentert inni blant!
Om dette ikkje tok mykje tid, blei det likevel litt rart, då dette stundom òg blei gløymt av programleiarane, forståeleg nok. Medan lite og inkje blei sagt om slåttane, slåttekomponistane eller dei som framførte dei. I denne settingen meiner eg faktisk at dette er ei avsporing. Det er slåttekomponistane eller dei som har ført dei vidare, og aller mest dei som framfører dei, som bør vera i fokus, det er her det kunstnariske ligg.
Å byggje feler er sjølvsagt både eit handverk og ein kunst blant dei verkeleg gode. Alle felene som var i bruk under A-klassene er nok i denne kategorien. Likevel høyrer dette heime i ein annan kontekst etter mi meining. Så må det òg vera lov til å stille spørsmål ved kor mange av publikum i salen som eigentleg bryr seg om, eller vil fokusere på kven som har bygt instrumentet, når dei skal opne sinnet sitt for musikken som strøymer ut frå scenen.

Er det relevant for publikum å få vete kva for instrument A-klassevinnar Sindre Tronrud har spelt på? Foto: FolkOrg/Hans Hjemdal.
Ein må spørje seg kva slags forestilling ei eliteklasse på Landskappleiken skal vera: Skal det vera mest mogleg rasjonelt for å spare tid, eller skal der vera rom for at programleiarane, sjølvsagt innafor stramme rammer, òg kan tilføre presentasjonane litt av sitt eige for å skape både god stemning og ein atmosfære for ei god og rik musikkoppleving.
At Landskappleiken har så mange deltakarar at ein må køyre så stramt, er eit tankekors. Tidlegare har ein vore inne på dette med kvalifisering til f.eks. B-klassene, er det ein veg å gå? I alle høve må ein tenkje gjennom korleis ein skal presentere det beste me har av folkemusikk, også med tanke på å rekruttere publikum til A-klassene.
Så vidt eg kunne observere, var det meir glissent under A-klassa på Hovden enn eg har opplevd tidlegare. Samtidig blei det fortalt, eg var ikkje der, at opningskonserten trekte fullt hus onsdagskvelden, rundt 1300 var inne blei det sagt.
Eg vil samtidig rette ein takk til alle dei framifrå utøvarane som gav oss store opplevingar! Og rett skal vera rett: Det var ikkje berre gledeleg at der kom ein ny vinnar av klasse A fele, men også han som toppa klasse A hardingfele, Sindre Tronrud, var vinnar for fyrste gong! Det er berre å gratulere!
Ytringa var fyrst publisert på skribenten sin Facebook-profil.
Sist oppdatert
