Folkemusikk logo
Logo

Finalevinnarane trekkjer fram fellesskapet

Dei fire som til slutt kunne krone seg som vinnarar av dei tre finalane på Landskappleiken, meiner det viktigaste for å få ei god oppleving er det som skjer i samspel med andre – både på og av scena. Sjølv om det er tevling, handlar kappleiken i hovdsak om dansen og musikken og gleda ved å dele det, meiner vokalvinnar Silje Risdal Liahagen.

Solveig, Ole og Synnøve

Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen vann kongepokalen på Hovden. Her med musikar Synnøve Brøndbo Plassen som tralla til dans for dei. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg

Tekst: Johanne Flottorp. Foto: Thor Hauknes

Silje Risdal Liahagen vann vokal A i år. Finalane på Landskappleiken er noko ho alltid har fått med seg, så å stå der sjølv var utrulig stas, fortel ho. Opplevinga blei ekstra spesiell fordi ho var der saman med Synnøve Brøndbo Plassen og Lars Fivelstad Smaaberg.

– Synnøve, Lars og eg sat saman før tevlinga på fredag for å synge for kvarandre, trygge kvarandre, og sørgje for at me fekk ei god oppleving. Det er noko eg har drive med dei siste åra, for det har vore litt opp og ned det å stille på kappleik. Eg har tenkt at eg ikkje treng å sitte med dei nervene aleine, så eg vil sørge for at eg kan få det fint, og prøve å gjere tevlinga litt meir sosial, rett og slett, seier Silje.

På øvingsrommet prata og song dei. På førehand hadde Silje bestemt seg for visa ho skulle synge, men ho var litt usikker på kva slått ho skulle tralle.

– Men når ein testar ut ting foran andre kjenner ein fort kva ein får ei god kjensle av, seier ho.

Silje skildrar finalen som ei stor, men intens oppleving.

– Det er det mest lydhøyre publikummet som finst. Og ein vil jo gjerne yte repertoaret rettferd, seier ho.

 

Silje Risdal Liahagen under Meisterkonserten, der ho blei ropt opp som vinnar av Vokal A. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg

 I finalen gjekk ho for ein religiøs folketone og ein hallingspringar som ho tralla.

– Dette er materiale som har følgt meg lenge og som eg er veldig glad i. Eg liker ting som er litt utfordrande, og eg får eit «kick» av å gjere ting som er litt vanskelegare. Det må ligg ein gnist der, at eg føler det er noko spesielt eg vil få ut eller at det er noko som fortener å bli høyrt, seier Silje.

– Korleis var det å bli ropt opp som vinnar?

– Skikkeleg stas. Eg kjente meg att i det Rasmus (Kjorstad, som vann Fele A) sa. Eg har ikkje sett for meg at dette skulle skje og har ikkje hatt det som mål, men det er likevel ein draum som går i oppfyllelse, seier Silje.

 Avslappa og triveleg

Solveig Brekke Hauknes og Ole Nilssen tok sigeren i Dans fele A og fekk med det også kongepokalen.

Klassa i Dans fele A er ein stor kompisgjeng, og mykje familie også for Ole sin del. I tillegg til å danse sjølv, spelte han også til dans for far Stig Nilssen og søster Anne Nilssen Grytting i finalen. Men allereie tidlegare på dagen, sytte dansegjengen nok ein gong for låge skuldrar og god stemning under tevlinga.

– Det er veldig avslappa og triveleg i den klassa, både når ein heng rundt scena og på øvingsrommet. Nå har me vel i nesten 10 år hatt ein felles lagdans på slutten, med dommarar og programleiarar, fortel Ole Nilssen.

Å vere ilag og ha det kjekt er viktigare enn konkurransen, meiner han.

Dansepartnar Solveig er også ening i at Dans fele A er ei god klasse å vere del av.

– Det er veldig koselig. Me er ikkje så stor gjeng, me var vel ni par nå. Så klassa går ganske fort, og Ole spelte for to par før oss, så då er det felles øvingsrom der ein henger i lag. Me er også perfekt lagdansmengde, så det er veldig koselig å feire at ein er ferdig med å ta ein fellesdans. Det er kanskje den dansen som er den artigast på kappleiken. Den er bare for å lage liv, og me viser at me er ein gjeng som støttar kvarandre, seier Solveig.

Dans fele A blei avslutta med ein fellesdans. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg

 

Kongepokal nummer to for Ole

I 2022 fekk Ole kongepokal i durspel. Opplevinga då var ei litt anna enn denne gongen.

– Det er ufattelig kult å ha fått kongepokal både i dans og speling, men på spelinga var det veldig overraskande. Eg hadde aldri vunne Landskappleiken i speling før og var veldig overraska og sjokkert. Det var litt annleis her, for dans har me vunne fleire gonger før. Så det var kanskje meir kjensla av å vere letta og førnøgd her, ikkje like sjokkert. Men det var veldig moro at me klarte å få det til, seier Ole.

Årets kongepokal som han deler med Solveig, har blitt med henne til Vågå.

– Ole kunne jo ikkje ha to pokalar, ler Solveig.

I dans fele A var Silje Risdal Liahagen programleiar, og ho rosar denne klassa for å klart noko spesielt.

– For ein god energi! Alle unner kvarandre å ha det fint, og alle bak scena er kjempeblide. Eg er fan av å kople det sosiale i musikken saman med kappleiken, så det ikkje blir så stort gap. Ja, det er tevling, men det handlar først og fremst om dansen og musikken, og gleda ved å dele det, seier ho.

Jaktar på overskot og leik

– Eg liker namnet kapp-leik. Det skal kappast på ein leiken måte, og det er jo artig, bare ikkje det blir for seriøst. Men det er artig å kjekle litt med dei andre på øvingsrommet, eg føler me er ein stor vennegjeng, seier Ådne Geicke Kolbjørnshus, som dansa finale i halling og vann denne.

– Finale er alltid spennande og artig. Det eg har aller mest lyst til, er å finne god flyt, overskot og leik i dansen. No trefte eg bra i samspelet med musikaren, og det er det som er målet. Så når ein får ei god kjensle, er ikkje resultatet så nøye, seier Ådne.

 

Ådne Geicke Kolbjørnshus i eit kast under Meisterkonserten. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg

Ådne Geicke Kolbjørnshus i eit kast under Meisterkonserten. Foto: Thor Hauknes/FolkOrg

 Han fortel om ein morosam finale, der han også hadde unt dei andre finalistene Torjus Westeng Bakken og Håkon Aasen sigeren.

Å få ein ny sjanse etter den vanlege tevlinga, synest han er fint.

– Når ein har vore utpå ein gong, og det har gått relativt bra, då er det ikkje like viktig. Eg hadde ingen konkret plan i tevlinga, men etterpå kom eg på ting eigentleg ville gjort. Då må eg prøve å hugse på det til neste gong, så då er det fint å få ein sjanse til, seier Ådne.

Han fortel at han alltid blir inspirert når han reiser heim igjen frå Landskappleiken.

– Eg har alltid mange idear på ting eg vil lære meg eller bli betre på, men når Landskappleiken kjem blir ein litt tatt på senga og då kan ein fort gå litt i gamle mønster. Men difor er det så artig å sjå på dei andre klassene. Då får eg lyst til å lære meg meir og engasjere meg endå meir i dansen, seier Ådne.

Sist oppdatert

Gjekk du glipp av desse sakene?

Postadresse

FolkOrg
Møllergata 39
0179 Oslo

Org. nr.: 959390940
Kontonr.: 1600.20.36375

Besøksadresse

Møllergata 39
0179 Oslo

Redaktør: Kjellbjørn Karsrud
Journalist: Johanne Flottorp

Copyright © 2024